Verdskonferansen 2026: KI, forskingstryggleik og urfolks kunnskapssystem
Den 9. World Conference on Research Integrity vart halden i Vancouver i mai. Temaa for konferansen var svært aktuelle, òg i ein norsk kontekst.
KI er eit tema som har stått høgt på dagsordenen hos Dei nasjonale forskingsetiske komiteane i fleire år. Både komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT) og komiteen for samfunnsvitskap og humaniora (NESH) presenterte arbeid knytt til KI og forskingsetikk. Sekretariatsleiar i NENT, Thomas Østerhaug, presenterte ein antologi om temaet gjennom ein poster på WCRI.
– Føremålet med antologien er å reflektere rundt forskingsetiske problemstillingar innanfor ei krevjande og kompleks ny røynd. Antologien vil utfylle andre initiativ knytte til KI som vart presenterte på konferansen, fortel Østerhaug.
NESH er i ferd med å utarbeide ein «rettleiar om KI, menneske og samfunn». Vidar Enebakk, sekretariatsleiar i NESH, presenterte arbeidet på konferansen og framheva særleg betydninga av å tenkje nytt om risiko og uvisse.
– Det var verdifullt å få innspel frå andre ekspertar og bli orientert om relevante rapportar og retningslinjer, til dømes frå UKRiO i England, TENK i Finland og oppdaterte retningslinjer frå European Research Area, seier Enebakk.
Ikkje berre reglar og prosedyrar
Eit anna hovudtema på WCRI var forholdet mellom urfolkskunnskap og forskingsintegritet. I mange av innlegga om forsking med urfolk vart det understreka at forskingsintegritet ikkje berre handlar om reglar og prosedyrar, men òg om relasjonar, respekt, ansvar og historisk medvit. Ry Moran frå University of Victoria tok i opningssesjonen opp betydninga av å konfrontere «difficult truths» knytte til kolonihistorie og overgrep mot urfolk i Canada. Det var òg verdifullt å høyre om arbeidet med ein «Indigenous African Code of Conduct for Research Integrity», fortel Lene Os Johannessen. Ho er sekretariatsleiar i Nasjonalt utval for vurdering av forsking på menneskelege leivningar (Skjelettutvalet) og held innlegg på konferansen om forholdet mellom forskingsetikk og urfolk og nasjonale minoritetar i Noreg.
Urfolksforsking har òg vore eit prioritert tema for Dei nasjonale forskingsetiske komitaene dei siste åra. Skjelettutvalet vart oppretta i 2008 nettopp for å bidra til å handtere usemje knytt til oppbevaring og forsking på samisk materiale i universitetssamlingar.
Korleis balansere tryggleik og samarbeid?
Det tredje hovudtemaet på konferansen var forskingssikkerheit. Korleis kan vi balansere behovet for nasjonal tryggleik i ei uroleg verd med vitskaplege behov for openheit, deling og internasjonalt samarbeid? Dette vart mellom anna belyst i ein plenumssesjon med Carthage Smith (OECD Global Science Forum), arrangert av FEK-direktør Helene Ingierd.
Han la vekt på betydninga av forskarsikkerheit og på å verne forsking mot uynskt påverknad og ytre press.
I tillegg vart andre relevante tema diskuterte, også knytte til publisering og finansiering av forsking. Som tidlegare verdskonferansar i forskingsintegritet vil også Vancouver-konferansen munne ut i eit produkt: ein global standard for korleis forskarar kan gjere greie for bruk av KI ved publisering. Denne er no under arbeid.
World Conferences on Research Integrity er ein viktig møteplass internasjonalt, og alle land og regionar har ulike lokale utfordringar. Difor er det viktig å utvikle felles praksisar og standardar.
Neste WCRI vert halden i Tallinn i 2028. Konferansen er relevant for alle i Noreg som arbeider med etikk og integritet i forsking.