Ser samanheng mellom arbeidsmiljø og brot på god skikk

Forskarar som har observert brot på god forskingspraksis, svarar meir negativt på spørsmål om eiga arbeidsmiljø. Det viser nye funn frå forskingsprosjektet Research Integrity in Norway (RINO), som blei lagt fram fredag under Lederforum for forskningsetikk.

– Svarar ein at ein har observert brot på god forskingsskikk, er det også ein klar tendens til at ein svarar meir negativt på spørsmål om arbeidsmiljø, om utviklinga for forskinga meir generelt og at hierarkiske strukturar er dominerande, seier Johs Hjellbrekke, professor ved UiB og medlem i arbeidsgruppa til RINO.

Han viste fredag fram nye analyser frå materialet samla inn gjennom RINO-prosjektet i 2018. Nær 7300 forskarar svara på spørjeundersøkinga. Dei svara på kva tvilsamme praksisar  (Questionable research practices, QRP) dei hadde observert og teke del i: som tildeling av gåveforfattarskap og bruk av forskingsdata når det er usemje om eigarskapet (sjå alle praksisane som vart undersøkt i den fyrste rapporten frå RINO). Dei svara også på påstandar om eiga arbeidsmiljø, til dømes om forskingsetikk diskuterast regelmessig. Hjellbrekke fann særleg ei interessant gruppe.

– Det store, store fleirtalet har ikkje observert tvilsamme praksisar. Er det tilfredsstillande? Ein av fire har likevel observert slike. Og 6,3 prosent av respondentane har observert mange brot på god forskingsskikk. I denne gruppa finn vi og ein sterk overrepresentasjon av dei mest negative svara på spørsmål om arbeidsmiljø og situasjonsskildringar for sektoren.

– Bør vere tema for medarbeidarsamtalar

– Dette er ikkje overraskande. I RINO-prosjektet har vi også jobba ut frå hypotesen om at det er ein samanheng mellom arbeidsmiljø og forskingsintegritet, seier Helene Ingierd.

– Gjennom dei kvalitative undersøkingane i prosjektet har vi også sett at sterk konkurranse i arbeidsmiljøet har negativ innverknad på forskingsintegritet. Desse funna forsterkar behovet for at leiarar har fokus på arbeidsmiljø for å fremje forskingsetikk, seier Helene Ingierd, direktør i De nasjonale forskningsetiske komiteene og medlem i arbeidsgruppa til RINO.

– Kva kan arbeidsgjever gjera?

– Dei kan jobbe førebyggjande og ha dette som eit eksplisitt spørsmål i medarbeidarsamtalar. Brot på god praksis, til dømes innan medforfattarskap, kan innebere sterke former for maktmisbruk som kan vere vanskeleg, ikkje minst for yngre arbeidstakarar, å ta opp i andre fora.

Funnene i RINO er blant annet basert på en landsomfattende undersøkelse som ble sendt ut til drøyt 31 000 forskere ved norske institusjoner. Svarprosenten var på 23,4 %.

Les rapportane frå RINO her.