Ny strategi på plass

Internasjonalt samarbeid, forsking på tvers av sektorar og det forskingsetiske ansvaret til aktørar som ikkje er omfatta av forskingsetikklova. Desse er sentrale punkt i den nye strategien til De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK).

De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK) skal bidra i den globale utviklinga av forskingsetikk. Slikt samarbeid utgjer ein grunnleggande føresetnad for at FEK skal kunna vera ein ressurs for forskarar, forskingsinstitusjonar, og for andre aktørar som legg premissar for, bruker eller på andre måtar er involverte i forsking, og for samfunnet elles.

Regjeringa har fastsett nokon overordna mål for norsk forsking dei kommande åra. Det vil påverka kva forskingsområde som blir prioriterte, korleis forskinga blir gjennomført, kven som gjennomfører ho og kven som får tilgang på ho. Dette har implikasjonar for forskingsetiske normer. Overordna ser FEK at forsking på tvers av sektorar, der forskarar i aukande grad samarbeider med andre utanfor forskingsinstitusjonane, gir nye moglegheiter for kunnskap. Samtidig utfordrar slikt samarbeid forskingsetiske normer og forsterkar behovet for at forskingsetikken rettar seg mot mange aktørar.

FEK er òg opptatt av å styrka medvitet om forskingsetikk i offentlegheita, og ser dette arbeidet som avgjerande for å bidra til å styrka tillit til forsking.

Slik blir strategien til FEK for 2021-2025 innleidd. Strategien er utarbeidd av ei arbeidsgruppe med representasjon frå alle komitear og utval i FEK.

Last ned strategien (pdf)