Vil du sitja i ein av komiteane våre?

«Dette er ei sjeldan moglegheit til å delta i gode, faglege diskusjonar og samtidig gjera noko samfunnsnyttig». Slik samanfatta komitémedlemmer erfaringa si frå arbeidet under årskonferansen 2025.

Er du forskar og har lyst til å bidra til utviklinga av forskingsetikk nasjonalt og internasjonalt? Eller er du ikkje forskar, men har ei interesse for forsking eller forskingsetikk? Frå 2026 treng me nye fagmedlemmer og lekfolk i følgjande komitear og utval: 

  • Den nasjonale forskingsetiske komiteen for medisin og helsefag (NEM) (kompetanseområde: medisin, helsefag, psykologi, genetikk, juss og etikk).
  • Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT) (kompetanseområde: naturvitskap, teknologi, industri-, landbruks- og fiskeriforsking og bio- og genteknologisk forsking som ikkje er innanfor medisin-/helsefeltet, og etikk).
  • Den nasjonale forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora (NESH) (kompetanseområde: samfunnsvitskap og humaniora, under dette etikk, og fagområde som rettsvitskap, teologi, utdanningsvitskap, psykologi og samfunnsmedisin).
  • Nasjonalt utval for gransking av ureieleg forsking (Granskingsutvalet) (kompetanseområde: forsking og forskingsetikk, juss, naturvitskap og medisin).

Medlemmer blir utnemnde for fire år.

Hovudoppgåva til komitear og utval er å laga retningslinjer og gi råd og formidle informasjon om forskingsetiske spørsmål til forskarar, forskingsinstitusjonar, forvaltninga og samfunnet. I tillegg er Granskingsutvalet ein nasjonal ressurs som hjelper forskingsinstitusjonar i behandling av sakar om ureieleg forsking. NEM gjer vedtak etter helseforskingslova.

Søk eit spennande og viktig verv! Frist: 23. juni.

Les meir hos Forskningsrådet

}