On being a scientist (2016)
UNDERVISNINGSFILM. Ein premiert professor blir ønskt velkommen tilbake til universitetet for å heidrast. Men er det verkeleg han som burde motteke den prestisjetunge prisen?
Dette er utgangspunktet i filmen «On Being a Scientist». Målet til nederlandske Leiden Universitet, var å laga ei engasjerande forteljing som eit utgangspunkt for undervisning i forskingsetikk.
- Me ville sjå om film er eit effektivt middel for denne typen undervisning, og me var så heldige å få med oss ein av dei fremste regissørane våre, sa produsent Remco van Schadewijk då han viste delar av filmen under verdskonferansen for forskingsintegritet (WCRI) i Amsterdam i 2017.
Filmen tek for seg dei store spørsmåla knytt til forskaren og forskinga si rolle i samfunnet. Samtidig kjem ho inn på dei meir konkrete utfordringane forskarar kan møta på, som rett og etisk metodeval. Eit viktig poeng for filmskaparane var å gå inn på dei mange gråsonene innan forskingsetikk.
Manuset er utvikla ut frå visse læringsmål, og filmen er delt inn i ni delar, slik at ein kan velja å sjå han i episodar eller under eitt. Ved Leiden Universitet blir den no brukt i undervisninga for å introdusera studentar for potensielle utfordringar dei kan møta på i forskarkarrieren.
Universitetet forskar no for å finna ut kor effektiv undervisninga er.