Webinar: Forskarars samfunnsansvar i urolege tider
3. juni inviterer vi til webinar med Unni Eikeseth, forskar og forfattar av boka "Krigens laboratorium" og Kenneth Ruud, direktør ved Forvarets forskingsinstitutt (FFI).
Tid: 3. juni, 12.30-13.45
Påmelding nedst på sida.

Boka Krigens laboratorium kom i 2026.
- Kor langt rekkjer forskaren sitt ansvar for bruk av forsking og teknologi?
- Skal forskingsinstitusjonar delta i utviklinga av moderne våpen?
- Korleis kan leiinga ved forskingsinstitusjonar sikre at samfunnsansvar og forskingsetikk blir ivaretatt i urolege tider?
Skal våpenforsking føregå på universiteta? spør Unni Eikeseth i innleiinga si. Ho er førstelektor ved NTNU og har skrive boka Krigens laboratorium. Her tek ho opp spørsmålet om forskarars samfunnsansvar, særleg knytt til utvikling av våpenteknologi. Eikeseth inviterer til refleksjon rundt kva vi brukar dei felles ressursane og kunnskapane våre til. Gjennom historier om ulike våpentypar og forskarane som skapte dei, ser Eikeseth med eit kritisk blikk på det vitskaplege grunnlaget for dagens militære opprusting og tryggleikspolitikk.
Kommentarar ved Kenneth Ruud, direktør ved Forvarets forskningsinstitutt (FFI) og Thomas Østerhaug, sekretariatsleiar i Den nasjonale forskningsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT).
Deretter blir det tid til spørsmål og diskusjon.
Helene Ingierd, direktør i Dei nasjonale forskingsetiske komiteane, leier samtalen.