Hopp til hovedinnhold

Vikariat: Jurist i De nasjonale forskningsetiske komiteene

Vi søkjer ein jurist som er interessert i forskingsetikk og har erfaring innanfor statleg forvalting til eit årsvikariat frå 15.11.2021, med moglegheit for forlenging.

Ettersom sakshandsaming for Den nasjonale forskingsetiske komiteen for medisin og helsefag (NEM) vil utgjere ein stor del av arbeidsoppgåvene, er erfaring frå juridisk arbeid innanfor NEM særleg viktig.

Arbeidsoppgåver

  • betjene sekretariat og komitear med varierte juridiske oppgåver, der hovudvekta vil vere på oppgåver innanfor statleg forvalting – klagesaker, forvaltingsrett
  • hjelpe sekretariat og komitear med juridiske utgreiingar
  • bidra til skriving av høyringssvar, vedtak og fråsegner
  • assistere med lovtolking
  • vere diskusjonspartnar

Kvalifikasjonskrav

  • Master i rettsvitskap eller anna tilsvarande høgare juridisk utdanning
  • 3–5 års relevant arbeidserfaring innanfor statleg forvalting
  • Særs gode norsk- og engelskkunnskapar skriftleg og munnleg

Vi kan tilby eit hyggeleg arbeidsmiljø sentralt i Oslo sentrum. 

Les meir og søk stillinga her: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/210636/jurist-for-dei-nasjonale-forskingsetiske-komiteane-vikariat