Ope møte om forskingsetikk og personvern 12. juni

Deling av data er avgjerande for å fremja forsking, innovasjon og kunnskapsbasert samfunnsutvikling. Korleis kan ein samtidig sikra forskingsetikk og personvern? Saman med Sikt arrangerer me ope møte i Bergen (og digitalt).

Påmelding finn du her. Du kan også melda deg på for å følgje arrangementet digitalt.

Program

Tema for dagen er tredelt. 

Du kan også følgja arrangementet digitalt.

Del 1 – Med lov skal data delast, men korleis?
I 2024 leverte Viderebruksutvalget utgreiinga Med lov skal data delast (NOU 2024: 14). Den reiser viktige spørsmål om forskingsetikk og personvern knytte til vidarebruk av offentlege data og deling av forskingsdata. Korleis kan offentlege verksemder og forskingsinstitusjonar lykkast med å vareta forskingsetikk og personvern?

Innlegg:
Torger Kielland (Vidarebruksutvalet og UiB)
Helene Ingierd (Dei nasjonale forskingsetiske komiteanse (FEK))
Bodil Agasøster og Marianne Høgetveit Myhren (Sikt)  

Del 2 – Deling av kvalitative forskingsdata
I kvalitativ forsking oppstår det særskilde utfordringar knytte til personvern og anonymisering. Det kan avgrensa moglegheita for å samla inn og arkivera persondata. Korleis kan forskarar handtera forskingsdata på ein måte som også legg til rette for deling og vidarebruk?

Innlegg: 
Kristian Sandbekk Norsted, (HiØ) 
Gørill Warvik Vedeler (OsloMet) 
Ane Møller Gabrielsen (NTNU) og Ina Nepstad (Sikt) 

Del 3 – Bruk av ny teknologi til å samla inn forskingsdata
Teknologier, som smartklokker, sensorar og appar gir nye moglegheiter for å samla inn forskingsdata. Det er stor uvisse om korleis desse dataa blir lagra og brukte, t.d. av teknologiselskap. Korleis kan slike data bidra til innovasjon og andre verdiskapande aktivitetar, og samtidig bidra til eit ope og demokratisk samfunn?

Innlegg: Refleksjonar rundt prosjektet KidAd
Alexander Schjøll, OsloMet
Vidar Enebakk, Den nasjonale forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora (NESH)
Hildur Thorarensen, Sikt 

Les heile programmet og meld deg på arrangementet

}