Hopp til hovedinnhold

Personvernombod

De nasjonale forskningsetiske komiteene har eit eige personvernombod, i tråd med krava for offentlege myndigheiter. Vårt personvernombud er Torunn Ellefsen.

Dersom du har spørsmål om vår handsaming av personopplysningar, hovudsakeleg opplysningar om deg sjølve, kan du kontakte personvernombodet. Det kan til dømes vera spørsmål om innsyn i eigne personopplysningar behandla av De nasjonale forskningsetiske komiteene. Les òg personvernfråsegna vår. Personvernombodet kan også gi deg råd i slike spørsmål.

Kontakt personvernombodet vårt per e-post:
personvernombud@forskningsetikk.no

Eller per post:
De nasjonale forskningsetiske komiteene v/personvernombodet
Kongens gate 14
0153 Oslo

Har du generelle spørsmål om personvern og rettane dine, kan du kontakte Datatilsynet.