Årsrapport 2025
Last ned heile rapporten som pdf (nynorsk)
Last ned heile rapporten som pdf (bokmål)
Leiar si melding

Helene Ingierd, direktør i Dei nasjonale forskingsetiske komiteane
I 2025 var dei viktigaste prioriteringane våre retta mot forskarar og forskingsinstitusjonar. Vi lever i ei meir usikker verd med ei endra geopolitisk situasjon. Situasjonen krev grundige forskingsetiske vurderingar av korleis ansvarleg kunnskapssamarbeid kan gjennomførast. På slutten av fjoråret publiserte FEK ein ressurs om ansvarleg internasjonalt forskingssamarbeid, utvikla av Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT). Ressursen skal minne forskarar om dei viktigaste normene og korleis gode vurderingar kan gjerast gjennom heile forskingsprosessen. Ho viser til dei mest relevante retningslinene og skal vere eit praktisk verktøy. Vi har òg engasjert oss i pågåande debattar om ansvarleg samarbeid, der det har vore viktig å framheve forskingsetikken si rolle og at institusjonane må ha system på plass for å støtte forskarar når krevjande avvegingar skal gjerast.
Ein stor del av forskinga i Noreg er innan medisin og helsefag, og helseforskinglova er eit sentralt rammeverk for å sikre at denne forskinga er etisk forsvarleg. No får vi ei ny helseforskingslov. Ei viktig endring er bortfall av lovlegheitskontrollen dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK) har hatt, og ei tydeleggjering av ansvaret til forskingsinstitusjonane. I 2025 har det vore viktig for FEK å leggje til rette for diskusjonar om korleis den nye helseforskinglova vil påverke arbeidet i FEK og REK framover. FEK skal hjelpa institusjonane i deira arbeid med forskingsetikk, og vil greia ut korleis dette best kan gjerast, mellom anna knytt til behovet for å utarbeida forskingsetiske retningsliner.
Utviklinga av fagfeltet forskingsetikk skjer i eit samspel med nye utfordringar i samfunnet og forskinga. Dette er særleg tydeleg når det gjeld kunstig intelligens, som har vore eit prioritert tema for FEK i 2025. Vi har arbeidd breitt med tematikken, mellom anna gjennom internasjonalt arbeid der mange diskusjonar handlar om grenser for akseptabel bruk og behovet for openheit. På årskonferansen vår i mars inviterte vi til breie diskusjonar om Living Guidelines on the Responsible Use of Generative AI in Research, det sentrale europeiske rammeverket på feltet. Komiteane er einige om at dei forskingsetiske retningslinene som gjeld i Noreg også kan nyttast på KI, og at EU-kommisjonen sine retningsliner kan vera eit supplement.
Det er viktig for FEK å delta i internasjonale fora. Der skjer mykje av utviklinga på feltet, og vi tek med oss kompetansen tilbake i arbeidet for å støtta forskarar og forskingsinstitusjonar. I 2025 inviterte vi European Network of Research Integrity Offices (ENRIO) til møte i Oslo. Etter møtet publiserte ENRIO ei uttale om forskingsfridom og forskingsetikk, der dei åtvarar om aukande politisk press mot forskinga. Fleire utviklingstrekk trugar forskingsfridomen og grunnleggjande etiske prinsipp. Uttalen oppmodar forskingsinstitusjonane til å vere budde på å møte utfordringane.
I 2025 har sekretariatet, komiteane og utvala utvikla ein ny strategi som skal gjelde frå 2026 til 2030. Strategien formulerer dei komande års prioriteringar innanfor målbildet frå Kunnskapsdepartementet. Den vektlegg mellom anna utfordringar knytte til KI, press på forskinga og eit aukande mangfald av aktørar i forskingslandskapet. Dette gir fleire moglegheiter, men òg behov for meir forskingsetisk kompetanse. FEK understrekar difor behovet for auka merksemd på alle forskingsutøvande institusjonar.
I dette landskapet er det òg vesentleg at aktørar som forskingsfinansiørar tek eit forskingsetisk medansvar. Det er difor både viktig og gledeleg at Forskingsrådet har teke i bruk eit verktøy for forskingsetisk eigenevaluering i 2025, som FEK har utvikla. Eigenevalueringa tek utgangspunkt i ti spørsmål som viser til dei nasjonale forskingsetiske retningslinene. Med dette har Forskingsrådet tydeleggjort dei etiske krava dei stiller til prosjekt som skal få finansiering, Årsrapport fra De nasjonale forskningsetiske komiteene 2025 og kopla krava til anerkjende forskingsetiske normer.
Resultata våre i 2025 har vore som forventa. Vi opplever jamleg auka pågang av saker til Granskingsutvalet som følgje av verknaden av forskingsetikklova. NEM har òg ein jamn og stor tilstrøyming av klagesaker, og dei lovpålagde oppgåvene må prioriterast. Med endringane i helseforskinglova er det eit aukande behov for rettleiing til forskingsinstitusjonane. Lovpålagde oppgåver knytte til saksbehandling blir prioriterte, og dette går ofte på kostnad av anna førebyggjande arbeid og utvikling av fagleg gode ressursar.
Helene Ingierd
Direktør, De nasjonale forskningsetiske komiteene,
Oslo, 15. mars 2025
Introduksjon og hovudtal
FEK er det viktigaste fagorganet for forskingsetikk i Noreg og skal bidra til at all forsking er etisk god og ansvarleg. For å oppnå dette er det avgjerande at FEK samarbeider med forskingsinstitusjonar og forskarar, som har eit tydeleg ansvar for forskingsetikk i eigen praksis. Dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK) er ein sentral samarbeidspartnar, ettersom NEM er klageorgan for vedtak fatta i REK, og òg koordinerer og rettleier REK. Komiteane vart oppretta i 1990. Sidan 2013 har FEK vore eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Komiteane og utvala er fagleg uavhengige, jf. forskingsetikklova § 3.
| Tabell 1. Komitear og utval | ||
| Navn | Forkorting | Talet på medl. |
| Den nasjonale forskingsetiske komiteen for medisin og helsefag | NEM | 14 |
| Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi | NENT | 13 |
| Den nasjonale forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora | NESH | 14 |
| Nasjonalt utval for gransking av ureieleg forsking (Granskingsutvalet) | GRU | 11 |
| Nasjonalt utvalg for vurdering av forsking på menneskelege leivningar (Skjelettutvalget) | SKJ | 10 |
| Tabell 2. Hovudtal | |||
| Kategori | 2025 | 2024 | 2023 |
| Talet på årsverk | 12,1 | 10,4 | 10,6 |
| Samla tildeling | 23 314 000 | 21 908 000 | 21 052 000 |
| Utnyttingsgrada av tildelinga | 103,3 % | 99,8 % | 93,2 % |
| Driftsutgifter | 24 085 550 | 21 859 523 | 19 613 957 |
| Lønsdel av driftsutgiter | 73,4 % | 70,5 % | 74,9 % |
| Lønskostnad per årsverk | 1 467 829 | 1481 818 | 1 385 101 |
Pengestorleikar i NOK. Talet på årsverk er henta frå lønns‑ og personalsystemet SAP. Driftsutgiftene er i samsvar med rekneskaps‑ og økonomisystemet Unit4. FEK gjekk frå kontant‑ til periodisert rekneskap frå og med rekneskapsåret 2024.
FEK helt til i Kongens gate 14 i Oslo sentrum og deler lokaler med Teknologirådet. Sekretariatet vart i 2025 leidd av Helene Ingierd.
Årets aktivitetar og resultat
Oversikt over mål- og resultatstyring for FEK
Kunnskapsdepartementet (KD) har fastsett følgjande samfunnsmål for FEK:
Etisk god og ansvarleg forsking
Følgjande mål er fastsette på brukarnivå:
- Forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar etisk god og ansvarleg forsking
- Andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt
- Samfunnet har tillit til forsking
I tildelingsbrevet for 2025 er det angitt at det første målet på brukarnivå skal ha særleg prioritet. Gjennom arbeidet med Mål- og resultatstyring har vi utviklet følgjande mål for produkt og tenester:
- Fagleg gode retningsliner og ressursar
- Profesjonell rådgivning og rettleiing
- Velgrunna uttalar og vedtak
- Relevante møteplasser for erfaringsutveksling og debatt
KD har òg lista opp følgjande styringsparametrar:
- Forskingetiske retningsliner skal til ei kvar tid vere gode verktøy for å fremje god og ansvarleg forsking
- FEK skal oppfattast som ein ressurs for forskingsinstitusjonane i deira arbeid med å fremje god og ansvarleg forsking
I det følgjande rapporterer vi om måloppnåinga, der vi under kvart mål gjer greie for dei mest sentrale aktivitetane og verksemda sine bidrag til observerte og kartlagde effektar. Vi gir òg ei vurdering av effektiv ressursbruk og i kva grad aktivitetane bidreg til FEK si overordna måloppnåing.
Samla vurdering av prioriteringar, ressursbruk, resultat og måloppnåing
Aktivitetane i 2025 har vore baserte på måla og styringsparametrane som er gitte i tildelingsbrevet. FEK gjennomfører jamlege risikovurderingar og prioriterer dei lovpålagde oppgåvene. Vi har arbeidd systematisk for å halde budsjettet i balanse, mellom anna gjennom å oppdatere rutinane våre for internkontroll. Den overordna vurderinga er at FEK innfrir måla, og at resultata er som forventa. Nedanfor følgjer ei nærare omtale av dette.
Den overordna vurderinga er at FEK innfrir måla, og at resultata er som forventa.
Forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar etisk god og ansvarleg forsking
Det meste av FEK si innsats i 2025 var retta mot dette målet. I Noreg har vi god grunn til å tru at forsking i stor grad skjer i tråd med anerkjende forskingsetiske normer. Kunnskapsgrunnlaget vårt er i hovudsak frå prosjektet Research Integrity in Norway (RINO), som undersøkte eigenrapportering av brot på forskingspraksisar og meldingar om kollegaer. Likevel må vi ta nokre atterhald: Det er no snart ti år sidan undersøkinga. Undersøkinga omfattar tolv forskingspraksisar, men dekkjer i hovudsak brot som gjeld reielegheitsnormer, og ikkje andre moglege brot på forskingsetiske normer.
Rapportane frå institusjonane til Granskingsutvalet, og sakene som kjem inn der, gir òg innsikt i tilstanden. Forskinginstitusjonar skal rapportere moglege alvorlege brot på anerkjende forskingsetiske normer, jf. forskingsetikklova § 6. Formålet er å samle kunnskap om korleis slike saker vert handtert på tvers av sektoren. Utvalet brukar kunnskapen til å leggje til rette for erfaringsutveksling og debatt, og til å rettleie forskarar og forskingsinstitusjonar i behandlinga av enkeltsaker. Dette var òg bakteppet for seminaret Granskingsutvalet heldt i oktober, der aktuelle problemstillingar institusjonane møter, blei tekne opp. Granskingsutvalet har hatt ein stor auke i saker dei siste åra, som omtalt nærare under. Vi legg til grunn at dette ikkje nødvendigvis uttrykkjer meir ureieligheit, men snarare at verknaden av forskingsetikklova no i større grad kjem til uttrykk i praksis.
år det gjeld tilstanden ved forskingsinstitusjonane, seier òg rapporteringa noko om korleis institusjonane møter krava om handtering av moglege alvorlege brot på anerkjende forskingsetiske normer. Forskinginstitusjonane skal rapportere om handteringa av alle saker som gjeld moglege alvorlege brot på slike normer, uavhengig av konklusjon. I tillegg gir Riksrevisjonen si etterkontroll av forskingsetikklova frå 2021 eit viktig kunnskapsgrunnlag. Konklusjonen var at opplæringa i forskingsetikk mange stader er mangelfull, og at om lag halvparten av institusjonane ikkje hadde gode nok system for å avdekkje brot. Vår dialog og kontakt med forskingsinstitusjonane tilseier at det har vore ei positiv utvikling dei siste åra. Vårt klare inntrykk er at institusjonane har kome langt når det gjeld ansvaret for opplæring og for å ha system for å behandle moglege brot på forskingsetiske normer.
Vi veit mindre om korleis andre forskingsetiske saker (saker som ikkje omhandlar brot, jf. lovas definisjon) blir handterte. FEK har tidlegare hatt dialog med Sikt for å bidra til å klargjere institusjonane sitt ansvar for forskingsetikk, og særleg for å unngå ei misforstått samanblanding mellom personvern og forskingsetikk. I «Rammeavtale for personvernbistand i forskning», utarbeidd av Sikt og UHR, som skal gjelde frå 2026, blir ansvarsfordelinga mellom aktørane presisert. I oppfølginga av avtala er det òg viktig å tydeleggjere rolla til Sikt i arbeidet med forskingsetikk. Dette er bakteppet for uttalen om forskingsetikk og personvern som NESH utarbeidde i fjor. Der heiter det mellom anna: «Personvern er altså ein del av forskingsetikken, men etisk forsvarleg forsking handlar om mykje meir, mellom anna god vitskapleg praksis, deltakarane si tryggleik og velferd, samt eit breiare samfunnsansvar.» NESH understrekar vidare institusjonane sitt ansvar (GDPR art. 5.2 og art. 24; forskingsetikklova § 4), i tillegg til at studentar, doktorgradskandidatar og forskarar har eit sjølvstendig ansvar for forskingsetikken (forskingetikklova § 5).
Vi manglar òg kunnskap om status når det gjeld etterleving av forskingsetiske normer i instituttsektoren og i andre forskingsutøvande institusjonar.
Vi manglar òg kunnskap om status når det gjeld etterleving av forskingsetiske normer i instituttsektoren og i andre forskingsutøvande institusjonar, som næringsliv og offentleg forvaltning. Den sistnemnde gruppa er ikkje omfatta av dei same lovpålagde krava til opplæring og system for å handtere brot, jf. lovas definisjon av forskingsinstitusjonar (§ 5). Samstundes er også desse aktørane underlagde formålsparagrafen i forskingsetikklova, som seier: Lova skal bidra til at forsking i offentleg og privat regi skjer i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer.
Gjennom lova er dessutan forskingsinstitusjonane Årsrapport frå Dei nasjonale forskingsetiske komitaene 2025 6gitt ei viktig oppgåve med å sikre at alle som deltek i forsking, har kjennskap til anerkjende forskingsetiske normer, jf. § 5 andre ledd. Vi veit likevel lite om korleis dette blir følgt opp i praksis.
Tett dialog med institusjonane er viktig for å nå målet, og vi har ulike metodar for å sikre dette. Dei viktigaste verkemidla våre er rådgivande uttalar og vedtak, profesjonell rettleiing, utvikling av fagleg gode ressursar og etablering av møteplassar for erfaringsutveksling og debatt.
Uttalar, vedtak og profesjonell rettleiing
Vi prioriterer lovpålagde oppgåver knytte til klagehandsaming og annan saksbehandling: Nesten alle ressursane i FEK er retta mot drifta av komitear og utval, for å sikre effektiv og ansvarleg saksbehandling.
NEM har behandla 14 klagesaker. Median saksbehandlingstid er om lag seks veker, medan gjennomsnittet er ti veker, sidan eitt vedtak hadde dissens og tok lengre tid.
NENT har i 2025 avgitt uttale i éi forskingsetisk sak, knytt til forskingsformidling, akademisk fridom og institusjonelt ansvar. NENT får relativt få saker til behandling, og dei som kjem inn, gjeld ofte ureielegheit som etter forskingsetikklova skal behandlast av institusjonane. Det ser også ut til å vere ein tendens til at faglege usemjer og konfliktar, som eigentleg burde vore løfta i faglege debattar eller i offentlegheita, i større grad blir framstilt som brot på forskingsetiske normer. Samstundes får NENT mange førespurnader om å bidra i opplæringstiltak ved institusjonane. I 2025 har etterspurnaden særleg vore knytt til KI, men òg til andre tema og til generell forskingsetisk rettleiing og opplæring.
NESH får periodevis mange saker og har ein jamn straum av henvendingar som krev profesjonell rettleiing. I 2025 har komiteen òg hatt høve til å ta initiativ til anna arbeid. NESH ser eit behov for å klargjere rammer og retningsliner knytte til personvern og forskingsetikk i Noreg. Dette byggjer på ei rekke saker komiteen har behandla over fleire år, samt erfaringar og innspel frå studentar, forskarar og tilsette som personvernombod og forskingsadministrasjon. Arbeidet handlar både om å skilje tydeleg mellom juridiske og forskingsetiske spørsmål, og om å avklare roller og ansvar. Resultatet er oppsummert i «Uttalelse om personvern og forskningsetikk» (17.12.2025). Skjelettutvalet behandla og gav rådgivande uttalar i sju saker. I tillegg ga utvalet rettleiing og råd i samband med fleire andre henvendingar, samt høyringsinnspel til «Høyring – NOU 2025: 3 Ny kulturmiljølov».
Granskingsutvalet har dialog med forskarar og institusjonar, primært gjennom behandlinga av saker. I 2025 behandla Granskingsutvalet tre ordinære klagesaker og ei anmodning frå Kunnskapsdepartementet om å vurdere spørsmålet om vitskapleg ureielegheit i ei sak om tvungen avslutning av doktorgradsutdanning. For to av sakene blei saksbehandlinga starta i 2024, men uttale i alle fire sakene blei ferdigstilt i 2025. Plagiering var eit tilbakevendande tema i fleire av sakene, i tillegg til brot på normer om medforfatterskap. Forfalsking og fabrikasjon var òg tema i ei av sakene. I alle fire sakene konkluderte Granskingsutvalet med at det førelåg vitskapleg uredeligheit. Granskingsutvalet mottok og behandla 14 rapporteringar frå forskingsinstitusjonar om saker som gjaldt moglege alvorlege brot på anerkjende forskingsetiske normer. Vidare mottok utvalet ei rekke henvendingar frå både institusjonar og privatpersonar, som anten blei behandla fortløpande av sekretariatet – eventuelt i samråd med utvalsleiinga – eller tekne opp i utvalsmøte. Desse henvendingane dreidde seg hovudsakleg om moglege brot på forskingsetiske normer og spørsmål knytte til forståinga av forskingsetikklova og behandlinga av ureieligheitssaker ved forskingsinstitusjonane. Granskingsutvalet mottok òg ein relativt omfattande mengd innsynsbegjæringar i utvalet sine saker.
Dei siste åra har Granskingsutvalet sett ein markant auke i talet på klagesaker, rapporteringar og henvendingar. Sakstilfanget var stabilt høgt i 2025, også samanlikna med 2024. Ingenting tyder på at denne utviklinga kjem til å snu.
Eit utviklingstrekk dei siste par åra er at Granskingsutvalet har gått frå å ha ein primært rådgivande rolle til å få eit meir domstolsliknande preg. På grunn av auken i klagesaker har utvalet i stor grad vore nøydde til å konsentrere ressursane sine om behandlinga av desse. Klagesakene har ofte vore komplekse, og det har vore mykje fokus på Granskingsutvalet si saksbehandling og lovtolking.
Vidare har Granskingsutvalet sett at sakene som kjem til utvalet, og som redeligheitsutvala ved forskingsinstitusjonane rapporterer om, ikkje sjeldan inneheld element av personkonfliktar. Dette indikerer at grensene for kva som er uredeligheitssaker, og kva som i hovudsak handlar om andre utfordringar og som eigentleg høyrer heime til dømes under HR, kan opplevast som uklare. Elles gir forskingsinstitusjonane stadig uttrykk for eit generelt behov for rettleiing i samband med behandlinga av uredeligheitssaker, ikkje minst når det gjeld prosessuelle spørsmål. I tillegg til behandlinga av saker og profesjonell rettleiing per telefon og e-post, bidreg sekretariatsleiarar og direktør med undervisning og foredrag ved ei rekke institusjonar gjennom året, etter vurderingar av kapasitet og relevans.
|
Case: Opplæringsressurser |
|
|
FEK har i 2025 arbeidd vidare med å styrkje tilbodet av opplæringsressursar i forskingsetikk. Målet med arbeidet er å bistå forskingsinstitusjonane i deira arbeid med undervisning og opplæring i forskingsetikk og å bidra til at forskarar, studentar og andre aktørar har kjennskap til anerkjende forskingsetiske normer. I 2025 har vi hatt eit særleg søkelys på å utvikle temasider om aktuelle og/eller etterspurde forskingsetiske tema. |
|
|
Temasidene skal innehalde korte oversiktstekstar med tilvising til relevante ressursar og referansar til vidare lesing. I 2025 har vi utarbeidd to temasider; éi om ureielegheit og éi om urfolk og nasjonale minoritetar. Temaside for ureieligheit tek for seg kva vitskapleg ureieligheit er, korleis ureieligheit skal handterast og korleis det kan førebyggjast. Temaside for urfolk og nasjonale minoritetar tek for seg kva for forskingsetiske spørsmål denne forskinga reiser. |
|
Retningsliner og lovverk
Det er vidare ei prioritert oppgåve for oss å sikre at forskingsetiske retningsliner er gode verktøy for å fremje god og ansvarleg forsking. Retningslinjene formulerer kva som utgjer anerkjende forskingsetiske normer. Utarbeiding og revisjon av desse er sentrale oppgåver for komiteane, men komitear og utval har ulike høve til å prioritere slikt arbeid. NESH, NENT og Skjelettutvalet har revidert retningsliner og rettleiingar dei siste åra. Når saksmengda er stor, blir det endå viktigare å ha gode verktøy for forskingsetiske vurderingar – samstundes som det gir mindre tid til å utarbeide eller revidere slike. NEM og Granskingsutvalet har ikkje same moglegheit til å prioritere denne oppgåva på grunn av løpande sakshandsaming.
NENT utarbeidde i 2025 forskingsetiske råd om internasjonalt samarbeid. Bakgrunnen er forskarar og forskingsinstitusjonar sitt behov for rettleiing i ein stadig meir krevjande geopolitisk situasjon. Råda skal vere eit dynamisk dokument som blir oppdatert ved behov.
NENT starta òg arbeidet med ein antologi om kunstig intelligens og forskingsetikk. Denne skal fullførast i 2026 og vere ei viktig ressurs for forskarar og andre. NESH ser òg behov for å klargjere forskingsetiske dilemma som gjeld kunstig intelligens, menneske og samfunn. I tillegg til å revidere Forskningsetisk veileder for internettforskning (2019), starta komiteen hausten 2025 arbeidet med ein ny rettleiar om kunstig intelligens. Rettleiarar skal ferdigstillast og sendast på høyring i løpet av 2026.
Skjelettutvalet ferdigstilte i 2025 arbeidet med ei nettressurs om handtering av skjelett utan forskingsformål. Ressursen gir rettleiing til privatpersonar og institusjonar om korleis dei best kan handtere menneskelege levningar/skjelett med uvisst opphav og/eller som ikkje blir brukte i forsking eller undervisning, samt rettleiing i vurderingar kring eventuell DNA-analyse.
NEM er derimot i ein situasjon der nesten all tid går til saksbehandling, primært klagesaker. I tildelingsbrevet for 2025 står det under særlege forventningar at Retningslinjer for inkludering av kvinner i medisinsk forskning (NEM, 2001) skal nyttast i vurderinga av nye forskingsprosjekt, og at kravet om å gjere greie for kjønnsperspektivet skal følgjast opp gjennom dei regionale forskingsetiske komiteane sine rutinar og praksis. NEM har ikkje hatt ressursar til å oppdatere retningslinjene, då komiteen har måtta prioritere klagesaker.
2025 var òg eit år der komiteen brukte vesentlege ressursar på å gi innspel til og arbeide med dei kommande endringane i helseforskinglova, som er det sentrale rammeverket for NEM sitt ansvarsområde.
| CASE: Forskingsetiske råd om internasjonalt samarbeid | |
|
NENT utvikla i 2025 ein nettressurs med forskingsetiske råd om internasjonalt samarbeid. Bakgrunnen er utviklinga globalt, med auka geopolitisk spenning, polarisering og forsøk på politisk styring av forsking. Mange forskarar er usikre på kvar grensene går for finansiering, publisering eller samarbeid med forskarar frå land der styresmaktene i aukande grad styrer forskinga politisk. Ressursen er ikkje nye retningsliner, men ein inngang til forskingsetiske retningsliner og andre dokument som er relevante for internasjonalt samarbeid. Han trekkjer fram ulike aspekt forskarar bør ha tenkt gjennom før dei startar opp samarbeid – knytt til dei ulike fasane i eit forskingsprosjekt. Kvart punkt leier vidare til relevant rammeverk for utdjuping. Ressursen gir òg råd til forskingsinstitusjonar og finansierarar. |
![]() |
| Produktet er utvikla av NENT, men tilvisingane til relevante ressursar er kvalitetssikra av NESH, GRU og SKJ. Produktet er dynamisk og vil bli oppdatert med jamne mellomrom. Det kan sjåast på som eit komplementært dokument til HK-dirs retningsliner og verktøy for ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid. | |
Møteplassar
Komité- og utvalsmøte er avgjerande møteplassar for at vi skal kunne oppfylle samfunnsoppdraget vårt, og institusjonsbesøk blir rekna som viktige for å oppretthalde god dialog med forskingsinstitusjonane. Det er i desse møta komitear og utval kjem fram til uttalar og vedtak, og der dei utarbeider ressursar.
Komité‑ og utvalsmøte
I 2025 hadde NEM sju ordinære komitémøte. I samband med eitt av møta gjennomførte komiteen eit institusjonsbesøk ved NTNU i Trondheim. NEM møtte fleire forskingsmiljø, og temaet for besøket var hovudsakleg forskingsetikk, kunstig intelligens og genetiske analysar. Dei besøkte desse miljøa:
- HUNT (ei befolkningsbasert helseundersøking i Trøndelag), der komiteen drøfta genetiske analysar i forsking på materialet deira. Viktige tema, som til dømes kva gamle samtykke dekkjer, blei diskuterte. Dette førte til at NEM i etterkant blei kontakta av Tromsøundersøkinga for ein samtale om bruk av gamle samtykke i lys av nye metodar for genetiske analysar.
- Forskargruppa Medisinsk teknologi ved SINTEF, der NEM fekk ein lab-demonstrasjon av KI, ultralyd og robotikk, og deltok i diskusjonar om internasjonal datainnsamling.
- In-motion, der dei forskar på bruk av KI for å analysere videoar av spedbarn, med mål om å identifisere dei som har risiko for å utvikle cerebral parese tidlegare enn i dag.
- NorHead ved Norsk senter for hodepineforsking, som òg nyttar KI i arbeidet sitt.
NENT hadde fire ordinære møte i 2025. Møtet i mai blei kombinert med:
- Eit institusjonsbesøk hos Veterinærinstituttet i Trondheim. Temaet var først og fremst oppdrett og dyrevelferd hos akvatiske dyr.
- Eit møte med Norwegian AI Lab (NAIL) ved NTNU. Temaet her var ansvarleg bruk av kunstig intelligens (KI).
I 2025 hadde NESH fire ordinære møte, eitt av dei digitalt. I tillegg blei det halde ei rekke møte i to løpande arbeidsgrupper om høvesvis «personvern og forskingsetikk» og «kunstig intelligens». I samband med det siste møtet organiserte NESH eit institusjonsbesøk i Oslo 26. november. NESH ønskte å lære meir om kunstig intelligens, særleg om aktuelle utfordringar knytte til språk, publisering og tryggleik.
Komiteen hadde invitert følgjande:
- Språkrådet
- Scandinavian University Press og The International Association of Scientific, Technical & Medical Publishers (STM)
- Institutt for forsvarsstudiar ved Forsvarets høgskole.
Granskingsutvalet hadde fem ordinære utvalsmøte – tre fysiske og to digitale. I tillegg blei det halde to ekstraordinære digitale møte som følgje av fleire komplekse klagesaker. Vidare blei det gjennomført fem møte mellom utvalsmedlemmer og partar/involverte i klagesaker. Desse møta blei haldne av omsyn til opplysninga av sakene. Eitt av møta var fysisk, medan dei fire andre var digitale.
Granskingsutvalet gjennomførte også eit institusjonsbesøk 6. mai 2025 ved Universitetet i Oslo (UiO). Der møtte utvalet Felles redeligheitsutval for Institutt for klinisk medisin ved Det medisinske fakultetet UiO, Oslo universitetssjukehus HF og Akershus universitetssjukehus HF. Forskingetisk utval ved UiO var òg til stades. I møtet blei det lagt til rette for erfaringsutveksling. Vidare blei følgjande tema tekne opp: system for etterleving av systemansvaret, organisering av forsking ved universitetssjukehus, og organisering av forsking i forskingsgrupper.
Skjelettutvalet gjennomførte fire ordinære utvalsmøte og to ekstraordinære møte. Utvalet hadde òg tre dialogmøte med institusjonar i Helsink:
- The National Museum of Finland
- The Finnish Heritage Agency
- The Collection and Conservation Centre in Vantaa.
Formålet med møta var å lære og utveksle erfaringar om handtering (forvaltning, forsking, repatriering) av levningar frå urfolk og minoritetar. Utvalet gjennomførte òg to dialogmøte med Medisinsk fakultet og Institutt for medisinske basalfag (Universitetet i Oslo) om forsking og forvaltning av skjelettmaterialet ved Bioantropologisk samling.
FEK og Skjelettutvalet hadde dessutan møte med Australian Institute of Aboriginal and Torres Strait Islander Studies (AIATSIS), som var i Noreg i samband med FEKs årskonferanse 13. mars. Temaet for møtet var forskingsetiske spørsmål i forsking som involverer urfolk, og utvikling av forskingsetiske retningsliner.
Til saman hadde komiteane og utvala 35 ordinære møte i 2025, i tillegg til møte i arbeidsgrupper og møte med institusjonar, samt arbeid utanfor møtesamanheng. Dette viser ein tydeleg auke i arbeidsmengda for komiteane og utvala, noko som reflekterer både større saksmengde og meir komplekse saker.
Andre møteplassar
Årskonferansen for medlemmer og sekretariat blei halde på Nasjonalmuseet og var godt besøkt. Saman med Samarbeidsutvalet, der leiarane og direktøren møtest to gonger i året, er dette den viktigaste felles møteplassen for å leggje til rette for godt samarbeid på tvers. Vi tok utgangspunkt i fagleg prioriterte tema for FEK i 2025: urfolk og nasjonale minoritetar, og kunstig intelligens. I tillegg ønskte vi å leggje til rette for erfaringsutveksling knytt til det å vere komité- eller utvalsmedlem, for å bruke desse erfaringane i det vidare arbeidet med opplæring av nye medlemmer frå 2026.
På tvers av desse tema ønskte vi òg å opne for ein diskusjon om behovet for spesifikke forskingsetiske retningsliner innan dei ulike fagfelta. Land som Australia og Canada har utvikla eigne retningsliner for forsking som involverer urfolk. I Noreg har Sametinget utarbeidd etiske retningsliner for samisk helseforskning. Innleiarane understreka behovet for at urfolksmiljø skal ha eigarskap og kontroll over data som blir samla inn om dei, særleg med tanke på at desse data kan nyttast til å utforme politikk som påverkar dei. Eigne retningsliner kan bidra til betre ivaretaking av urfolk sine perspektiv.
Når det gjeld kunstig intelligens, fekk vi ei presentasjon av Living Guidelines on the Responible Use of Generative AI in Research ved Dr. Daniela Melandri, Policy Officer i European Commission, Directorate-General for Research and Innovation. Dette er det sentrale europeiske rammeverket for ansvarleg bruk av KI i forsking. Vi la opp til kommentarar og refleksjonar frå leiarane i NEM, NENT og NESH om behovet for retningsliner. Leiarane var samde om at dei forskingsetiske retningslinene som alt gjeld i Noreg, òg kan nyttast på KI, og at EU-kommisjonen sine retningsliner kan brukast som eit supplement.
På Forskningetisk forum i 2025 stod opplæring i forskingsetikk på agendaen. Formålet med forumet er å leggje til rette for erfaringsutveksling og gjensidig læring for dei inviterte. Dette er møteplassen for alle som arbeider med forskingsetikk ved institusjonane, og han er alltid godt besøkt – også denne gongen. Vi ser at forumet er særleg viktig for å sikre god støtte til forskingsinstitusjonane. Det blei tydeleg at institusjonane tek ulike grep for å oppfylle lova sine krav om opplæring, og at det er mange ønskjer knytte til kva for ressursar FEK bør tilby. Vi fekk høve til å gjere ressursane våre betre kjende og motta innspel til det vidare arbeidet med opplæringsressursar.
I FEK har vi òg arbeidd med planar for opplæring av medlemmane i komitear og utval, og for å leggje til rette for best mogelege rutinar rundt oppnemninga. Vi hadde møte med Kunnskapsdepartementet og Forskningsrådet tidleg på året for å kome med innspel til prosessen med nye oppnemningar til komitear og utval 2026–2029, mellom anna behovet for tidlege avklaringar, god informasjon og transparente kriterium.
Som eit ledd i å planleggje for god opplæring av nye medlemmar, har vi òg arrangert ein workshop i 2025 med representantar frå EU-prosjektet CHANGER. Prosjektet har som føremål å utvikle og formulere ulike metodar for etikkvurderingar i forsking, særleg med tanke på teknologiutvikling og nye forskingsmetodar og samarbeidsformer. Dette er relevant kompetanse for medlemmane våre, og vi sende invitasjon til leiarane, samt representantar frå ulike etikkutval ved institusjonane. Workshopen gav oss i FEK nyttige tilbakemeldingar, mellom anna om behovet for rettleiing rundt organiseringa av arbeidet med handsaminga av forskingsetiske saker og spørsmål ved institusjonane, som ikkje handlar om uredelegheit.
FEK arrangerte ope møte med SIKT i mai om personvern og forskingsetikk. Temaet var «Deling og bruk av data i forsking», mellom anna med utgangspunkt i Vidarebruksutvalet si utgreiing Med lov skal data deles (NOU 2024: 14). Ein bolk handla om bruk av ny teknologi til å samle inn forskingsdata, og her innleidde mellom andre Alexander Schøll frå SIFO ved OsloMet, basert på røynslene sine med personvern og forskingsetikk i prosjektet KidAd. I same bolk gjorde sekretariatsleiar Vidar Enebakk greie for hovudpunkta i NESH si uttale (2024/121) om dette prosjektet. Direktør Helene Ingierd innleidde om skilnadene mellom personvern og forskingsetikk. Dette er ein viktig møteplass for FEK for å fremje betre forståing av grenseoppgangane forskingsetikk/ personvern, og møtet var godt besøkt.
NENT arrangerte to digitale opne møte om forskingsetikk og kunstig intelligens: 8. mai diskuterte Marko Lukic (UiT) og Marija Slavkovik (UiB) om store språkmodellar undergrev akademisk integritet, eller om dei berre avslører utfordringar akademia har hatt lenge. Dei snakka òg om bærekraftsutfordringar knytte til utvikling og bruk av KI. Webinaret hadde 120 påmelde.
12. november snakka Michael Riegler (Simula, OsloMet) og Heidrun Åm (NTNU) om forventningar og fallgruver knytte til KI i forsking. Kva ansvar har forskarane, og kva må vere på plass før KI kan takast i bruk? Webinaret hadde 180 påmelde. I tillegg har komitéleiar og sekretariatsleiar delteke på ulike arrangement, seminar og konferansar, der KI ofte har vore eit tema.
Granskingsutvalet avheldt seminar 4. november 2025 på Litteraturhuset i Oslo. Seminaret omhandla røynsler med aktuelle forskingsetiske problemstillingar frå det dåverande utvalet, som skulle avslutte perioden sin ved utgangen av året. Utvalet delte røynslene sine gjennom fire tema: vilkåra for å konstatere vitskapleg ureielegheit, korleis ein skal trekkje den nedre grensa for plagiat, forskingsetikken sine grenseflater, og rapportane Granskingsutvalet mottar frå forskingsinstitusjonane. Temaene såg ut til å engasjere publikum, som bidrog aktivt med spørsmål til diskusjon. Seminaret var fullteikna, og særleg relevant for dei som arbeider med uredelegheitssaker ved institusjonane.
Utvalet delte røynslene sine gjennom f ire tema: vilkåra for å konstatere vitskapleg ureielegheit, korleis ein skal trekkje den nedre grensa for plagiat, forskingsetikken sine grenseflater, og rapportane Gransking sutvalet mottar.
Andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt
I Noreg er det klare politiske målsetjingar om auka forsking, òg utanfor dei etablerte forskingsinstitusjonane. Dette krev auka kompetanse og fokus på forskingsetikk. I FEKs nye strategi heiter det: «Det aukande mangfaldet av aktørar i forsking gir nye moglegheiter for kunnskapsutvikling, men òg eit større behov for forskingsetisk kompetanse hos fleire.» Målet favnar mange ulike aktørar, som alle forskingsutførande institusjonar (i tillegg til forskingsinstitusjonar); oppdragsgivarar; samarbeidspartnarar; politiske styresmakter; finansierarar; og brukarar.
Dei siste åra har FEK prioritert å ha ein tett dialog med Forskningsrådet, fordi dette er ein stor og viktig aktør i det norske forskingssystemet. Internasjonalt er det etter kvart mykje merksemd rundt den viktige rolla forskingsfinansierande instansar kan spele i arbeidet med forskingsetikk. I 2025 har vi følgt opp dialogen rundt den nye forskingsetiske eigenevalueringa i Forskningsrådet. Vi har mellom anna hatt samtalar om behovet for evaluering og utviding av eigenevalueringa. FEK har i denne samanhengen understreka at om det er forsking, er det dei forskingsetiske retningslinene som gjeld, og at forskingsinstitusjonane har ansvar for at samarbeidspartnarar kjenner til forskingsetiske normer. Forskingsrådet bør òg stille krav om dette ved finansiering, og leggje til rette for tydelege avklaringar av kva som er forsking og kva som ikkje er det.
FEK har òg prioritert å bistå HK‑dir og Forskningsrådet i arbeidet med å vidareutvikle retningsliner for ansvarleg internasjonalt samarbeid. Desse skal vere ei støtte for institusjonar og fagmiljø. FEK fekk ei førespurnad om å bidra med ein ressurs om medforfattarskap i internasjonalt samarbeid, som mellom anna omtalar kva for typiske vegval som finst, og forskjellar mellom fagmiljøa. FEK meiner det er viktig å bidra til dette, då vi opplever at medforfattarskap stadig er eit dreiepunkt for mange konfliktar og saker om ureieligheit. Med innspel frå samtlige komitear og utval leverte derfor FEK ein tekst som skal tydeleggjere kva forskingsetiske normer som gjeld, og korleis ein bør gå fram for å sikre at dei blir ivaretekne.
Medlemmer frå Granskingsutvalet og tilsette i sekretariatet deltok på seminar i Det Norske Videnskaps‑Akademi 29. august 2025, der diskusjonstemaet var kven som skal reknast som part etter forvaltningslova i saker om mogelege brot på anerkjende forskingsetiske normer. Dette var ei sentral problemstilling for Granskingsutvalet i 2025, og var gjenstand for omfattande debatt med andre aktørar i miljøet.
NEM har behandla ei førespurnad frå ei arbeidsgruppe nedsett av Justis‑ og beredskapsdepartementet. Arbeidsgruppa hadde som mandat å vurdere og foreslå rettslege rammer for bruk av biologisk materiale innhenta i strafferettspleia til rettsmedisinsk metodeutvikling, kvalitetssikring og forsking. Også sekretariatsleiar for NESH, Vidar Enebakk, har delteke på møte i arbeidsgruppa.
Endringar i helseforskinglova har òg i år teke ein del tid for NEM. NEM har gitt innspel til Stortingskomiteens behandling av lova, og hatt fleire møte med Helsedirektoratet i samband med oppdraget dei har fått av Helse- og omsorgsdepartementet om å utarbeide ein rettleiar til helseforskinglova. I samband med endringane som kjem, har fleire institusjonar vore i kontakt med NEM, og sekretariatsleiaren har vore ute og informert om kva betydning endringane vil ha særleg for registerforsking.
NEM har òg delteke på ein rundebordskonferanse arrangert av Legeforeininga i samband med oppstarten av revisjonen av Taipeikonvensjonen.
Ein gong i året samlast REK, NEM og tilhøyrande sekretariat til eit felles møte, det såkalla Storfellesmøtet. NEM er ansvarleg arrangør og samarbeider om plan, innhald og gjennomføring med ei REK-komité på rundgang. På Storfellesmøtet blir overordna forskingsetiske tema diskuterte, men òg konkrete saker som har vore vurderte i REK og/eller NEM. Møtet har som føremål å gi opplæring, og å bidra til auka refleksjon rundt forskingsetiske problemstillingar. I tillegg er Storfellesmøtet ein viktig arena for å bli kjent, samarbeide og samhandle på tvers av komiteane og sekretariata.
I 2025 gjekk Storfellesmøtet over to dagar med 140 deltakarar i Oslo. Tema var endringar i helseforskinglova, vekting av forskingsetiske dilemma og markering av REK 40 år. Det blei gjort opptak av presentasjonane, som blir brukte til intern opplæring og repetisjon hos komitear og sekretariat i REK og NEM. FEK v/NEM har òg i 2025 hatt eit godt og omfattande samarbeid med REK-systemet. I tillegg til Storfellesmøtet blei det avheldt to møte i arbeidsutvalet (AU) mellom REK og NEM. FEK v/NEM har i 2025 òg arrangert eit fysisk dagskurs for nye komitémedlemmar i REK. Føremålet med kurset var å bli kjent med kva som er REK sitt samfunnsoppdrag, og kva rolle medlemmen har. Kurset gav ei innføring i dei viktigaste lovene og etiske normene for å oppnå harmonisert praksis, samt ei innføring i korleis ein vurderer ei søknad. Det blei gjort opptak av presentasjonane, som blir brukte til intern opplæring og repetisjon hos komitear og sekretariat i REK og NEM.
Direktør og sekretariatsleiarar i høvesvis Granskingsutvalet, Ragnhild Aursnes Dammen, og NESH, Vidar Enebakk, har delteke på møte i European Network of Research Integrity Offices (ENRIO). Direktøren sit i styret til ENRIO og har delteke i utviklinga av ny strategi og i arbeidsgrupper rundt tema som forskingssikkerheit og kunstig intelligens. Ho leier òg arbeidet med ein rapport som skal utvikle omforente definisjonar av sentrale nøkkelomgrep knytte til forskingsetikk i Europa. Ingierd sit òg i planleggingskomiteen for verdskonferansen for forskingsintegritet (WCRI), som blir arrangert i Vancouver i mai 2026. Her har ho bidrege i planlegginga av det faglege programmet, særleg gjennom å få godkjent forslag om ein plenumssesjon på konferansen om forskingssikkerheit og forskingsetikk. Dette blir sett på som ei god moglegheit til å løfte fram sentrale problemstillingar som vi i FEK ønskjer belyste på den globale møteplassen for forskingsetikk.
Sekretariatsleiar for NEM, Camilla Bø Iversen, har delteke på tre møte med European Network of Research Ethics Committees (EUREC), eitt av dei fysisk. Bø Iversen har òg delteke på årsmøtet til Den Nationale Videnskabsetiske Komité, som dei held saman med De Videnskabsetiske Medicinske Komitéer (VMK) i Danmark. Tema var bruk av KI i saksbehandlinga.
Lene Os Johannessen heldt innlegget «Indigenous peoples and national minorities in research» på 34th NEC Forum i Warszawa 26. juni 2025. NEC Forum samlar dei nasjonale råda for bioetikk og vitskapsetikk i EU-landa.
Ingierd er oppnemnd som kontaktpunkt for ERA-tiltak nr. 18 om etikk og integritet, og har delteke på møte om dette i regi av Kunnskapsdepartementet. Tiltaket er retta inn mot ei målsetjing om eit koordinert rammeverk for integritet og etikk i forsking og innovasjon i Europa.
Ingierd har òg delteke på mottakingar for utanlandske gjester som arbeider med forskingsetikk, mellom anna frå Australia, Thailand og Kina, med presentasjonar om det norske systemet. 26. mai deltok direktør og NESH-leiar Heidi Østbø Haugen på møte i regi av Kunnskapsdepartementet i samband med besøk frå det kinesiske forskingsdepartementet, The Ministry of Science and Technology (MOST). 7.–8. mai vitja NESH-leiaren Taiwan og National Yang Ming Chiao Tung University, der ho fortalde om NESH og delte erfaringar med utvikling av opplæringsressursar.
Samfunnet har tillit til forsking
I den nye strategien vår blir svekt tillit til nokre forskingsfelt framheva som eit av utviklingstreka som påverkar prioriteringane våre framover. Tillit til forsking må sjåast i nær samanheng med tillit i samfunnet elles, ettersom forsking og politikk har blitt tettare integrerte (Thue m.fl., 2022). Studien Tillit og turbulens: Endringer i tillit til forskning i Norge 2019-2024 (Wollebæk m.fl., 2026) viser at det generelt er høg tillit til forsking i Noreg, men at tilliten er svekt innan nokre forskingsfelt. Til dømes rangerer tillit til forsking på kjønn og likestilling lågt, rundt 40 prosent på slutten av perioden 2019–2024. Studien understrekar korleis tillit til forsking er kopla til større samfunnsstraumar, men peikar samstundes tydeleg på samanhengen mellom forskingsetikk og tillit: Etterlevinga av sentrale forskingsetiske normer, som uavhengigheit, kvalitet og formidling av vitskapleg uvisse, er avgjerande for tillit.
Det er en viktig skilnad mellom tillit som empirisk fenomen og tillit som normativt omgrep: at folk faktisk har tillit til forskning, og at folk har gode grunnar til å ha tillit til forskning.
Det er ein viktig skilnad mellom tillit som empirisk fenomen og tillit som normativt omgrep: at folk faktisk har tillit til forsking, og at folk har gode grunnar til å ha tillit til forsking. FEK skal bidra til tillitsverdigheit, ikkje blind tiltru. Dette gjer vi gjennom alt arbeidet vårt, ved å byggje opp under at forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar anerkjende forskingsetiske normer, samt at andre aktørar tek medansvar for forskingsetikk. Med andre ord: at vi har gode system som sikrar og fremjar ansvarleg forsking. I arbeidet med å bidra til tillitsverdigheit meiner vi det er særleg viktig å spreie kunnskap om forskinga sine grunnleggjande normer til ei større offentlegheit. Slik kan vi auke forståinga for at forskinga sine normer og metodar gjer at vi kan ha stor tiltru til den kunnskapen som blir produsert.
Utvikling av nye nettsider
Nettsidene er vår viktigaste kanal for ekstern kommunikasjon. Forskningsetikk.no er per i dag strukturerte på bakgrunn av korleis organisasjonen FEK er bygd opp. Nyare kunnskap om navigasjon på nettsider viser nokså eintydig at det er meir intuitivt å f inne fram i ein temabasert struktur. Vi gjennomførte ei brukarundersøking på nettsida for å undersøkje om dette òg gjeld brukarane våre. Nesten 70 prosent stadfesta at dei føretrekkjer ein temabasert struktur. Undersøkinga viste òg at vi har mykje innhald brukarane er interesserte i, men at dette kan vere noko utilgjengeleg. Vi planlegg derfor ei omlegging av strukturen, samstundes som vi vil leggje betre til rette for søk. Prosjektet skal etter planen ferdigstillast i 2026.
Talet på besøk på nettsidene har vore nokså tilsvarande som for føregåande år. Talet på sidevisingar har gått ned, utan at det er mogleg å sjå ei eintydig forklaring på dette. Nedgangen kjem mellom anna tydeleg fram på dei engelske sidene, utan at enkeltressursar skil seg spesielt ut. Eit element som spelar inn på talet på sidevisingar, er at det i 2025 ikkje er publisert innhald frå Magasinet Forskningsetikk, ettersom magasinet er under omlegging til heilt digital utgåve.
| Tabell 3 | 2025 | 2024 | 2023 |
|
Sidevisningar totalt |
474 810 | 848 109 | 1 766 540 |
| Sidevisningar på engelsk | 120 388 | 216 686 | 476 483 |
| Talet på besøk | 256 037 | 271 633 | 321 750 |
| Økter på mobil (inkl. nettbrett) | 45 323 | 54 655 | 76 869 |
Dei mest brukte ressursane er framleis retningsliner, særleg innan samfunnsvitskap og humaniora, og for forsking med dyr. Enkeltartiklar om metode er òg mykje brukte. Sjølv om besøk frå Noreg dominerer, er nettsidene òg mykje brukte i andre land, som USA, Kina, Storbritannia, Filippinane og India.
Digitalisering av Magasinet Forskningsetikk
I løpet av året har arbeidet til redaktøren i hovudsak vore konsentrert om å leggje grunnlaget for omlegginga av Magasinet Forskningsetikk frå papirbasert utgiving til ei utelukkande digital publisering. Dette har omfatta strategiske avklaringar om føremål, målgrupper og redaksjonell profil i ein digital kontekst, samt arbeid med konsept, struktur og innhaldsformat for den komande nettutgåva. Parallelt er det arbeidd med planlegging av utvikling av nye arbeidsf lytar tilpassa løpande digital publisering. Overgangen inneber eit betydeleg utviklingsarbeid, men gir samstundes nye moglegheiter for meir aktuell, tilgjengeleg og fleksibel formidling av fagstoff.
Omlegginga må òg sjåast i lys av verksemda sitt mål om å bidra til kunnskap om dei verdiane, prinsippa og normene forskingsetikken er tufta på. Fagbladet er i denne samanhengen ein viktig kanal for uavhengig kvalitetsjournalistikk om aktuelle tema innan forskingsetikk, og utviklinga av ei ny digital plattform er eit sentralt grep for å vidareføre og styrkje denne rolla. Lansering av den nye nettutgåva er planlagt før sommaren eller like etter sommaren komande år.
Deltaking i offentleg debatt
FEK ønskjer å løfte forskingsetiske spørsmål i offentlegheita, og vi lever i ei tid der dette framstår som særleg viktig. Direktøren har engasjert seg i diskusjonar om forsking under press og forskingsfridom, mellom anna gjennom ein kronikk i Aftenposten: «Kva skjer når forskinga sine vaktbikkjer forsvinn?»
Kronikken blei skriven etter innsetjinga av Donald Trump som USAs president og etter fleire urovekkjande grep med tyding for den frie forskinga og andre forskingsetiske normer. Kronikken skildrar ulike typar press på forskinga og forskingsetiske komitear si rolle som ei vaktbikkjefunksjon som skal verne forskinga, mellom anna mot eksternt politisk press. I kjølvatnet av dette tok Ingierd òg til orde for ei europeisk uttale om press på forskingsetiske normer og behovet for å verne og styrkje desse normene. Denne uttalen blei publisert av ENRIO, og finst her: Research Integrity as a Safeguard for the Freedom of Scientific Research in Responsible International Collaborations.
Direktøren har òg engasjert seg i diskusjonar om ansvarleg internasjonalt samarbeid. Dette er pågåande diskusjonar blant forskarar og ved mange forskingsinstitusjonar, ikkje minst om samarbeid med Israel. Særleg viktig har det vore å framheve forskingsinstitusjonane sitt ansvar, og at mange av spørsmåla som blir reiste om samarbeid, er forskingsetiske. Forskarar må gjere mange av avvegingane, og dei må få støtte frå institusjonane.
Styring og kontroll i FEK
FEK si overordna vurdering av styringa og kontrollen for verksemda
FEK arbeider systematisk med styring og kontroll i verksemda. I tryggleik- og beredskapsgruppa (SOB) deltek tre av tretten tilsette, høvesvis direktør, HR- og økonomiansvarleg og personvernombod. Det er ei generell utfordring at sekretariatet har få tilsette, samstundes som det blir stilt omfattande krav til arbeidet med tryggleik og beredskap.
Samfunnstryggleik og beredskap
FEK har eit styringssystem for sikkerheit i samband med tryggleiks- og beredskapsarbeidet, som også er samordna med leiingssystemet for informasjonstryggleik og den øvrige verksemdsstyringa. FEK har kartlagt eigne verdiar og avhengnader i samband med tryggleiks- og beredskapsarbeidet. Kompetansen i sekretariatet er identifisert som ei av dei viktigaste verdiane. Storleiken på sekretariatet inneber ei sårbarheit når det gjeld spisskompetanse som er vanskeleg å erstatte. Vi har ein kontinuitetsplan for bortfall av kompetanse og har gjennomført viktige risikoreduserande tiltak knytte til nedteikning av rutinar.
Personopplysningar er òg identifiserte som ein verdi som må vernast. FEK har stort søkelys på gode rutinar på dette området og gjennomfører risikoreduserande tiltak som til dømes kompetanseheving og bevisstgjering av tilsette. Samstundes er det ei høg grad av medvit på dette området blant tilsette, då personvern er ein del av forskingsetikken. I 2025 hadde vi eit møte på NUPI for å drøfte korleis små verksemder best kan imøtekomme krava til tryggleik.
Krise- og beredskapsplanverket i FEK omfattar beredskapsplan, inkludert ein pandemiplan, og ROS-analyse, som dekkjer dei tre sikkerheitsområda samfunnstryggleik og beredskap, nasjonal tryggleik, og informasjonssikkerheit og personvern. Beredskapsplanen og ROS-analysen for FEK blei gjennomgått og reviderte våren 2025. Dei områda vi vurderer som har høgast risiko for verksemda, er cyberåtak, personopplysningar på avvegar og pandemi. Dei uønskte hendingane er valde ut frå ei vurdering av kva som er mest aktuelt for FEK, i lys av eigne erfaringar og generelle tendensar i samfunnet, slik dei mellom anna er skildra i årlege risikovurderingar frå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM).
I 2025 gjennomførte sekretariatet ei øving om bruk av kunstig intelligens i arbeidet. Føremålet var å identifisere moglegheiter og utfordringar knytte til verktøy, og å avdekkje behov for vidare opplæring og rutinar, mellom anna knytte til personopplysningar på avvegar. Dei tilsette fekk presentert eit scenario som dei først skulle reflektere over på eiga hand, før vi diskuterte i fellesskap. Øvinga var som følgjer:
Du bidreg i arbeidet med ei antologi. Ein av artiklane skal omsetjast til engelsk før publisering. Du har ikkje budsjett til å bruke ekstra midlar på omsetjing, og bestemmer deg for å nytte gratis omsetjingsverktøy. Korleis går du fram?
Kollegaen din hjelper òg til i arbeidet. Ho nytta ChatGPT for å gjere omsetjinga. Kan det vere problematisk? Kva må ho vere ekstra merksam på?
Då kollegaen din la dokumentet inn i ChatGPT, kopierte ho òg inn honorarinformasjon, inkludert kontaktinformasjon og personnummeret til forfattaren av artikkelen. Korleis skal ho handtere dette?
Det kom mange gode refleksjonar, som òg avdekte behovet for meir opplæring i ulike verktøy og utarbeiding av retningslinjer. SOB-gruppa følgjer dette opp.
I 2025 gjennomførte sekretariatet ei øving om bruk av kunstig intelligens i arbeidet.
Vi har gjennomført ei kartleggingssamtale med HK-dir om tryggleiksarbeidet.
Alle tilsette deltek på kurs i tryggleiks månaden i regi av XtraMile.
Informasjonstryggleik og personvern
Informasjonstryggleik handlar om å sikre informasjon og informasjonsverdiar, uavhengig av om dei er lagra digitalt eller ikkje. Eit systematisk og planmessig arbeid for å sikre informasjonsverdiane våre er ein sentral del av arbeidet i FEK. Både interne og eksterne skal kunne stole på at FEK sikrar informasjon i alle former, og at informasjon ikkje blir kjent for uvedkommande (konfidensialitet), ikkje blir endra utilsikta eller av uvedkommande (integritet), og er tilgjengeleg ved legitimt behov (tilgjengelegheit), jf. Leiingssystem for informasjonssikkerheit og personvern i FEK 2024.
Å sørgje for at behandlinga av personopplysningar er i samsvar med personopplysningslova og anna relevant regelverk, er ein sentral del av FEKs forpliktingar. Eit systematisk og planmessig arbeid for å sikre at desse forpliktingane blir overhaldne i FEK, er avgjerande for å ivareta rettane og personvernet til dei personane vi behandlar opplysningar om, og for å ta vare på den tilliten FEK er avhengig av.
Vurderinga frå HK-dir er at FEK har ei tilfredsstillande etterleving av krava i Kunnskapsdepartementets policy for informasjonstryggleik og personvern. FEK vil framover vidareføre det arbeidet som blir gjort, og følgje anbefalingane frå HK-dir.
Effektivisere konsulentbruken
FEK nytta ein konsulent frå Deloitte til eit mindre oppdrag som handla om å vurdere ein omstridd kontrakt med IT-leverandør i 2025.
Lærlingar
FEK har vurdert moglegheita for lærlingar, men teke i betraktning verksemda si storleik har dette ikkje blitt gjennomført i 2025.
Desentralisert arbeid
FEK har vurdert mulighetene for desentralisert arbeid, men tatt i betraktning virksomhetens størrelse og egenart, er dette ikke gjennomført.
Motverke arbeidslivskriminalitet
FEK følgjer lov og forskrift om offentlege anskaffingar og nyttar anskaffingsordningar via staten ved DIFI der det er mogleg. Dette gjeld reiseavtale, anskaffing av kontorrekvisita, mobiltenester og datautstyr. Vi gjennomfører anbod, òg for mindre innkjøp.
FNs berekraftsmål
FEK skal bidra til at forskinga i Noreg er etisk god og ansvarleg. Forsking som skjer i samsvar med anerkjende forskingsetiske normer, er forsking som byggjer opp under berekraftsmåla. For å oppfylle den overordna målsetjinga gir FEK råd til forskarar, forskingsinstitusjonar, styresmakter og andre om forskingsetiske spørsmål. Nokre av desse råda handlar eksplisitt om korleis forsking kan gjennomførast i tråd med forskingsetiske retningslinjer for berekraftig utvikling.
FEK nyttar skybaserte system. Det inneber ei optimalisering av dokumentlagring som både er gunstig med tanke på personvern og ressursbruk. FEK vurderer nøye om det er behov for reiser. Komitear og utval har enkelte digitale møte, men har vurdert det som mest føremålstenleg med fysiske møte som hovudregel, gitt arbeidet sin eigenart.
Likestilling og mangfald
FEK ser på mangfald og inkludering som ei styrke, og vi ønskjer at dei som arbeider hos oss skal spegle mangfaldet i befolkninga. Som offentleg instans har FEK jobba mykje med å sikre universell utforming av nettsidene. Vi arbeider òg kontinuerleg med å vurdere om ressursane våre treffer målgruppene våre. Arbeidet for likestilling og mot diskriminering på dei ulike personalområda kjem til uttrykk på fleire måtar i verksemda. Vi gir her ein utfyllande kommentar på eitt område.
Personalområdet: høve til å kombinere arbeid og familieliv
Arbeidsgivar legg opp til at FEK skal vere ein arbeidsplass der det er god moglegheit til å kombinere arbeid og familieliv. Vi har ein god seniorpolitikk, og tilsette fortset å jobbe etter at dei har fylt 67 år. Vi bestrebar oss på å leggje til rette for arbeidstid tilpassa den enkelte, der dette er mogleg. I 2025 har vi oppdatert lønnspolitikken vår for å styrkje seniorpolitikken ytterlegare.
Avtale om heimekontor legg til rette for praktiske utfordringar som følgjer av kombinasjonen arbeid og familieliv. I tråd med avtalen tilsette kan inngå med arbeidsgivar, er det høve til inntil to dagar med heimekontor i veka. Vidare praktiserer FEK fleksibel arbeidstid, også utover kjernetida som gjeld i staten. FEK hadde i 2025 tolv fast tilsette og éin mellombels tilsett. Kjønnsbalansen totalt i verksemda (tal): 11 kvinner og 2 menn i 2025.
Helse‑, miljø‑ og tryggleiksarbeid
FEK arbeider systematisk med HMS, og har gjennomgått og oppdatert rutinane for internkontroll i 2025.
Det blei gjennomført vernerunde i 2025.
Direktør gjennomførte medarbeidarsamtalar med alle tilsette. FEK har òg arbeidd systematisk med å følgje opp tiltak frå Medarbeidarundersøkinga i staten, MUST, som blei gjennomført i 2024.
Sekretariatet i FEK har utarbeidd eit sett med verdiar. Målet er at verdiane skal vere ei rettesnor i arbeidet vårt og i relasjonane våre framover. Dei skal vurderast og diskuterast jamleg, mellom anna i medarbeidarsamtalar. Dette skal leggje til rette for samtalar om kva som kjenneteiknar ein trygg og inkluderande arbeidsplass, som del av eit kontinuerleg arbeid for godt arbeidsmiljø i FEK.
Sjukefråværsprosenten i 2025 var 6,45 %, der 1,62 prosent var eigenmeldt.
| Tabell 4. Personalområdet i FEK | ||
| Tilstand for kjønnslikestilling | Menn | Kvinner |
| Kjønnsbalanse | 2 | 11 |
| Mellombels tilsette | 0 | 1 |
| Tilsette i deltidsstillingar | 0 | 1 |
| Kjønnsfordleing på ulike stillingsnivå/grupper (kjønnsskilnader i tal) | Menn | Kvinner |
| Seniorrådgivar | 0 | 5 |
| Avdelingsleiar | 2 | 5 |
| Rådgivar | 0 | 2 |
| Direktør | 0 | 1 |
| Tilsette som jobbar ufrivillig deltid (kjønnsskilnad i tal eller prosent) | 0 | 0 |
Kvinners del av løna til menn var i gjennomsnitt 89,6 %.
Vurdering av framtidsutsikter
Her vil vi utdjupe forhold i og utanfor FEK som kan påverke evna vår til å løyse samfunnsoppdraget og dei fastsette måla framover.
I den nye strategien vår framhevar vi nokre utviklingstrekk som vi vil vere særleg merksame på framover. For det første understrekar vi det aukande mangfaldet av aktørar i forsking. Fleire aktørar gir nye moglegheiter for kunnskapsutvikling, men òg eit større behov for forskingsetisk kompetanse hos f leire. For det andre peikar vi på den raske utviklinga innan kunstig intelligens. Ho krev nye avklaringar av både individuelt og institusjonelt ansvar, og av korleis forskingsetiske normer skal forståast og nyttast på feltet. For det tredje er auka polarisering, truslar mot forskingsfridomen og svekt tillit til visse forskingsfelt forhold som pregar samtida vår. Alle desse forsterkar behovet for å løfte forskingsetikk som grunnleggjande for ansvarleg forsking. Den aukande geopolitiske uvissa understrekar behovet for å styrkje rammeverk som fremjar internasjonalt samarbeid og bidreg til ei felles forståing av grunnleggjande prinsipp for forsking.
Alle momenta understrekar kor viktig det er å arbeide breitt med forskingsetikk. Forskingsetikklova har bidrege til å auke medvitet om forskingsetikk ved institusjonane, og det går føre seg mykje godt arbeid. FEK ser at vi stadig treng å ha tett dialog med forskarar og forskingsinstitusjonar. Samstundes er det behov for å utvide prioriterte målgrupper for arbeidet vi gjer. I første omgang meiner vi det er viktig å følgje nærare opp korleis institusjonane tek ansvar overfor andre som deltek i forsking. Også andre aktørar må gjere ein innsats. Særleg er det behov for å tydeleggjere kva som er forsking og ikkje. Neste år er det ti år sidan forskingsetikklova tok til å gjelde. Det er ei god anledning til å gjennomføre ei ny undersøking av status. FEK meiner det då vil vere viktig å ha merksemd på ansvaret alle forskingsutførande institusjonar bør ta for forskingsetikk. SOPs4RI (Standard Operating Procedures for Research Integrity) er eit EU-finansiert prosjekt (Horizon 2020) som har utvikla ei nettbasert verktøykasse med standardiserte prosedyrar og retningslinjer for å fremje ansvarleg forsking hos forskingsutførande organisasjonar. Vi tilrår norske institusjonar å følgje desse. Dette er òg eit viktig ledd i arbeidet med å fremje ei harmonisert tilnærming til forskingsetikk i Europa, jf. ERA-tiltak nr. 18, der Noreg deltek.
Årsrekneskap
Leiingskommentar til årsrekneskapen
Føremål
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) er ein viktig del av det norske forskingssystemet og skal fremje etisk god og ansvarleg forsking. Verksemda blir driven i samsvar med forskingsetikklova med forskrifter. Etter lova skal det oppnemnast nasjonale forskingsetiske komitear som til saman dekkjer alle fagområde, og eit Granskingsutval.
Gjennom førebyggjande arbeid og rådgjeving, og gjennom gransking av saker om mogleg ureieleg forsking, skal FEK bidra til at forsking i offentleg og privat regi skjer i tråd med anerkjende forskingsetiske normer.
Stadfesting
Årsrekneskapen er lagd fram i samsvar med føresegnene om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krav frå Kunnskapsdepartementet gjennom instruks for økonomistyring.
Vurdering av drifta i 2025
Årsrekneskapen er lagd fram i samsvar med føresegnene om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krav frå Kunnskapsdepartementet i verksemds- og økonomiinstruksen for FEK. Vi meiner rekneskapen gir eit dekkjande bilete av dei disponible løyvingane til FEK, rekneskapsførte utgifter, inntekter, eigedelar og gjeld. Prinsippnote ligg ved årsrekneskapen. Riksrevisjonen gjennomfører revisjon av rekneskapen til FEK. I 2025 har FEK følgt statlege rekneskapsstandardar (SRS), og lagt fram rekneskap i samsvar med dette systemet.
Vurdering av vesentlege forhold
I 2025 har FEK disponert tildelingar på til saman 23 314 000 kroner. Verksemda har hatt eit moderat meirforbruk på 567 000 kroner (2,37 % av løyvinga).
Meirforbruket kjem i all hovudsak av to forhold: FEK hadde lønskostnader for ein tilsett som hadde vore sjukmeld over lengre tid, og for ein vikar samstundes gjennom 2025. Bakgrunnen var at vi hadde opp til 100 prosent sjukefråvær for tre tilsette hos FEK, i heile og delar av 2025. Sjukefråværet påverka den ordinære drifta i FEK. For å handtere driftsutfordringane blei det vedteke å tilsetje ein vikar i mellombels engasjement i eitt år, som starta 1. januar 2025.
I tillegg har vi dei siste åra hatt ein stor auke i arbeidsmengda for Nasjonalt utval for gransking av ureieleg forsking (GRU) og Den nasjonale forskingsetiske komiteen for medisin og helsefag (NEM). Dette krev meirarbeid frå medlemmene, noko som gir høgare honorarkostnader og andre kostnader for NEM. Sidan FEK er ei lita verksemd med dedikerte tilsette med spisskompetanse som handterer arbeidet i dei ulike komiteane og utvala, er moglegheitene for omfordeling av saksbehandlinga nær null. FEK har gjennomgåande hatt streng økonomistyring med tydelege prioriteringar. Vi prioriterer lovpålagde oppgåver, og nedprioriterer tiltak som ikkje direkte påverkar resultata til FEK der vi kan.
Investeringar
Det er ikkje gjort vesentlege investeringar i perioden. Det er heller ikkje planlagt vesentlege investeringar. Riksrevisjonen reviderer årsrekneskapen og er ekstern revisor for Dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Årsrekneskapen er ikkje ferdig revidert per dags dato. Fullstendig revisjonsmelding er venta innan 1. mai 2026.
Prinsippnote for oppstilling av løyvingsrapportering og artskontorapportering
Rekneskapen for statlege verksemder er utarbeidd og lagd fram etter nærare retningslinjer fastsette i føresegnene om økonomistyring i staten («føresegnene»). Rekneskapen er i samsvar med krava i føresegnene punkt 3.4.1, nærare føresegner i Finansdepartementet sitt rundskriv R-115 frå november 2025 og eventuelle tilleggskrav frå Kunnskapsdepartementet. Det er utarbeidd ein eigen prinsippnote til verksemdsrekneskapen som blir ført i tråd med dei statlege rekneskapsstandardane (SRS). Oppstillinga av løyvingsrapporteringa og artskontorapporteringa er utarbeidd med utgangspunkt i føresegnene punkt 3.4.2 – dei grunnleggjande prinsippa for årsrekneskapen:
a) Rekneskapen følgjer kalenderåret (eittårsprinsippet)
b) Rekneskapen inneheld alle rapporterte utgifter og inntekter for rekneskapsåret (fullstendeprinsippet)
c) Rekneskapen inneheld alle rapporterte utgifter og inntekter for rekneskapsåret (fullstendeprinsippet)
d) Utgifter og inntekter er førte med brutto beløp (bruttoprinsippet)
Oppstillingane er utarbeidde etter dei same prinsippa, men grupperte etter ulike kontoplanar. Prinsippa samsvarar med krava i føresegnene punkt 3.5 til rapportering til statsrekneskapen. Sumlinja «Netto rapportert til løyvingsrekneskapen» er lik i begge oppstillingane.
Verksemda er knytt til staten si konsernkontoordning i Noregs Bank i samsvar med føresegnene punkt 3.7.1. Bruttobudsjetterte verksemder får ikkje tilført likviditet gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen. Ved årsslutt blir saldoen på oppgjerkontoen nullstilt ved overgang til nytt år.
Løyvingsrapportering
Oppstillinga omfattar ein øvre del med sjølve løyvingsrapporteringa og ein nedre del som viser behaldningar verksemda er oppført med i kapitalrekneskapen. Ho viser rekneskapstal som verksemda har rapportert til statsrekneskapen, fordelte på dei kapitla og postane verksemda har fullmakt til å disponere. Kolonnen «samla tildeling» viser midlane som er stilte til disposisjon gjennom tildelingsbrev for kvar statskonto (kapittel/post). Oppstillinga viser i tillegg alle finansielle eigedelar og forpliktingar som verksemda er oppført med i staten sitt kapitalrekneskap.
Belastningsfullmakter mottekne frå andre verksemder blir ikkje viste i kolonnen for samla tildeling, men er omtala i note B. Utgifter knytte til slike fullmakter er bokførte og rapporterte, og kjem fram i rekneskapskolonnen.
Avgitte belastningsfullmakter er inkluderte i kolonnen for samla tildeling, men blir ikkje bokførte av verksemda sjølv – dei blir rapporterte av mottakande verksemd og kjem derfor ikkje fram i rekneskapen her.
Artskontorapportering
Oppstillinga av artskontorapporteringa har ein øvre del som viser kva som er rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder, og ein nedre del som viser eigedelar og gjeld som inngår i mellomverande med statskassa. Artskontorapporteringa viser rekneskapstal som verksemda har rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder. Verksemda har ein trekkrett på konsernkonto i Noregs Bank. Tildelingane er ikkje inntektsførte og er derfor ikkje viste som inntekt i oppstillinga.
Helene Ingierd
Direktør, Dei nasjonale forskingsetiske komiteane, Oslo, 15. mars 2025
Prinsippnote - SRS
Generelt Verksemdsrekneskapen er sett opp i samsvar med gjeldande SRS.
Nytte rekneskapsprinsipp
Opningsbalanse
FEK har teke i bruk dei statlege rekneskapsstandardane (SRS) og la fram årsrekneskap etter desse standardane for første gong i 2024.
Ved utarbeiding av opningsbalansen er immaterielle eigedelar og varige driftsmiddel verdsette til gjenanskaffingsverdi eller verkeleg verdi.
Finansielle anleggsmiddel er verdsette til verkeleg verdi. Gjenanskaffingsverdi for ein eigedel er det beløpet det vil koste dersom eigedelen skulle bli skaffa i dag, vurdert til same kvalitet, standard og funksjonalitet som eksisterande eigedel.
Omløpsmiddel er verdsette til gjenanskaffingsverdi eller verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld er verdsett til pålydande.
Transaksjonsbaserte inntekter
Transaksjonar blir resultatførte til verdien av vederlaget på transaksjonstidspunktet. Inntekt blir resultatført når ho er tent opp. Inntektsføring ved sal av varer skjer på leveringstidspunktet, når risiko og kontroll er overførte til kjøparen. Sal av tenester blir inntektsført i takt med utføringa.
Inntekter frå løyvingar og inntekt frå tilskot og overføringar
Inntekt frå løyvingar og inntekt frå tilskot og overføringar blir resultatført etter prinsippet om motsett samanstilling. Dette inneber at inntektene blir resultatførte i takt med at aktivitetane som blir finansierte av desse inntektene, blir utførte, det vil seie i same periode som kostnadene kjem (motsett samanstilling).
Kostnader
Utgifter som gjeld transaksjonsbaserte inntekter, blir kostnadsførte i same periode som tilhøyrande inntekt.
Utgifter som blir finansierte med inntekt frå løyving og inntekt frå tilskot og overføringar, blir kostnadsførte i same periode som aktivitetane er gjennomførte og ressursane er brukte.
Pensjonar
SRS 25 Ytingar til tilsette legg til grunn ei forenkla rekneskapsmessig tilnærming til pensjonar. Statlege verksemder skal ikkje balanseføre netto pensjonsforpliktingar for ordningar i Statens pensjonskasse (SPK).
Verksemda resultatfører arbeidsgjevardelen av pensjonspremien som pensjonskostnad. Pensjon blir kostnadsført som om pensjonsordninga i SPK var basert på ein innskotsplan.
Frå 2022 har SPK lagt om pensjonspremiemodellen for statlege verksemder. Frå 1. januar 2022 betaler verksemda ein verksemdsspesifikk, hendingbasert arbeidsgjevardel som del av pensjonspremien. At premien er verksemdsspesifikk, tyder at han blir berekna ut frå forholda i den enkelte verksemda, ikkje for grupper av verksemder samla. At han er hendingbasert, tyder at han tek omsyn til faktiske hendingar i medlemsbestanden i verksemda, slik at premiereserven er ajour i forhold til oppteninga til medlemmet. Medlemsdelen på to prosent av lønnsgrunnlaget er uendra.
Leigeavtalar
Verksemda har valt å nytte forenkla metode i SRS 13 om leigeavtalar og klassifiserer alle leigeavtalar som operasjonelle leigeavtalar.
Klassifisering og vurdering av anleggsmiddel
Anleggsmiddel er varige og vesentlege eigedelar som blir disponerte av verksemda. Med varige eigedelar meiner ein eigedelar med utnyttbar levetid på 3 år eller meir. Med vesentlege eigedelar forstår ein eigedelar med anskaffingskost på kr 50 000 eller meir. Anleggsmiddel er balanseførte til anskaffingskost fråtrekt avskrivingar.
Kontorinventar og datamaskiner og anna IKT-utstyr med utnyttbar levetid på 3 år eller meir er balanseførte som eigne grupper.
Varige driftsmiddel blir nedskrivne til verkeleg verdi ved endra bruk eller utnytting, dersom verkeleg verdi er lågare enn balanseført verdi.
Eigenutvikling av programvare
Kjøp av bistand til utvikling av programvare er balanseført. Bruk av eigne tilsette til utvikling av programvare er kostnadsført.
Investering i aksjar og andelar
Investeringar i aksjar og andelar er balanseførte til kostpris på anskaffingstidspunktet. Investeringar i aksjar og andelar er vurderte til lågaste verdi av balanseført verdi og verkeleg verdi. Dette gjeld både langsiktige og kortsiktige investeringar. Motteke utbytte og andre utdelingar er inntektsførte som annan finansinntekt.
Klassifisering og vurdering av omløpsmiddel og kortsiktig gjeld
Omløpsmiddel og kortsiktig gjeld omfattar postar som forfell til betaling innan eitt år etter anskaffingstidspunktet. Øvrige postar er klassifiserte som anleggsmiddel/langsiktig gjeld.
Omløpsmiddel blir vurderte til det lågaste av anskaffingskost og verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld blir balanseført til nominelt beløp på opptakstidspunktet.
Behaldning av varer og driftsmateriell
Behaldningar omfattar varer for sal og driftsmateriell som blir nytta i eller utgjer ein integrert del av verksemda si offentlege tenesteyting. Innkjøpte varer er verdsette til anskaffingskost ved bruk av metoden først inn, først ut (FIFO). Behaldningar av varer er verdsette til det lågaste av anskaffingskost og netto realisasjonsverdi. Behaldningar av driftsmateriell er verdsette til anskaffingskost.
Fordringar
Kundefordringar og andre fordringar er førte i balansen til pålydande etter frådrag for avsetjing til venta tap. Avsetjing til tap blir gjort på grunnlag av individuelle vurderingar av dei enkelte fordringane.
Valuta
Pengepostar i utanlandsk valuta er vurderte til kursen ved utgangen av rekneskapsåret. Her er Noregs Bank sin spotkurs per 31.12 lagt til grunn.
Statens kapital
Statens kapital utgjer nettobeløpet av verksemda sine eigedelar og gjeld, og går fram av rekneskapslinja for avrekningar i balanseoppstillinga. Bruttobudsjetterte verksemder presenterer ikkje konsernkontoane i Noregs Bank som bankinnskot. Konsernkontoane inngår i rekneskapslinja «avrekna med statskassa».
Statlege rammevilkår
Sjølvassurandørprinsipp
Staten opererer som sjølvassurandør. Det er derfor ikkje inkludert postar i balanse eller resultatrekneskap som søkjer å spegle alternative netto forsikringskostnader eller forpliktingar.
Statens konsernkontoordning
Statlege verksemder er omfatta av staten si konsernkontoordning. Konsernkontoordninga inneber at alle inn- og utbetalingar dagleg blir gjort opp mot verksemda sine oppgjerskontoar i Noregs Bank. Verksemda blir ikkje tilført likviditet gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen. For bruttobudsjetterte verksemder blir saldoen på den enkelte oppgjerskontoen i Noregs Bank nullstilt ved overgangen til nytt rekneskapsår.
Oversikt over vedlegg i pdf
Oppstilling av bevilgningsrapportering for bruttobudsjetterte virksomheter
Note A Forklaring av samlet tildeling utgifter
Note B Forklaring til brukte fullmakter og beregning av mulig overførbart beløp til neste år for bruttobudsjetterte virksomheter
Note C Oversikt over binding på framtidige års bevilgninger
Oppstilling av artskontorapporteringen for bruttobudsjetterte virksomheter
Resultatregnskap
Balanse eiendeler
Balanse statens kapital og gjeld
Note 1 Spesifikasjon av driftsinntekter
Note 2 Lønnskostnader
Note 3 Andre driftskostnader
Note 4 Immaterielle eiendeler
Note 5 Varige driftsmidler
Note 6 Finansinntekter og finanskostnader
Note 7A Sammenheng mellom avregning med statskassen og mellomværende med statskassen (bruttobudsjetterte virksomheter)
Note 7B Sammenheng mellom avregning med statskassen og mellomværende med statskassen (bruttobudsjetterte virksomheter)
Note 9 Innkrevingsvirksomhet
Note 10 Tilskuddsforvaltning og andre overføringer fra staten
Note 11 Investeringer i aksjer og selskapsandeler
Note 12 Beholdninger av varer og driftsmateriell
Note 13 Kundefordringer
Note 14 Andre kortsiktige fordringer
Note 16 Opptjente, ikke fakturerte inntekter/Mottatt forskuddsbetaltaling
Note 17 Bankinnskudd, kontanter og lignende
Note 18 Annen kortsiktig gjeld

