Personvern og cookies

Vi brukar informasjonskapslar/cookies på nettsida vår for å samle statistikk om bruken av sida.

Frå 1. juli 2013 må alle som er ansvarlege for ei nettside og brukar informasjonskapslar (cookies), innhente samtykke frå brukarane. Dei må derfor også informere klart og tydeleg at dei brukar informasjonskapslar, og kva formål dei brukar kapslane til.

Reglane i den reviderte lova om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) gjeld frå 1. juli 2013, og har fått ein ny paragraf om vilkår knytt til lagring av opplysningar i kommunikasjonsutstyr - den såkalla «cookieparagrafen» i § 2-7 b. Paragrafen er ei lovfesting av det som tidlegare var regulert § 7-3 i ekomforskrifta, men i noko utvida og endra form.

Under finn du informasjon om Dei nasjonale forskingsetiske komiteane sin bruk av informasjonskapslar. Dei fleste nettlesarar er stilt inn slik at dei automatisk aksepterar informasjonskapslar. Når du hentar informasjon eller bruker tenestar frå forskningsetikk.no samtykkar du difor samstundes til at det blir sett informasjonskapslar på maskina di. Om du ikkje aksepterar bruk av informasjonskapslar kan du stengje av dette i sikkerheitsinnstillingane i nettlesaren din. Ver da merksam på at tenestene på nettstaden ikkje vil fungere optimalt.

Forskningsetikk.no nyttar desse informasjonskapslane:

Google analytics

Google Analytics er ei nettanalyseteneste levert av Google, Inc. ("Google"). Google Analytics nyttar informasjonskapslar for å analysere korleis brukarane nyttar nettstaden. Informasjonen som vert generert av ein slik informasjonskapsel ved bruk av den aktuelle nettstaden, inkludert IP-adressa di, vert sendt til Google og lagra på serverar i USA. Vi nyttar anonymizeIP, ein funksjon som gjer at ein enkeltbrukar ikkje kan identifiserast. Google nyttar denne informasjonen for å vurdere korleis nettstaden vert nytta, for å lage rapportar om aktivitetar på nettstaden for eigaren av nettstaden, samt for å yte andre tenester knytt til aktivitetar på nettstaden og bruken av Internett.

Google kan og overføre denne informasjonen til ein tredjepart dersom det er krav om dette i lov, elle dersom nokon handsamar informasjonen på vegne av Google. Google vil ikkje kople IP-adresse di med annan informasjon Google har.

Forskningsetikk.no nyttar Google Analytics for å analysere bruken av nettsidene våre. Vi får informasjon om kva sider som får flest besøk, kor brukarane kjem frå, på kva tidspunkt sidene er mest besøkt osv.

AddThis

Desse informasjonskapslane er tredjeparts informasjonskapslar som er laga av AddThis. Dei let brukarar dele innhald via nettstader for sosiale media, samt e-post. Om du bruker delefunksjonen, kan AddThis lagre ein informasjonskapsel på maskina di for å gjere det enklare å nytte tenesta neste gang. Berre vilkårleg genererte tal vert lagra. Ingen personleg eller identifiserande informasjon vert lagra.

Informasjonskapslane knytt til AddThis er tredjeparts informasjonskapslar som ikkje vert nytta av forskningsetikk.no direkte. Forskningsetikk.no nyttar AddThis for å la brukarar av forskningsetikk.no dele innhaldet på sidene i sosiale media, via e-post eller andre digitale kanalar.

Tredjeparts spørjingar/third party requests

Dette er spørjingar som er laga av ein brukar til ein ekstern tenesteleverandør. Trass i at desse spørjingane ikkje set nokon informasjonskapslar, kan dei likevel overføre informasjon til ein tredjepart. Google Analytics arbeider gjennom tredjepartsspørjingar.

Trekke samtykke eller slette informasjonskapslar

På Nettvett.no, Post- og teletilsynet sin nettstad for informasjon, råd og rettleiing om sikker bruk av Internett, finn du meir informasjon om korleis du administrer informasjonskapslar.

Personvern

20. juli 2018 trådde ny lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven) i kraft. I samband med ikraftsetjinga, vart EU si personvernforordning [GDPR] gjort til norsk lov.

Personopplysningsregelverket stiller ei rekke krav til handsaming av personopplysningar, og legg vekt på registrerte personar sine rettar i forhold til handsaming av slike opplysningar. 

I følgje personvernregelverket har ikkje den behandlingsansvarlege høve til å lagre personopplysningar lengre enn det som er nødvendig for å gjennomføre formålet med behandlinga. Personopplysningar som ikkje kan slettast, skal oppbevarast i samsvar med dei retningslinene som er gitt i Arkivlova med forskrifter.

De nasjonale forskningsetiske komiteene handsamar personopplysningar i tråd med desse reglane. Du finn vår personvernerklæring her