De nasjonale forskningsetiske komiteene

DE NASJONALE FORSKNINGSETISKE KOMITEENE Gir råd og utsegner om forskningsetikk innan alle fagområde

Visste du at komiteane og utvala våre er fagleg uavhengige? Dei består av forskarar, andre fagfolk og lekfolk som saman forvaltar forskingsetiske retningsliner og rettleiarar, og dessutan relevant lovverk.

Den nasjonale forskningsetiske komité for medisin og helsefag (NEM) er klageorgan for Regionale komiteer for medisinsk og helsefaglig forskingsetikk (REK) og gjer vedtak som gjeld medisinsk og helsefaglig forsking. Desse forskingsprosjekta må ha ei førehandsgodkjenning.

Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitenskap og teknologi (NENT) utarbeider retningslinjer innan fagområdet sitt, og gir rådgjevande utsegner basert på desse i saker dei får inn eller tar opp på eige initiativ.

Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora (NESH) jobbar på same måte som NENT, men innanfor fagfeltet sitt. NESH har nyleg gitt ut retningsliner for samfunnsvitskap og humaniora. 

Nasjonalt utvalg for gransking av uredelighet i forskning (Granskingsutvalget) følgjer opp arbeidet til institusjonane med uredelighetssaker etter forskingsetikklova og er klageorgan for saker behandla ved institusjonane, og der utsegner konkluderer med vitskapleg ureieligheit.

Nasjonalt utvalg for vurdering av forskning på menneskelige levninger (Skjelettutvalget) er eit tverrfagleg utval i De nasjonale forskingsetiske komiteene som gir råd om forsking på menneskelege leivningar og utarbeider rettleiarar på dette feltet.

Alle komitear og utval gir råd om forskingsetikk, reiser på institusjonsbesøk og held foredrag. Dei har eit felles sekretariat som bistår i arbeidet. Dersom du har spørsmål, ta gjerne kontakt med sekretariatet.