Årsrapport 2021

Nye retningsliner for samfunnsvitskap og humaniora, ope møte med mellom anna pandemiforsking på agendaen og felles innspel til Ekspertgruppen for akademisk ytringsfrihet. De nasjonale forskningsetiske komiteene har hatt god måloppnåing, òg i 2021.

Nye retningsliner for samfunnsvitskap og humaniora, ope møte med mellom anna pandemiforsking på agendaen og felles innspel til Ekspertgruppen for akademisk ytringsfrihet. De nasjonale forskningsetiske komiteene har hatt god måloppnåing, òg i 2021.

Leiarrapport

Last ned årsrapporten med vedlegg som pdf. (Bokmål)

Last ned revisjonsberetning som pdf. (Bokmål)

De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK) gir med dette ein rapport om oppnådde mål og verkemiddel for verksemda i 2021. Vi gjer her i tillegg greie for eventuelle avvik frå tildelingsbrevet for 2020.

Verksemdsleiar meiner generelt at dei tildelte måla har blitt oppnådde med tilfredsstillande resultat og innanfor forventa ressursbruk.

Det er ei prioritert oppgåve for FEK å støtte forskarar og forskingsinstitusjonar i arbeidet med forskingsetikk. Lov om organisering av forskingsetisk arbeid (forskingsetikklova) set viktige rammer for arbeidet med forskingsetikk i Noreg og tydeleggjer ansvaret til institusjonane. Etterkontrollen som Riksrevisjonen har gjort av forskingsetikklova (2021) viser at institusjonane framleis har ein jobb å gjere når det gjeld å oppfylle dei lovpålagde krava. Dette var noko av bakgrunnen for at ansvaret som institusjonane har for forskingsetikk, blei gjort til fagleg prioritert tema i FEK i 2021. Gjennom året har FEK jobba systematisk med å støtte arbeidet til institusjonane med å gi opplæring i anerkjende forskingsetiske normer og behandle moglege brot på desse normene. Dette skjer gjennom dialog og rådgiving, opne møte og utarbeiding av ressursar. I september arrangerte vi Forskningsetisk forum, der temaet var opplæring i forskingsetikk. Granskingsutvalet arrangerte i november eit nasjonalt seminar i Oslo om behandling av saker knytt til ureielegheit. FEK har sett i gang to prosjekt retta direkte mot ansvaret til institusjonane når det gjeld oppfølging av krava i forskingsetikklova. Under mål 1 i rapporten blir det utdjupa korleis FEK har jobba med å leggje til rette for at forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar god og ansvarleg forsking.

Ei anna prioritert oppgåve i 2021 har vore å styrke samarbeidet mellom komitear og utval og sekretariatet. God dialog og samhandling på tvers av komitear, utval og sekretariat er avgjerande for at FEK skal nå måla sine. I 2021 ferdigstilte vi strategien for FEK i perioden 2021–2025, og medlemmar frå alle komiteane og utvala var representerte i dette arbeidet. Eit viktig grep for å styrke samarbeidet er at komiteane og utvala vel seg ut nokre fagleg prioriterte tema dei jobbar saman om. Temaa i 2021 var ansvaret til institusjonane og pandemiforsking. FEK gjennomførte Årskonferanse – eit møte for alle medlemmane i komiteane, utvala og sekretariatet – som digitalt arrangement. Temaet var nettopp ansvaret til institusjonane. I samarbeid med NSD arrangerte NEM, NENT og NESH dessutan eit ope møte i Bergen 5. november om mellom anna pandemiforsking. Dette var også eit av temaa på Storfellesmøtet med NEM og REK 19.–20. oktober. Samarbeidsutvalet (SU), som er ein møteplass for komité- og utvalsleiarar, sekretariatsleiarar, direktør og seniorrådgivar innanfor HR og økonomi, har hatt to møte. I lys av den tverrfaglege profilen og målgruppene til Skjelettutvalget vedtok SU at dette utvalet skal vere eit tverrfagleg utval under NEM, NENT og NESH.

FEK har også lagt til rette for at komitear og utval har kome med felles høyringsinnspel i viktige høyringar som til dømes Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, og felles innspel til Ekspertgruppen for akademisk ytringsfrihet.

Sjølv om også FEK var prega av pandemisituasjonen, fekk ikkje koronapandemien vesentleg innverknad på måloppnåinga i 2021.

Helene Ingierd
Direktør, De nasjonale forskningsetiske komiteene
Oslo, 15. mars 2022

Kort om FEK

FEK skal bidra til at all forskning i Noreg skjer i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer. Komiteane blei oppretta i 1990. Sidan 2013 har FEK vore eit forvaltingsorgan underlagt Kunnskapsdepartementet. Komiteane og utvala er fagleg uavhengige. FEK omfattar følgjande komitear og utval med eit felles sekretariat:

  • Den nasjonale forskningsetiske komité for medisin og helsefag (NEM)
  • Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitenskap og teknologi (NENT)
  • Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora (NESH)
  • Nasjonalt utvalg for gransking av uredelighet i forskning (Granskingsutvalget)
  • Nasjonalt utvalg for vurdering av forskning på menneskelige levninger (Skjelettutvalget), som er eit underutval av NESH, NENT og NEM.

FEK held til i Kongens gate 14 i Oslo sentrum, og deler lokale med Teknologirådet. I 2021 var talet på årsverk 10,63, og av dei 12 tilsette var 2 menn og 10 kvinner.

Samla tildeling var i 2021 på 20.647.000,- inkludert lønskompensasjon og overføring av unytta midlar frå 2020.

Utnyttingsgrad av tildeling: 108,8%.
Driftsutgifter (inkludert løn): 18.039.652,-.
Lønsdel av driftsutgiftene: 50,18%.
Lønskostnad per årsverk: 851.639,-.

Sekretariatet blei i 2021 leia av Helene Ingierd. 

Årets aktivitetar og resultat

Samfunnsmålet til FEK er "Etisk god og ansvarlig forskning". Den overordna vurderinga til verksemdsleiar er at FEK i vesentleg grad oppfyller måla som er sette for verksemda.

Risikovurderinga for måloppnåing er lagt til grunn for val av føremålstenlege tiltak. Oppdrag gitt i tildelingsbrevet for 2021 blir vurderte som gjennomførte. NEM, NENT, NESH, Granskingsutvalget og Skjelettutvalget utfører oppgåvene sine med stor fagleg dyktigheit og bidrar til at FEK når måla sine. Den økonomiske ressursbruken er innanfor løyvinga som er gitt gjennom tildelingsbrevet.

Oversikt over mål- og resultatstyring for FEK

KD har fastsett følgjande samfunnsmål for FEK:

  • Etisk god og ansvarleg forsking

Følgjande mål er fastsette på brukarnivå:

  • Forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar etisk god og ansvarleg forsking
  • Andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt
  • Samfunnet har tillit til forsking

I tildelingsbrevet for 2021 er det angitt at det første målet skal ha særleg prioritet.

Gjennom MRS-arbeidet har vi utvikla følgjande mål for produkt og tenester:

  • Fagleg gode retningsliner og ressursar
  • Profesjonell rådgiving og rettleiing
  • Godt grunngitte fråsegner og vedtak
  • Relevante møteplassar for erfaringsutveksling og debatt

FEK har i tillegg eit internt mål om å vidareutvikle eit kompetent og effektivt sekretariat, i tråd med strategien for FEK 2021-2025.

Kunnskapsdepartementet har dessutan lista opp følgjande to styringsparametrar: 

  1. Forskingsetiske retningsliner skal til kvar tid vere gode verktøy for å fremje god og ansvarleg forsking.
  2. FEK blir oppfatta som ein ressurs for forskingsinstitusjonane i arbeidet som desse gjer med å fremje god og ansvarleg forsking.

I tillegg blir FEK bedne om å rapportere om sakshandsamingstida for klagesaker i NEM.

Rapporteringa følgjer tildelingsbrevet.

FEK har fastsett nødvendige prosessar og aktivitetar for å nå måla. Komitear og utval har utarbeidd aktivitetsplanar for 2020, strukturert etter mål for produkt og tenester. I tillegg har sekretariatet i FEK utarbeidd ein eigen aktivitetsplan med heilskaplege prioriteringar. I det følgjande blir det gjort greie for prioriteringar, korleis FEK har jobba for å oppnå målsetjingane og korleis måloppnåinga blir vurdert.

Mål 1: Forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar etisk god og ansvarleg forsking

Då tildelingsbrevet uttrykkjer at dette målet skal ha særleg prioritet, har FEK retta hovudinnsatsen sin mot dette målet.

FEK har jobba systematisk med å oppfylle mål 1 ved å tilby forskarar og forskingsinstitusjonar fagleg gode retningsliner og ressursar. Retningsliner og rettleiarar formulerer anerkjende forskingsetiske normer, og dannar grunnlaget for dei forskingsetiske vurderingane som relevante aktørar har eit ansvar for å gjere gjennom heile forskingsprosessen – frå planlegging og gjennomføring til publisering og formidling. På den måten utgjer dei samstundes ein grunnleggjande føresetnad for at den gjennomførte forskinga er etisk god og ansvarleg.

Arbeidet legg rammene for anna arbeid retta mot forskarar og forskingsinstitusjonar og er difor høgt prioritert. Det er i tillegg eit ressurskrevjande arbeid som føreset god dialog med fleire aktørar, både i sjølve utforminga og ved implementeringa.

NENT har gått i gang med å revidere Forskningsetiske retningslinjer for naturvitenskap og teknologi (NENT 2016), og har sett ned arbeidsgrupper som jobbar med forslag til revisjonar. NESH ferdigstilte arbeidet med revisjon av Forskningsetiske retningslinjer for samfunnsvitenskap og humaniora (NESH 2021) i desember. NEM har ferdigstilt rettleiaren Helseforskningslovens saklige virkeområde. Dette er eit viktig produkt som skal bidra til harmonisert praksis gjennom ei felles forståing av verkeområdet til helseforskingslova. Rettleiaren er først og fremst meint å vere ei hjelp i diskusjonane til REK og NEM, men kan òg vere nyttig for forskarar og forskarsamfunn. Veileder for medisinsk og helsefaglig forskning i lav- og mellominntektsland er omsett til engelsk. I tillegg blei ankepunkta som NENT har mot kunstig intelligens, omsette til engelsk. På den måten når vi ut til mange av forskarane på dette feltet som har eit anna morsmål enn norsk. Skjelettutvalget har oppdatert Forskningsetisk veileder for forskning på menneskelige levninger og sendt forslaget ut på høyring. Denne rettleiaren er i fremste rekkje retta mot forskarar og studentar, og inneheld dei forskingsetiske normene som gjeld ved all forsking på menneskelege leivningar.

NESH retningslinjer 2021 cover bredde.jpg

Dei nye retningslinene for samfunnsvitskap og humaniora, utarbeidde av NESH.

FEK har vidare jobba for å oppfylle mål 1 gjennom profesjonell rådgiving og rettleiing. Kontakta med forskingsinstitusjonane er høgt prioritert. Sekretariatet og alle komiteane og utvala er i jamleg kontakt med forskarar, forskingsinstitusjonar og andre aktørar via foredrag, telefon og e-post. Også i 2021 heldt tilsette ei rekkje føredrag og førelesingar, dei fleste ved forskingsinstitusjonane. Denne typen verksemd er viktig for å oppretthalde god kontakt med institusjonane og spreie kjennskap til ressursane våre.

FEK ser at det framleis er stort behov for rettleiing i korleis forskingsetikklova skal følgjast opp. Dette blir stadfesta i undersøkinga som Riksrevisjonen har gjort av forskingsetikk i universitets- og høgskulesektoren. Rapporten viser at forskingsinstitusjonane ikkje har etablert system som legg til rette for at tilsette som jobbar med forskingsetikk, får tilstrekkeleg opplæring i anerkjende forskingsetiske normer. I tillegg går det fram av rapporten at forskingsinstitusjonane ikkje har gode nok system for å sikre at moglege brot på anerkjende forskingsetiske normer blir fanga opp, behandla og rapporterte. FEK opplever at det i tillegg er behov for rådgiving og rettleiing om korleis institusjonane kan jobbe breiare for å fremje forskingsetisk refleksjon og handsame andre forskingsetiske saker. Dette er bakgrunnen for at FEK i 2021 starta opp to nye prosjekt. For det første arbeider FEK med eit opplæringsprosjekt som tek sikte på å oppdatere og vidareutvikle opplæringsressursane som institusjonane får tilbod om. FEK har i tillegg utvikla eit opplegg for opplæring av nye medlemmar i komitear og utval. For det andre har FEK sett i gang eit prosjekt der målet er å utvikle ein rettleiar som kan hjelpe institusjonane i handsaminga av saker knytte til ureielegheit, forskingsetiske saker og forskingsetiske spørsmål.

På bakgrunn av dialog med og innspel frå institusjonane og rapporten frå Riksrevisjonen, meiner vi at dette vil vere viktige ressursar for at forskarar og forskingsinstitusjonane skal kunne fremje etisk god og ansvarleg forsking.

FEK har dernest jobba for å oppfylle mål 1 gjennom godt grunngitte fråsegner og vedtak. Profesjonell rådgiving og rettleiing munnar i enkelte tilfelle ut i rådgivande fråsegner. Komité- og utvalsmøte står heilt sentralt for å utvikle godt grunngitte fråsegner og vedtak, og FEK bruker difor mykje ressursar på å leggje til rette for slike møte. Komitear og utval opprettar i tillegg eigne arbeidsgrupper ved behov. Også i 2021 har mange av møta vore digitale. Vi ser at det generelt sett er vanskelegare å få til den gode dynamikken i diskusjonen av komplekse saker på digitale møteplassar. Alle fråsegner og vedtak blir gjort tilgjengelege på forskningsetikk.no, og vedtaka til NEM blir lagra i ein tilgjengeleg digital database der forskarar kan bli kjende med forskingsetisk praksis.

FEK ser ein tendens til at fleire av sakene blir meir komplekse og omhandlar fleire aktørar i forskingssystemet. Dels handlar det om at fleire aktørar har vore involverte i forkant av prosjektet, til dømes utval for reielegheit ved forskingsinstitusjonane eller SIKT (tidlegare NSD). Det handlar òg om at fleire aktørar er involverte i sjølve forskinga. På bakgrunn av desse erfaringane ser FEK at det framleis er behov for å styrke arbeidet med forskingsetikk også inn mot andre aktørar, noko som blir spegla i den nye strategien til FEK. Dette blir utdjupa under rapporteringa av mål 2 og 3.

I 2021 har FEK også arbeidd med å vidareføre relevante møteplassar for erfaringsutveksling og debatt. Dette er viktige arenaer både for at vi kan tilby fagleg påfyll til relevante aktørar, og for at vi i FEK kan få innspel til arbeidet vårt. FEK har gjennomført Årskonferansen for medlemmar i komitear, utval og sekretariat som digitalt arrangement. Temaet var ansvaret til institusjonane, og komité- og utvalsleiarar presenterte saker som på ulike måtar reiste spørsmål rundt ansvaret som institusjonane har for forskingsetikk. Desse blei deretter drøfta i grupper som var samansette på tvers av komitear og utval. Tilbakemeldingane var at det var mykje læring i drøftingane av desse sakene.

Tema for Forskningsetisk forum var opplæring og korleis vi sikrar at alle som utfører eller tek del i forskinga, er fortrulege med anerkjende forskingsetiske normer (sjå casen under for vidare utdjuping).

Storfellesmøtet blei arrangert 19.–20. oktober med lovtolking, pandemi og genetikk som tema.

Skjelettutvalget heldt seminar om repatriering 4. november. Her diskuterte norske og internasjonale forskarar praksisar med repatriering og etiske dimensjonar ved utgraving og kurering av menneskelege leivningar.

NEM, NENT og NESH arrangerte eit ope møte med NSD 4. november om forskingsetikk og personvern i krisetid. Møtet var særs godt besøkt og baud på engasjerte innlegg og diskusjonar.

Nasjonalt seminar om handsaming av saker om ureielegheit blei arrangert 23. november. Arrangementet var ope, men målgruppa var først og fremst medlemmar i forskingsetiske utval / utval for reielegheit og tilhøyrande sekretariat. På agendaen stod mellom anna innsyn i saker om ureielegheit. Fagdirektør Kari Bjørke i Kunnskapsdepartementet var invitert for å snakke om temaet. I tillegg var det lagt opp til ein diskusjonsrunde der publikum sjølv bestemte temaa. Her gjekk ein mellom anna inn på grensegangen mellom forskingsetiske saker og saker om ureielegheit.

Nasjonalt seminar for behandling av uredelighetssaker 2021.jpg
Ole M. Sejersted delte erfaringar frå ei sak behandla i felles reielegheitsutval på UiO, OUS og Akershus universitetssykehus under nasjonalt seminar om handsaming av saker om ureielegheit.

Lederforum for forskningsetikk blei arrangert for leiarane ved forskingsinstitusjonane 26. november på Litteraturhuset i Oslo. Temaet her var akademisk fridom som leiaransvar. Vi legg merke til at dette har blitt ein viktig og godt besøkt møteplass for leiarane ved forskingsinstitusjonane.

FEK har i løpet av 2021 skapt ei rekkje møteplassar med til dels ulike målgrupper (komité- og utvalsmedlemmar, personar som har ansvar for og jobbar med forskingsetikk ved institusjonane, forskarar og ei breiare offentlegheit) og der ein tek for seg eit breitt spekter av forskingsetiske spørsmål, med søkelys på pandemiforsking og ansvaret til institusjonane.

Case 1:  Forskningsetisk forum

Kvar haust arrangerer De nasjonale forskningsetiske komiteene eit nasjonalt seminar om aktuelle forskingsetiske problemstillingar. Tema for årets forum var opplæring og korleis vi sikrar at alle som utfører eller tek del i forskinga, er fortrulege med anerkjende forskingsetiske normer (jf. forskingsetikklova § 5).

Representantar for fleire ulike sektorar var inviterte til å fortelje om arbeidet sitt med forskingsetikk. Her kan vi nemne den nye etiske plattforma til UiO, dilemmatreninga hos Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA), krava som Stiftelsen Dam stiller til prosjekt dei finansierer, og etikk-treningsmalen til SINTEF. På grunn av pandemien blei forumet gjennomført digitalt.

Fleire av innleiarane trekte fram behovet for å støtte unge forskarar og sørgje for opplæring gjennom heile arbeidslivet, slik at det ikkje oppstår diskrepans mellom kva unge og eldre forskarar oppfattar som god vitskapeleg praksis. Det var også semje om at etisk refleksjon må øvast og utøvast, då det alltid inneber bruk av skjønn. For at forskingsetisk refleksjon skal bli ein del av kulturen til institusjonen, må det vere eit fast punkt på agendaen til både leiinga og forskargruppene.

FEK presenterte opplæringsprosjektet sitt og bad om innspel til utvikling av eksisterande og nye ressursar. Dette blei følgt opp med eit spørjeskjema i etterkant av forumet.

Case 2: Innspel til Ekspertgruppen for akademisk ytringsfrihet

Verdien av fri og uavhengig forsking står sentralt i arbeidet til FEK. FEK var difor glade for høvet til å kome med innspel til Ekspertgruppen for akademisk ytringsfrihet, leia av Anine Kierulf. Medlemmane i alle dei fem komiteane og utvala blei inviterte til eit internt innspelsmøte som resulterte i eit felles innspel frå heile forvaltingsorganet.

For FEK var det særleg relevant å framheve samanhengen mellom akademisk fridom og forskingsetikk. Forskingsetikk uttrykker ansvar og plikter for forskarsamfunnet som gjer den akademiske fridomen mogleg. At forskarar og forskingsinstitusjonar jobbar for å fremje etisk god og ansvarleg forsking er dermed ein føresetnad for akademisk fridom.

At forskinga er fri og uavhengig har også ei breiare betydning for samfunnet, som føresetnad for eit godt og velfungerande demokrati. Folk har rett til å bli informerte om vitskaplege framsteg og ta del i goda som følgjer med. Såleis er god forskingsformidling også ein viktig føresetnad for samfunnsoppdraget som forskinga har.

I sitt innspel fokuserte FEK på moglege tiltak for å verne om og styrke akademisk fridom, og kom med konkrete forslag til revideringar av relevant lovverk. Kort samanfatta foreslo FEK følgjande:

1) Å skilje mellom vitskapleg fridom, akademisk fridom og ytringsfridom, og sikre vitskapleg fridom for all vitskapleg forsking (også utanfor akademia) ved å grunnlovsfeste både akademisk fridom og vitskapleg fridom.

2) Tydeleggjere at formidling til eit breitt publikum er ein del av målet til universitet og høgskular i universitets- og høgskulelova (uhl.) § 1-1, og ta inn formidling som del av den akademiske fridomen i uhl. § 1-5.

3) Å knytte akademisk fridom til omgrep som «god vitskapleg praksis» og «anerkjende forskingsetiske normer» ved å harmonisere uhl. og forskingsetikklova.

Akademisk fridom er eit av dei prioriterte temaa for FEK i 2022, og alle komitear og utval vil jobbe vidare med dette temaet.

Case 3: Forskningsetiske retningslinjer for samfunnsvitenskap og humaniora

I desember 2021 lanserte NESH ei ny og revidert utgåve av Forskningsetiske retningslinjer for samfunnsvitenskap og humaniora. Den første versjonen blei gitt ut i 1993, og reviderte utgåver kom i 1999, 2006 og 2016. Dette er såleis femte utgåve. Ei engelsk omsetjing vil vere klar våren 2022.

Retningslinene er det viktigaste produktet frå NESH. Retningslinene er rådgivande og skal bidra til å utvikle forskingsetisk skjønn og refleksjon, avklare etiske dilemma, fremje ansvarleg forsking og førebyggje ureielegheit. I desse blir det gjort greie for ulike omsyn og plikter, samstundes som ansvaret til forskarar, forskingsinstitusjonar og andre forskingsaktørar blir utdjupa. I forskingsprosjekt skal retningslinene liggje til grunn i heile prosessen – frå planlegging og gjennomføring til publisering og formidling.

Hausten 2020 blei eit revidert utkast til nasjonale retningsliner sendt ut på høyring. NESH fekk nesten 700 konkrete innspel frå over 60 forskarar, forskingsinstitusjonar og andre forskingsaktørar. Ei arbeidsgruppe beståande av Elisabeth Staksrud (leiar), Ivar Kolstad (nestleiar) og Vidar Enebakk (sekretariatsleiar) gjekk gjennom alle innspela og utarbeidde forslag som deretter blei grundig drøfta og vedtekne av alle medlemmane i komiteen.

I denne utgåva har NESH valt å tydeleggjere dei grunnleggjande forskingsetiske normene i ei ny innleiing. Målet er å framheve retningslinene frå NESH som sjølvstendig kjelde til forskingsetisk refleksjon og kontinuerleg diskusjon i forskarfellesskapet. Vidare er skiljet mellom etikk og juss presisert for å tydeleggjere grenseflatene mot gransking av vitskapleg ureielegheit på den eine sida og krav om rettsgrunnlag for handsaming av personopplysningar på den andre. Dette kjem konkret til uttrykk i eit klart skilje mellom juridisk og etisk samtykke. NESH har også presisert korleis forsking i aukande grad er under press, og korleis ulike aktørar som oppdragsgivarar, sponsorar og samarbeidspartnarar har medansvar for å vareta forskingsetikken. Retningslinene skal bidra til å sikre fri og uavhengig forsking og vareta dei grunnleggjande verdiane innanfor forsking.

Konklusjon

Verksemdsleiar kjem til at tiltaka i stor grad har innfridd styringsparametrane i tildelingsbrevet og målet om at forskarar og forskingsinstitusjonar skal fremje etisk god og ansvarleg forsking. Samstundes stadfestar rapporten frå Riksrevisjonen at det også i tida framover vil vere behov for å fokusere på slike tiltak i tett og god dialog med forskarar og forskingsinstitusjonar.

Mål 2: Andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt

Prioriteringane til verksemda har, i tråd med tildelingsbrevet, dei siste åra vore retta mot forskarar og forskingsinstitusjonar. Samstundes skal FEK vere ein ressurs også for andre aktørar enn forskarar og forskingsinstitusjonar som er involverte i eller har eit ansvar for forskingsetikk. 

Dagens forsking er kjenneteikna av aukande krav og forventningar til brukarmedverknad og samarbeid. Slikt samarbeid reiser også forskingsetiske utfordringar. I lys av dei mange sakene som komiteane handsamar knytt til forskingsetiske spørsmål i ulike former for forskingssamarbeid, opplever FEK at behovet er aukande for å fokusere på at andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt. «Andre aktørar» omfattar då særleg oppdragsgivarar og sponsorar, samarbeidspartnarar og brukarar som deltek i forsking.

FEK har retta arbeidet sitt også mot aktørar som forvaltar anna lovverk enn forskingsetikklova, og som står sentralt for etiske sider ved forskinga. Lov om medisinsk og helsefagleg forsking (helseforskingslova) og Lov om handsaming av personopplysningar (personopplysningslova) er her særleg relevante.

For det første er fleire av ressursane FEK utvikla i 2021, også retta mot andre aktørar. I Forskningsetiske retningslinjer for samfunnsvitenskap og humaniora vender ein seg til oppdragsgivarar og sponsorar, samarbeidspartnarar og brukarar som deltek i forsking. Retningslinene slår fast at slike aktørar har eit medansvar for at forskinga skjer i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer. FEK har i dialog med Kunnskapsdepartementet i 2021 oppmoda til å gå gjennom og oppdatere Standardavtalen for forsknings- og utredningsoppdrag. Det er DFØ som har teke over ansvaret for å forvalte avtalen. FEK har blitt invitert med i ei referansegruppe, og vil halde fram med å jobbe for at forskingsetiske normer som uavhengigheit og openheit blir varetekne i oppdragsforsking.

Vidare jobbar FEK også opp mot andre aktørar gjennom rådgiving og rettleiing, og til ei viss grad gjennom fråsegner og vedtak. I fleire av dei rådgivande fråsegnene, som også blir sende i kopi til aktørane det gjeld, understrekar ein medansvaret som andre aktørar har for forskingsetikk. I 2021 leverte FEK fleire felles høyringsinnspel som òg gjeld korleis andre aktørar jobbar med forskingsetikk.

FEK vil vidareføre dialogen med andre aktørar i det norske forskingssystemet, først og fremst gjennom ulike møteplassar for erfaringsutveksling og debatt. FEK hadde i 2021 fleire møte med heilt sentrale aktørar i det norske forskingssystemet. Omsynet til personar, inkludert personvern, utgjer ein vesentleg del av forskingsetikken. Gjennom kontakten med institusjonar og forskarar opplever vi at det er ein del forvirring rundt grensene mellom personvern og forskingsetikk. FEK hadde eit møte med NSD (frå 2022 SIKT) 4. november, der føremålet til dels var å leggje til rette for ei felles forståing rundt personvern og dei meir generelle forskingsetiske problemstillingane. FEK vil halde fram dialogen med NSD for å oppnå dette.

FEK v/direktør deltok på fleire nettverksmøte med direktørane i Teknologirådet, Bioteknologirådet og Vitenskapskomiteen for mat og miljø. Dette var nyttige samlingar for å diskutere overlappande arbeidsmåtar og moglege felles satsingar.

Samarbeidet med REK-systemet har i 2021 vore særs godt. Våren 2021 arrangerte FEK v/NEM eit opplæringsseminar for nye medlemmar i REK. Storfellesmøtet blei gjennomført hausten 2021 og hadde mellom anna pandemiforsking som tema. I tillegg til Storfellesmøtet blei det arrangert to møte i arbeidsutvalet mellom REK og NEM. Arbeidsutvalet består av komitéleiarar og sekretariatsleiarar frå begge organa. I møta drøftar ein saker som er ferdig handsama i NEM, og der målet er å skape ei felles forståing av vurderingane som er gjort. Vidare diskuterer ein m.a. prinsipielle forskingsetiske problemstillingar av felles interesse, rettleiarar og policyar som er relevante for søkjarar og komitear. Koordinator i FEK er dessutan i møte med sekretariatsleiarane hos REK-ane kvar veke.

FEK har i tråd med eigen strategi òg delteke på ulike internasjonale møteplassar, mellom anna i regi av European Network of Research Integrity Offices (ENRIO). Då ENRIO arrangerte eit større internasjonalt digitalt seminar hausten 2021, deltok fleire frå FEK med presentasjonar.

FEK har også delteke i National Ethics Councils (NEC), som har hatt fleire digitale møte der mellom anna pandemiforsking og etiske problemstillingar knytte til denne forskinga har stått høgt på agendaen.

I 2021 var direktør i FEK med i Ekspertgruppen i OECD, Global Science Forum om forskingsintegritet i det globale forskingsøkosystemet. Dette blir sett på som viktig arbeid for å bidra i den globale utviklinga av forskingsetikk. Som eit ledd i dette arbeidet, har FEK v/direktør vore i kontakt med ei rekkje relevante aktørar i det norske forskingssystemet – derimellom Kunnskapsdepartementet, Norges forskningsråd og Det Norske Videnskaps-Akademi – for å innhente informasjon og erfaringar.

Case: Dialog med NSD

I samband med ei sak som blei handsama hos NESH (vår ref. 2021/99), blei det reist spørsmål knytt til mønsteravtalen mellom NSD og UHR. NESH uttalte at det er uheldig at mønsteravtalen mellom NSD og UHR er uklar rundt rolla som NSD har i forvaltinga av forskingsetikk. NESH uttrykte vidare uro for at praksisen der NSD både rettleiar og varslar om personvern og forskingsetikk, er med på å skape uklare skilje mellom juss og etikk. For studentar og forskarar kan det med andre ord skape eit feil inntrykk av at forskingsetikken inngår i eit kontrollsystem der det blir stilt krav om førehandsgodkjenning frå NSD.

NESH løfta saka til FEK fordi utkastet til avtalen opphaveleg blei diskutert på eit møte mellom FEK, NSD og UHR i 2019. FEK hadde innvendingar knytt til omtalen av forskingsetikk i avtalen, og i etterkant spelte FEK inn forslag til presiseringar.

FEK vidareførte i 2021 dialogen med NSD, og vil følgje opp denne i 2022 – då også med UHR. Målet er å bli samde om ein mønsteravtale om personverntenester som klargjer ansvars- og arbeidsdelinga mellom relevante aktørar og, meir overordna, klargjer skilnaden mellom personvern og forskingsetikk. Det vil så i sin tur vere viktig for at andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt.

Konklusjon

FEK innfridde i betydeleg grad mål 2 i 2021. På bakgrunn av aukande forventingar om samarbeid og brukarmedverknad i forsking, meiner verksemdsleiar at samhandlinga mellom FEK og andre aktørar bør styrkast ytterlegare i tida framover. Det er viktig å få til ein jamn dialog med aktørar som er involverte i oppdragsforsking og samarbeidsprosjekt, slik at ein sikrar at dei òg tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt. I tillegg er det viktig å framleis ha ein god dialog med andre aktørar som forvaltar personvern og forskingsetikk.

Mål 3: Samfunnet har tillit til forsking

Det tredje målet til FEK er at samfunnet skal ha tillit til forsking. Ein ny rapport som forskarar ved Senter for profesjonsstudier på OsloMet har utarbeidd på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, slår fast at det generelt er høg tillit til forsking i det norske samfunnet (Thue m. fl., 2022). Forskarane har undersøkt kva som skal til for å sikre høg tillit til forskingsbasert kunnskap. Eit viktig funn er at tilliten heng tett saman med integriteten til forskinga, og det at folk kan stole på at forskinga ikkje blir utsett for press frå oppdragsgivarar, styresmakter eller andre. Eit anna viktig funn er at tilliten avheng av at forskingsmiljøa sjølve sikrar eit mangfald av faglege perspektiv og nødvendig kvalitetssikring. Tilliten blir såleis kraftig svekka når det oppstår tvil om kor vidt forskinga er uavhengig.

Desse funna viser kor stor rolle forskingsetikken spelar, og korleis han er ein føresetnad for både kvalitet og tillit: Dersom samfunnet skal ha tillit til forskinga, er det avgjerande at forskarar, forskingsinstitusjonar og andre aktørar følgjer anerkjende forskingsetiske normer. I tillegg til dei omtalte tiltaka under mål 1 og 2, er eit viktig bidrag i denne samanhengen å drive aktiv kunnskapsformidling rundt verdiane, prinsippa og normene som forskinga er tufta på. FEK har difor jobba målretta med å informere ålmenta om forskingsetiske spørsmål som blir reiste nasjonalt og internasjonalt. Desse tiltaka er utdjupa under, med vekt på nettsidene, Magasinet Forskningsetikk og opne møte.

I tillegg til slike tiltak, har FEK – tilsette i sekretariatet og komité- og utvalsmedlemmar – på ulike måtar engasjert seg i den offentlege debatten og på ymse arrangement. Forskingsetiske spørsmål som har meldt seg i samband med pandemien og forsking på koronatiltak, har vore hyppig debatterte. For FEK har det mellom anna vore viktig å få fram at forskingsetikken veg særleg tungt når behovet for ny og påliteleg kunnskap er stort, og at det å ha ein brei debatt rundt forskinga (inkludert vilkår og konsekvensar) er ekstra viktig når forskinga angår så mange. Medisinsk- og helsefagleg forskingsetikk har, saman med rammeverket som gjeld denne forskinga, på ulike måtar blitt lagt under lupa. FEK tok sjølve opp etiske spørsmål knytt til pandemiforsking både på Storfellesmøtet og på eit ope møte i Bergen 5. november. NEM deltok også i den offentlege debatten som følgde i kjølvatnet av vedtaket om å trekkje tilbake etisk godkjenning av ein planlagd studie på effekten av Lightening Process, og stilte m.a. i Dagsnytt 18. NEM la spesielt vekt på at det var interessekonfliktar til stades, og argumenterte for at forskinga må vere uavhengig og av kvalitet for å vinne tillit i samfunnet.

Nettsidene

I 2020 lanserte vi nye nettsider med nytt domene: forskningsetikk.no og researchethics.no. Målet er at eit intuitivt domene på sikt skal gi auka trafikk og større utteljing i søkjemotorar. Tala viser ei særs god utvikling, med unntak av dei engelske sidene, der vi ser ein ørliten nedgang. Éi mogleg forklaring er at 2020 var spesielt og avvikande frå trenden over tid, men nedgangen kan òg henge saman med at det ikkje blei produsert så mykje innhald for engelske sider i 2021. Dette er eit område vi ønskjer å satse meir på i tida som kjem. Vi ser likevel at den mest brukte ressursen vår er retningslinene til NESH på engelsk, som har over 55 000 sidevisningar.

Hovudtrenden er uansett at nettsidene blir særs flittig brukte, og at tendensen er stigande:

  2019 2020 2021
Sidevisningar totalt 661 169 696 679 774 915
Sidevisningar på engelsk 197 240 255 469 254 782
Tal på økter 324 133 366 447 400 000
Økter på mobil (inkl. nettbrett) 78 405 86 883 95 941

Sider som inneheld dei ulike retningslinene våre (pluss inngangssidene for desse), har blitt viste nesten 300 000 gongar, så det er openbert at desse utgjer dei viktigaste ressursane våre.  Vidare har ei rekkje artiklar i Forskningsetiske bibliotek blitt hyppig brukte. I 2021 heldt vi fram arbeidet med å gjere denne ressursen meir oppdatert.  

Oversikt over bruk av ressurser på nettside.jpg

Vi nyttar Siteimprove for å sikre at nettsidene er tilgjengelege og brukarvennlege. Her hadde vi ein Digital Certainty Index (DCI) på 90 ved utgangen av 2021, som er bra sett opp mot ein bransje-benchmark på 82,4. DCI omfattar, ifølgje Siteimprove «nettstedets tilgjengelighet, brukervennlighet, troverdighet og pålitelighet samt hvor godt rustet nettstedet er for å takle utfordringer knyttet til SEO. Endelig DCI Score er den samlede poengsummen for tre kategorier: Accessibility, Quality Assurance og SEO».

I året som gjekk blei det sendt ut seks nyheitsbrev til i alt 1882 mottakarar. Det blei òg publisert meir enn 100 innlegg i sosiale medium, og ved utgangen av året hadde vi 2028 følgjarar på Twitter (mot 1952 i 2020). Vi produserte dessutan tre podkastar med tilhøyrande artiklar på forskning.no for to av desse. Podkastane våre blei lasta ned ca. 700 gongar i fjor.   

Avslutning på Facebook

Datatilsynet gjorde ei vurdering av Facebook og publiserte i september ein rapport der dei konkluderte med at dei ikkje ville ta det i bruk, på grunn av uklarheit rundt handsaminga av personopplysningar på plattforma (https://www.datatilsynet.no/contentassets/8561465062b04a6b904c8c3573a24687/risikovurdering_skal-datatilsynet-ha-side-pa-facebook_.pdf).

FEK sette då ned eit eige utval for å gjere ein forenkla DPIA og vurdere eige nærvær på Facebook. I rapporten frå utvalet kom det mellom anna fram at Facebook er ei plattform der vi kan nå breitt og raskt ut med bodskapen vår. På den andre sida er følgjarskaren avgrensa (1360 i september 2020), og Datatilsynet peikar på alvorlege manglar. Fagområdet vårt inneber dessutan at vi må forvente å bli haldne opp mot særleg høge standardar, mellom anna for korleis vi sikrar personvern. Som det står i rapporten: «Det er vanskelig å fronte respekt for den enkelte som et grunnleggende prinsipp på en troverdig måte, dersom vi samtidig benytter en kanal der vi ikke kan garantere for rett håndtering av personopplysninger.»

På bakgrunn av dette valde direktøren å avslutte bruken av mediet, og Facebook-sida til FEK blei lagd ned i november. Samstundes blei det bestemt å avslutte bruken av Instagram, som er særs tett kopla til Facebook. Kontoen vår på Twitter, som er ei plattform med langt færre personopplysningar i kontoprofilar, blir derimot ståande. Når det er sagt, så kjem vi til å følgje utviklinga på feltet tett framover.

Avslutning på facebook nov 2021.png

Dette året har fleire europeiske datatilsyn konkludert med at Google Analytics (GA) ikkje opererer i tråd med GDPR. Det norske Datatilsynet ser også på denne saka, og vi har byrja arbeidet med å finne eit alternativt analyseverktøy til bruk for nettsidene. Vi tek sikte på å avslutte bruken av GA tidleg i 2022.

Magasinet Forskningsetikk

Mann eller mus? Det var spørsmålet på framsida av den aller første utgåva av Magasinet Forskningsetikk som kom ut i april 2001, då under namnet Forskningsetikk. I nr. 2 2021 markerte ein 20-årsdagen for magasinet. I jubileumsnummeret nøsta vi mellom anna i mann-eller-mus-historia frå 2001, der ein norsk forskar ønskte å setje sine eigne cellekjernar inn i eggceller frå mus. Målet med forsøket var å studere utviklinga av stamceller. Prosjektet fekk ikkje etisk godkjenning og blei skrinlagt, men i ei rekkje andre forskingsmiljø har stamcelleforskinga gått sin gang. Vi ville undersøke kor etikken blir utfordra i våre dagar, og dykka ned i ei relativt ukjend verd der forskarar syslar med alt frå laboratorieskapte organ til kunstige embryo.

I arbeidet med denne artikkelen kom det opp eit vell av spennande og viktige problemstillingar. Vi har valt å belyse nokre av desse gjennom ein artikkelserie om korleis utviklinga innanfor stamcelleforsking flyttar etiske grenser. Første artikkel blei publisert i Magasinet Forskningsetikk nr. 3 2021, og serien held fram i 2022.

Magasinet 20 år Elin Fugelsnes.jpg
Redaktør Elin Fugelsnes i Magasinet Forskningsetikk viser fram jubilumsutgåva.

 

Magasinet Forskningsetikk kom ut totalt tre gongar i 2021. Magasinet ønskjer å følgje opp aktuelle spørsmål og sjølv setje dagsorden. Det samla målet over tid er å publisere artiklar som femner breitt både når det gjeld tema og fagfelt. 

I tillegg til stamcelleforsking har magasinet retta søkjelys mot mellom anna akademisk fridom, rapporten frå Riksrevisjonen om forskingsetikk i universitets- og høgskulesektoren, medforfattarskap, forsking på opplysningar i helseregister som er underlagde teieplikta, og utfordrande datadeling på tvers av landegrenser.

Talet på abonnentar aukar jamt og trutt. Rundt 3580 abonnerer no på papirutgåva av bladet. Fleire av desse er institusjonsabonnentar som får tilsendt fleire eksemplar, og det blir såleis sendt ut rundt 4000 blad alt i alt. I tillegg har Magasinet Forskningsetikk nesten 1100 digitalabonnentar. Bladet blir òg lese via nettsida www.forskningsetikk.no og i kanalane våre på sosiale medium. Fleire av artiklane blir òg publiserte på forskning.no, der Magasinet Forskningsetikk når ut til fleire ulike målgrupper. Gjennom tilknytinga til medieportalen til Fagpressa blir sakene i tillegg publiserte på fagpressenytt.no. 

Opne møte

I 2021 arrangerte FEK følgjande opne møte:

  • Årskonferansen (digital)
  • Forskningsetisk forum (delvis digitalt)
  • Seminar om repatriering
  • Ope møte om forskingsetikk og personvern i krisetider (delvis digitalt)
  • Nasjonalt seminar om behandling av uredelighetssaker
  • Lederforum for forskningsetikk

Case:

Ope møte: «Kan forskingsetikk og personvern tøyast når mykje står på spel?»

Av og til er det vanskeleg å forske innanfor dei vanlege rammene av forskingsetikk og personvern. Dette blei tydeleg då pandemien ramma verda. Når behovet for kunnskap er akutt, kan til dømes kravet til samtykke bli rekna som mindre viktig. Men er det rett å vike av frå reglar og normer når det stormar som verst? Eller er det nettopp då vi må halde ekstra stø kurs?

Dette var utgangspunktet for eit ope møte i Bergen (og digitalt), arrangert i samarbeid med NSD. Tre konkrete saker danna utgangspunkt for diskusjonane, mellom anna ønsket til FHI om å opne opp berre halvparten av skulane etter nedstenging, for å studere effekten på smitten og på læringa og psyken til elevane.

Avslaget som REK gav på søknaden, blei forklart i møtet: Dei forskingsetiske krava er særleg strenge når det blir forska på barn, då desse som regel ikkje har samtykkekompetanse. Forenkla sagt skal det ifølgje lova i slike tilfelle vere ein fordel for deltakaren å bli inkludert, eller det skal vere til fordel for andre personar i same gruppe. Risikoen skal uansett vere bagatellmessig. Slik var det ikkje her. Risikoen blei sett på som betydeleg, og det var i første omgang vaksne som ville tene på kunnskapen.

Representanten for FHI, Atle Fretheim, innrømte at dei ikkje hadde tenkt nok på etikken. Dei byrja jobbe med skuleforskingsprosjektet då smitten eksploderte, men hadde ikkje tenkt over at smittetala kunne kome til å falle, noko som endra avvegingane. Fretheim meinte det nok var bra at REK sa nei, då smittetala etter kvart blei så låge at dei «hadde måttet holde ungene hjemme i årevis for å få god kunnskap».

Også smittesporingsappen blei diskutert med representantar frå Simula (utviklarane bak appen) og Datatilsynet, som etter kvart slo fast at datainnsamlinga var ulovleg. Begge partar sat att med særleg éin viktig lærdom: I kriser er det vanskeleg å halde hovudet kaldt og ha for auget kva konsekvensar nye teknologiske løysingar kan få for framtida. Då er det ekstra viktig å ta seg tid til å gjere gode vurderingar, og å lytte til motrøyster. Eit konkret døme er å sende forslag på høyring, også når dei hastar.

Konklusjon

FEK har i betydeleg grad nådd mål 3. FEK har jobba målretta med å informere ålmenta om forskingsetiske spørsmål som blir reiste nasjonalt og internasjonalt, og med å vere synlege i det offentlege rom.

Styring og kontroll i FEK

Risikovurderingar

FEK v/sekretariatet har gjennomført risikovurderingar i 2021. FEK ser behovet for å oppgradere opplæringsressursar (spesielt Forskningsetisk bibliotek og engelske nettsider) og utvikle ytterlegare undervisningsmateriale. Dette vil vere viktig i arbeidet med å støtte forskarar og forskingsinstitusjonar, og skal difor prioriterast også i tida framover. Sekretariatet ser dessutan behov for å utvikle dialogen med andre aktørar som er involverte i forsking, men der forskingsetikk er underprioritert. Det blir såleis viktig å invitere breitt til opne møte som til dømes Forskningsetisk forum og Lederforum, og å besøke og formidle ressursar til institusjonar.

Sakshandsamingstid for klagesaker hos NEM

Gjennomsnittleg sakshandsamingstid frå ei sak er ferdig handsama hos NEM og til eit vedtak er sendt til klagar, er seks veker. Sakshandsamingstida har med andre ord blitt lengre sidan 2020, og dette kjem av bemanningssituasjonen hos FEK.

Inkluderingsdugnad

Verksemdene skal jobbe systematisk med å realisere inkluderingsdugnaden til regjeringa og utvikle rutinar og arbeidsformer i personalarbeidet med sikte på å leve opp til måla for dugnaden. Det blei ikkje tilsett personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en hos FEK i 2021.

Berekraftmåla til FN

FEK skal bidra til at forskinga i Norge er etisk god og ansvarleg. Forsking som skjer i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer, er forsking som byggjer opp under berekraftmåla. Ved å bidra til forsking av høg kvalitet er FEK med på å motverke bortkasta forsking. For å oppfylle den overordna målsetjinga gir FEK råd til forskarar, forskingsinstitusjonar, styresmakter og andre om forskingsetiske spørsmål. Nokre av desse råda handlar eksplisitt om korleis ein forskar i tråd med forskingsetiske retningsliner om berekraftig utvikling.

FEK har dei siste åra gått over til skybaserte system. Dette inneber ei optimalisering av dokumentlagringa som er gunstig både med tanke på personvern og ressursbruk.

Med pandemien har det vore lite eller inga reiseverksemd for tilsette og medlemmar. Når samfunnet no har opna opp att, vil FEK vurdere nøye når det er behov for reiser. FEK vil i tida framover sjå på korleis verksemda sjølv kan redusere klima- og miljøtrykket.

Motverke arbeidslivskriminalitet

FEK nyttar innkjøpsordningar via staten ved DIFI der det er mogleg. Per i dag gjeld dette reiseavtalar, innkjøp av kontorrekvisita, mobiltenester og datautstyr. Vi gjennomfører anbod, også for mindre innkjøp.

Samfunnstryggleik og beredskap (SOB) og tryggleik etter tryggleikslova

Krise- og beredskapsplanverket i FEK omfattar Beredskapsplan, inkludert ein pandemiplan og ROS-analyse, som femner om dei tre tryggleiksområda samfunnstryggleik og beredskap, nasjonal tryggleik, og informasjonstryggleik og personvern.

Beredskapsplanen og ROS- analysen for FEK blei gått gjennom og revidert i 2021.

FEK utarbeidde i tillegg ein pandemiplan i 2021. Blant områda med høgast risiko for verksemda finn ein dataåtak og pandemi. FEK har difor særleg fokus på risikoreduserande tiltak og handsaming innanfor desse områda.

I 2021 jobba FEK også med informasjonstryggleik, ved å utvikle ein policy for informasjonstryggleik. Her blei det i tillegg formulert ein plan for korleis personvernhendingar og alvorlege brot på informasjonstryggleiken skal handsamast, og kva førebyggjande tiltak som er aktuelle.

I 2021 gjennomførte sekretariatet eit e-læringskurs i informasjonstryggleik i regi av Xtramile. Pga. pandemien og lite fysisk nærvær på kontoret gjekk ikkje FEK gjennom kriseøving utover dette i 2021.

Helse-, miljø- og tryggleiksarbeid

Det blei gjennomført ei digital vernerunde i 2021, der det blei sett søkjelys både på det psykososiale og det fysiske arbeidsmiljøet. Tilrettelegging ved heimekontor er eit viktig arbeid i FEK, og tilsette har fått levert ulikt utstyr ved behov, for å unngå belastningsskadar. I tillegg har tilsette blitt oppmoda til å bruke arbeidstid til å bevege seg i løpet av arbeidsdagen under påbodet om heimekontor. Digitale morgonkaffemøte for tilsette har vore gjennomførte kvar veke under store delar av pandemien, for å skape ei form for sosialt samkome under nedstenginga i Noreg.

Handsaming av Covid-19-pandemien

FEK oppretta tidleg i pandemien ein krisestab. Staben har møtst jamleg og sendt ut informasjon om retningsliner for tilsette. Krisestaben har utvikla ein pandemiplan, kartlagt utfordringar for FEK ved ein pandemi og sett i verk tiltak etter behov.

Krisestaben formulerte to mål for FEK under koronapandemien, som var gjeldande frå januar 2021. Bakgrunnen var målet om å utvikle eit kompetent og effektivt sekretariat, og delmålet om å vere ein god arbeidsplass. I lys av pandemien og restriksjonane denne førte med seg (m.a. heimekontor og mindre direkte kontakt mellom tilsette), såg krisestaben det som særleg viktig å ha fokus på moglege psykososiale belastningar og belastningsskadar. Måla var

(1)  å minimere psykososiale belastningar blant tilsette

(2)  å unngå arbeidsrelaterte belastningsskadar blant tilsette

Tiltak knytte til (1):

  • Det blir halde morgonmøte kvar morgon og sekretariatsmøte blir gjennomført kvar veke.
  • Verneombod og HR gjennomfører ei ekstra vernerunde blant dei tilsette.
  • Direktør sørgjer for jamleg kontakt med alle tilsette, også utanom faste møteplassar.

Tiltak knytte til (2):

  • Alle tilsette har fått tilbod om skjerm, stol og anna nødvendig arbeidsutstyr heime.
  • Alle tilsette blir oppmoda til å ta ein pause og bevege seg ein time i arbeidstida, i tillegg til lunsj.

FEK ved direktør har fortløpande vurdert behovet for ekstra ressursar til NEM ved ev. særleg press på vedtak knytt til covid-19-forsking.

FEK kjem til at handsaminga av pandemien har vore god, med hyppig aktivitet og oppfølging frå krisestaben. Tiltaka har blitt følgde opp, med tilfredsstillande resultat.

Likestilling og mangfald

De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK) har 12 fast tilsette. Kjønnsbalansen totalt i verksemda (tal): 10 kvinner og 2 menn i 2021

  • Mellombels tilsette (kjønnsskilnad i tal): 0
  • Tilsette i deltidsstillingar (kjønnsskilnad i tal): 1 kvinne
  • Gjennomsnittleg tal på veker med foreldrepermisjon for kvinner og menn: 0

Lønsskilnader på ulike stillingsnivå/grupper (kjønnsskilnader i kroner)

  • Gjennomsnittsløn fordelt på kjønn 2021: Kvinner: 745 844,–, Menn: 856 472,–
  • Kjønnsfordeling på ulike stillingsnivå/grupper (kjønnsskilnader i tal)

Seniorrådgivar: 5 kvinner, 0 menn
Avdelingsleiar: 2 kvinner, 2 menn
Rådgivar: 1 kvinne, 0 menn
Sekretær: 1 kvinne, 0 menn
Direktør: 1 kvinne, 0 menn

  • Tilsette som jobbar ufrivillig deltid (kjønnsskilnad i tal eller prosent): 0

Tilstand for kjønnslikestilling (tal)

Kjønnsbalanse Mellombels tilsette Foreldrepermisjon Faktisk deltid Ufrivillig deltid
Kvinner Menn Kvinner Menn Kvinner Menn Kvinner Menn Kvinner Menn
10 2 0 0 1 0 1 0 0 0

Av omsyn til personvernet blir det ikkje oppgitt overtid og andre tillegg. Det er ingen kjønnsskilnader med omsyn til kva tilsette som jobbar overtid.

Alle tilsette, med unntak av sekretær, har tenestetelefon. Alle tilsette med høve til heimekontor får dekt breiband, og alle tilsette får dekt éi avis og støtte til trening.

Då 2021 er første året FEK utarbeider ei likestillingsutgreiing, har vi ingen tal å samanlikne med. Med så få tilsette er det lite informasjon å få ut frå ein lønsstatistikk. Tilsette som sluttar, blir i hovudsak erstatta med nokon på tilsvarande lønsnivå.

Ved utarbeiding av stillingsutlysingar i samband med rekruttering er gjennomgang av kjønnsfordelinga i sekretariatet eit av punkta. I enkelte tilfelle har vi oppmoda menn til å søkje, då det har vore ei overvekt av kvinner i sekretariatet.

Det er like løns- og arbeidsvilkår for tilsette i sekretariatet.

Vi gjer vårt beste for å leggje til rette for tilsette med spesielle behov, og tilpassar utstyr og anna der det er nødvendig.

Arbeidsgivar legg opp til at FEK skal vere ein stad der det er gode høve til å kombinere arbeid og familieliv.

Det at enkelte tilsette held fram med å jobbe etter at dei har fylt 67 år, viser at vi har ein særs god seniorpolitikk. Vi prøver så langt som råd å leggje til rette for arbeidstid tilpassa den enkelte.

I medarbeidarsamtalar er kompetanseutvikling eit fast tema.

Blant temaa ved førre medarbeidarundersøking i 2019 var seksuell trakassering, mobbing og trivsel. Direktør, HR og tillitsvalde vil i løpet av 2022 diskutere gjennomføring av ny medarbeidarundersøking.

Likestilling og respekt er forankra i strategien vår for perioden 2021–2025. Vi har ingen eigen likestillingsstrategi, då vi ikkje ser behov for dette i ei så lita verksemd. Omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering er elles inkludert i den generelle personalpolitikken.

Vi ser at det å oppmode menn til å søkje jobb hos oss har hatt ein positiv effekt.

Vi ser på samarbeidet mellom leiing (direktør) og tillitsvalde og verneombod som godt, med låg terskel for å ta opp ulike tema.

Vurdering av framtidsutsikter

Samfunnsmålet til FEK er etisk god og ansvarleg forsking. Her følgjer nokre interne og eksterne forhold som verksemdsleiar meiner kan påverke samfunnsoppdraget og måloppnåinga på kortare og lengre sikt.

Forskingsetikklova frå 2017 slår fast mål og legg rammer for det forskingsetiske arbeidet i Noreg. I Riksrevisjonens rapport om forskningsetikk i universitets- og høyskolesektoren (2021) blir det peika på manglar ved oppfølginga av lova hos forskingsinstitusjonane. FEK opplever generelt at det er stort behov for rettleiing i oppfølginga av forskingsetikklova. Det vil også i det vidare vere viktig for FEK å støtte institusjonane i det forskingsetiske arbeidet. Både prosjektet om utvikling og oppdatering av opplærings- og undervisningsressursar, og prosjektet om ein rettleiar for handsaming av forskingsetiske spørsmål, forskingsetiske saker og saker om ureielegheit, vil vere viktige prioriteringar for FEK framover. Ikkje minst blir det viktig å implementere og følgje opp desse ressursane i åra som kjem.

Etter det FEK erfarer, har forskingsetikklova vore viktig for å slå fast at forskarar og forskingsinstitusjonar har eit ansvar for forskingsetikk. Vi opplever generelt stort medvit rundt betydninga av forskingsetikk ved institusjonane etter at lova kom i 2017. Samstundes ser FEK ein risiko for at den auka lovreguleringa av feltet dei siste 15 åra kan ha negative sider ved at fokuset på å etterleve lovpålagde krav kan gjere at det blir lite tid eller engasjement for etisk refleksjon utover dei rammene som lova set. Offentleg debatt og kritikk den siste tida, der mange forskarar gir uttrykk for at dei opplever «jussifiseringa» av feltet som problematisk, stadfestar dette inntrykket. FEK ser at tilliten til og forvaltinga av forskingsetikk kan bli sett på prøve. FEK har innleia dialog med sentrale aktørar i det norske forskingssystemet for å bidra til å klargjere roller og ansvar. For å motverke dei nemnde tendensane meiner FEK det vil vere viktig også i tida framover å halde fast ved at forskingsetikken òg omfattar vitskapsinterne normer som forskarsamfunnet sjølv har utvikla. Det er viktig at leiarar ved institusjonane anerkjenner og kommuniserer at forskingsetikk er ein integrert del av arbeidet med å sikre høg kvalitet på forskinga. Dette er heilt i tråd med rådande synspunkt i den europeiske og globale diskusjonen rundt forskingsetikk.

Det er i desse dagar to år sidan pandemien første gong stengde ned Noreg. I FEK har vi sett korleis også forskingsetiske normer kjem under press i ei krisetid. I det offentlege ordskiftet har fleire argumentert for at det forskingsetiske rammeverket bør reviderast. Det gjeld spesielt rammeverket for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk. Hos FEK har vi vore opptekne av å formidle at det er gode grunnar til at forskingsetikken også set grenser for kva slags forsking som er etisk god og ansvarleg. Vernet av den enkelte, som er reflektert i lovverk og forskingsetiske retningsliner, er avgjerande både for respekten for enkeltindividet og for tilliten til forskinga. FEK er difor tydelege på at det ikkje skal takast forhasta avgjerder om unntak frå dette rammeverket, og at revisjonar berre skal skje etter grundige og breie risikovurderingar.

Dagens forsking er kjenneteikna av aukande krav og forventningar til brukarmedverknad og samarbeid. FEK har dei siste åra opplevd at denne typen samarbeid også set forskingsetiske normer under press. Særs mange av sakene som komiteane handsamar, reiser forskingsetiske spørsmål i ulike former for forskingssamarbeid der mange aktørar har innverknad på korleis forskinga blir tematisert, utført og nytta. Mange av sakene er dessutan komplekse i den forstand at fleire aktørar er involverte i forkant av prosjektet, anten det handlar om tilrådingar når det gjeld personopplysningslova, vurderingar ut frå kriterium som er utarbeidde av sponsorar, eller vurderingar av forskingsetiske utval ved forskingsinstitusjonane. På bakgrunn av desse erfaringane ser FEK eit behov for tettare oppfølging av korleis andre aktørar tek medansvar for forskingsetikk. Andre aktørar omfattar då særleg oppdragsgivarar og sponsorar, samarbeidspartnarar og brukarar som deltek i forsking. FEK vil vidareføre dialogen med KD om korleis ein best forstår og varetek dette ansvaret.

Krigen i Ukraina og ein endra tryggleikssituasjon i verda kan òg få konsekvensar for varetakinga av forskingsetikk og akademisk fridom. Det er moglege spenningar mellom akademisk fridom og openheit i forsking på den eine sida, og tryggleik på den andre sida. FEK ser at nasjonale tryggleiksomsyn kan vege tungt i tida framover, og meiner det er viktig at ulike aktørar i forskingssystemet er medvitne om slike spenningar. Samstundes gjeld det å ha ein god dialog rundt korleis vi kan fremje openheit og akademisk fridom samstundes som vi varetek tryggleiksomsyn. FEK ser fram til å bidra vidare både i arbeidet med å endre eksportkontrollforskrifta, og i andre sentrale rammeverk for internasjonalt forskingssamarbeid, for å sikre at forskingsetikken blir teken godt vare på også i tida som kjem.

Evna som FEK har til å nå fastsette mål på kortare og lengre sikt, blir samla sett vurdert som god.

Årsrekneskap

Stadfesting

Årsrekneskapen er avlagt i samsvar med føresegnene om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krav frå Kunnskapsdepartementet i verksemds- og økonomiinstruksen for De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK). Vi meiner at rekneskapen gir eit dekkande bilete av dei disponible løyvingane, dei rekneskapsførte utgiftene, inntektene, eigedelane og gjelda til FEK. 

Prinsippmerknad er lagd ved årsrekneskapen.

Rekneskapen til De nasjonale forskningsetiske komiteene blir revidert av riksrevisjonen. 

(Sjå årsrapporten som pdf for informasjon om rekneskapstabellen).