Forskaren som ville klone seg sjølv

For 20 år sidan ville ein norsk forskar klone seg sjølv. Prosjektet blei stoppa. Ettertida har vist at han var på sporet av noko viktig.

Illustrasjon med en rekke muse-mennesker som jobber foran datamaskiner og en kvinne som setter hjerter på et samlebånd
Illustrasjon: Marit Jørgensen, 07 media
Omslag forskningsetikk nr. 2 2021
2021:2 Magasinet Forskningsetikk Magasinet Forskningsetikk er et uavhengig fagblad om forskningsetikk som utgis av De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK). ISSN digital utgave: 2387-3094.

Vi reiser tilbake til 2001. Sigurd From er førsteamanuensis og forskar ved Universitetet i Oslo (UiO). Han leier ei forskargruppe som forskar på stamceller – spesielt ein type stamceller som kan gi opphav til alle cellene i ein kropp. Førebels jobbar dei med mus.  

Internasjonalt er det stor optimisme på feltet. Eitt av måla er å finne ut om ein kan få spesialiserte celler, for eksempel hudceller, til å gå i barndomen igjen. Vi kan kalle det ei avprogrammering, slik at cellene blir i stand til å gi opphav til alle celletypar. 

Ein ser føre seg å styre slike celler når dei spesialiserer seg på nytt. Slik kan det bli mogeleg å dyrke fram celletypar, vev eller til og med heile organ som pasientar treng. Dette vil ha pasientane sitt arvestoff, og vere utan risiko for avvisinga som kan skje ved vanleg transplantasjon. 

Framtid fri for sjukdom 

Dei tidlege cellene i eit menneskeliv held framleis på nokre av løyndomane sine. Korleis klarer cellene å organisere seg i kroppen ved å ta på seg ulike roller og former? Kvifor går det nokre gonger gale? Spontanabort. Utviklingsfeil. Sjukdom. 

Det medisinske potensialet kan vere stort. Kor langt skal samfunnet la forskarane gå for å nå måla sine? I 2001 er dette ei svært aktuell problemstilling. 

I eit intervju med avisa Uniforum skisserer From ei framtid fri for både kreft, hjartesjukdom, malaria og diabetes. 

Det er ei framtidstru han deler han med mange andre på denne tida. Akkurat no ventar han på svar frå Regional komité for medisinsk forskningsetikk (REK) om eit prosjekt han vil sette i gang.  

Medlemmene i komitéen slit med å vurdere om dei skal gi etisk godkjenning til prosjektet til From. Sakshandsaminga har gått føre seg eit heilt år. 

Den vanskelegaste saka 

I det aller første nummeret av Forskningsetikk, som kom ut i 2001, blir nokre av komitémedlemmene intervjua. 

Kloning

  • Kloning er definert som teknikken/prosessen for å framstille noko som er genetisk likt. Det kan vere alt frå genetisk like individ til celler, vev eller organ. 
  • Reproduktiv kloning handlar om å lage genetisk like individ.v 
  • Terapeutisk kloning er framstilling av noko som no eller i framtida kan bli nytta i pasientbehandling, og der det ikkje blir utvikla eit heilt individ. 

Kjelde: Forskningsetikk nr. 1 2001, 1. årgang 

– Utvilsamt den vanskelegaste saka vi har hatt til vurdering på lenge, seier komitéleiar Sigurd Nitter-Hauge. 

Han viser til at stamcelleforsking blir køyrt fram som ei medisinsk landevinning som skal sørgje for utvikling av små og store reservedelar til menneska. 

– Teoretisk kan dette på lengre sikt gjere eit heilt klona menneske mogeleg, seier Nitter-Hauge. 

Han samanliknar feltet med forskinga på atomenergi, som gav både atombomba og kjernekraft. 

– Tradisjonell etisk teori strekk ikkje til, seier filosof Øyvind Baune, som er fag­etikar i komitéen.  

For å skjøne kvifor prosjektet til From får etikkekspertane til å rive seg i håret, må vi tilbake til start. Det vil seie til byrjinga på eit menneske. 

Omstridde stamceller 

Ei stamcelle er altså ei celle som kan gi opphav til fleire ulike typar celler. Alle har stamceller i kroppen. Blodstamceller kan til dømes bli både raude blodceller, kvite blodceller og blodplater. 

Det største potensialet finn vi i stamceller frå embryo, altså foster som er nokre få dagar gamle. Det er desse stamcellene som kan gi opphav til alle andre celler. Over 200 ulike typar celler i ein menneskekropp. Frå hjarte til hjerne, hud og auge. Forskarane kallar dei embryonale stamceller. 

Medan From ventar på REK, er det mange forskarmiljø som studerer stamceller frå vaksne kroppar, på fagspråket kalla adulte stamceller. På grunn av det avgrensa potensialet for spesialisering kjem ikkje forskarane heilt i mål med desse. 

I nokre land er det difor blitt opna for å forske på menneskelege embryonale stamceller. Første gong ein forskar isolerte slike celler frå eit få dagar gammalt embryo, var i 1998. 

Miljøa som har fått lov, jobbar intenst med å prøve å styre embryonale stamceller til å spesialisere seg på bestemte måtar. På denne tida er det ikkje lov med slik forsking i Noreg. Debatten rasar. 

Øydelagde embryo 

Store delar av forskingsmiljøet meiner dei treng å jobbe med humane embryonale stamceller. Eit sentralt etisk dilemma er at embryoet blir øydelagt når stamcellene blir henta ut. Øydelegging av starten på eit menneske. Eller ein celleklump. Alt etter korleis ein ser det. 

I og for seg ikkje noko nytt, sidan destruering av embryo lenge har vore vanleg i samband med assistert befruktning. Berre ikkje omtala som embryo, men som overtalige befrukta egg. Er det greitt å bruke desse til forsking i staden, dersom «foreldra» vil gi sitt samtykke? 

Nei, meiner norske lovgivarar. Dette grunngir dei mellom anna med omsynet til menneskeverdet. 

From–mus-klon 

From har ein plan han trur kan løyse dilemmaet. Han vil framstille embryonale stamceller utan å bruke menneskelege embryo, eller fostermateriale, som han kallar det sjølv. 

Det er denne planen forskargruppa no vil teste. From ønskjer etisk godkjenning til å byte ut kjernar i eggceller frå mus med kjernar frå sine eigne celler. 

Det er i cellekjernane vi finn arvestoffet DNA. Tidlegare forsking har vist at eit slik byte av kjernar kan få egget til å oppføre seg som om det er befrukta. Kjerneoverføring, som teknikken blir kalla, er ein metode for kloning. 

Ein slags From–mus-klon vil det altså bli. 

Bomba Dolly 

På dette tidspunktet er det berre fem år sidan den skotske saueklonen Dolly sjokkerte verda (1996). Den første vellukka kloninga av eit vakse pattedyr slo ned som ei bombe. 

Ein stormfull debatt om etikk oppstod i kjølvatnet. Var kloninga av Dolly eit første skritt mot kloning av menneske? Var teknologien god nok til å klone fram friske individ? 

Samtidig blei det vitskapelege arbeidet hylla som ei bragd. Ingen trudde det var mogeleg å klone eit vakse pattedyr ved å bruke kjerneoverføring. 

From legg ikkje skjul på entusiasmen sin. 

– Eitt av dei viktigaste gjennombrota innan naturvitskapeleg forsking på over hundre år, uttaler han til Uniforum. 

Prøvde å klone mus 

Når cellene spesialiserer seg, skjer det endringar i arvestoffet (DNA-et). Spesifikt gjeld det mønsteret av gen som er skrudde av og på. 

Tidlegare trudde forskarane at gena låste seg slik. At ei modna eller spesialisert celle ikkje kunne gå tilbake til ein umoden tilstand. 

Men allereie på 1960-talet viste den britiske forskaren John B. Gurdon at spesialiseringa av celler er reversibel. Han brukte kjerneoverføring til å klone frosk. Med Dolly blei det same vist for eit stort pattedyr. 

From er sterkt kritisk til eit lovframlegg om å forby kloning av dyr i Noreg. Han har sjølv brukt fleire år på å prøve å klone mus. 

Ei radikal miljøendring 

Frå From sin ståstad er det ikkje sjølve klonen i seg sjølv som er det store bidraget til vitskapen, men det klonen kan fortelje om eigenskapane til spesialiserte celler. 

– Dolly har vist oss at celler frå vaksne organismar kan bli programmerte om, berre ein endrar miljøforholda radikalt nok, seier From under ei open høyring i regi av Bioteknologirådet (Bioteknologinemnda).  

Miljøendringa han siktar til, er flyttinga av ein spesialisert cellekjerne til ei kjernefri eggcelle. Det er noko i den kjernefrie eggcella som kan gi det spesialiserte arvestoffet tilbake evna til å gi opphav til alle slags celler. 

Det store spørsmålet er kva. Her er vi bokstaveleg talt ved kjernen i saka. 

Faktorjakta 

From har nemleg ingen planar om å klone eit heilt individ eller sette museegget med menneske-DNA inn i ei livmor. Det er terapeutisk kloning han er ute etter (sjå faktaboks). 

Han vil dyrke From–mus-embryoet i ei petriskål på laboratoriet, og berre fram til blastocyststadiet – ein liten ball med rundt 64 celler. Dette vil ta fire–fem dagar. Deretter vil han hente ut embryonale stamceller frå det indre av denne ballen. 

I søknaden om etisk godkjenning skildrar From det ultimate målet: å avdekkje faktorane som skal til for å skru cellespesialiseringa tilbake – og faktorane som kan styre ny spesialisering til celler, vev eller heile organ. 

Medan søknaden til From er til behandling, knivast forskingsmiljø i fleire land om å finne svar. From trur dei aktuelle faktorane kan vere felles for ulike artar, og vil difor prøve med menneske-DNA i museegg. 

– Dersom arbeidet resulterer i identifikasjon av dei aktuelle faktorane, vil bruk av fostermateriale falle bort, skriv From i søknaden. 

Ingen veit at dette sporet nokre år seinare skal ende med ei stor oppdaging som gir ein annan forskar nobelprisen. 

Unison skepsis 

Medlemmene i REK er usikre på om den føreslåtte From–mus-klonen faktisk kan kallast eit menneskeembryo. Altså er det uklart om det gjeldande forbodet mot forsking på befrukta egg også omfattar transplantasjon av menneskeleg arvestoff til kjernefrie eggceller av mus. 

Dessutan ser komitéen etiske problem ved kryssing av artsgrenser. 

Marit Halvorsen er professor ved Institutt for offentlig rett ved UiO og var juridisk sakkunnig i REK-komitéen som handsama saka. Ho opplyser at det ikkje var noko usemje blant medlemmene. 

– Alle var skeptiske. Den første tanken var å seie nei, men i slike etiske vurderingar kan ein ikkje berre følgje instinktet. Mykje var uklart for oss, og vi var samde om at vi måtte undersøkje nærmare kva denne nye teknologien innebar, seier Halvorsen. 

Den første tanken var å seie nei, men i slike etiske vurderingar kan ein ikkje berre følgje instinktet. Marit Halvorsen

Ikkje ulovleg 

Dette er den aller første saka om terapeutisk kloning i dei regionale komitéane for medisinsk forskingsetikk. 

REK ber Sosial- og helsedepartementet uttale seg om korleis lovverket skal tolkast, og Bioteknologirådet om å uttale seg i dei faglege og etiske spørsmåla. From blir også kalla inn for å forklare meir om prosjektet. 

– Den dåverande bioteknologilova hadde store hol sett opp mot forskingsfronten på den tida, hugsar Halvorsen. 

Konklusjonen frå departementet og Helsetilsynet blir at det tenkte From–mus-embryoet ikkje er det same som eit befrukta egg, og at prosjektet dermed ikkje vil vere ulovleg. 

Får ikkje blande rasar 

Bioteknologirådet er på si side samla i rådet om å ikkje tillate overføring av cellekjernar frå menneskeceller til egg­celler frå ein annan art. 

Nemnda oppfattar prosjektet til From som eit skritt mot krysning av artsgrensene, og dermed ein reduksjon av eigenarten til både dyr og menneske. 

I tillegg meiner nemnda at prosjektet vil kunne bidra til å redusere eigenverdien til celler som kan gi opphav til sjølvstendige individ. 

Dessutan er det fullt mogeleg å studere avprogrammering og reprogrammering av celler på andre og mindre problematiske måtar, meiner nemnda. 

REK svarer til slutt nei på søknaden til From. I grunngivinga står det at sidan prosjektet omfattar kryssing av artsgrenser, reiser det etiske motførestillingar som ikkje kan vike, trass i den mogelege nytta til prosjektet. 

From sjølv er ikkje samd i at prosjektet vil gi ei blanding av mann og mus. 

– Kjernefrie celler inneber at meir enn 99 prosent av arvematerialet er borte. På eit fagleg grunnlag kan eg ikkje skjøne argumentet om at dette er å blande rasar, seier From til Universitas etter å ha fått avslaget. 

Han fortel også at UiO har oppfordra han til å avslutte prosjektet fordi det kan gi negativ omtale av universitetet. From gjer som han blir bedd om. 

– Veldig tidleg ute 

Ole Johan Borge er i dag avdelingsdirektør for helseforsking og helseinnovasjon i Forskingsrådet. I 2001 var han Bioteknologirådet sin sakshandsamar i denne saka. Borge var også direktør for Bioteknologirådet i fleire år. 

– From var veldig tidleg ute med si tilnærming og sine forslag til studiar, også sett i eit internasjonalt perspektiv, seier han.  

Han var likevel ikkje åleine. Mange andre – inkludert forskarar her i landet, hadde tilsvarande tankar, understrekar Borge. Han siktar til idéane om å bruke faktorar frå eggceller til å avprogrammere og reprogrammere celler. 

– Etter kvart skulle det vise seg at dette var ein veldig spanande veg å gå, seier Borge. 

Sjølv om forskingsspørsmålet til From var godt, er det opplagt at oppsettet av prosjektet ikkje var det beste for å finne svar – og langt frå det minst kontroversielle, meiner han. 

– Så lenge ein forskar har andre måtar å få naudsynte data på, meiner eg ein bør bruke desse før ein vel å klone seg sjølv i eggceller frå mus, seier Borge. 

Opphaussa celler 

Han hugsar korleis forskinga på embryonale stamceller blei kraftig haussa opp på denne tida. Ein tenkte seg at ei rekkje nye behandlingar var på trappene. Store bankar med embryonale stamceller skulle bli bygde til behandlingsføremål. 

No, 20 år etter, synest han utviklinga viser kor viktig det er å ikkje la seg rive med. 

– Framleis har vi sett svært lite behandling i klinikkane basert på desse teknologiane. Alle aktørane som er involverte i forsking, bør ta inn over seg at forsking tek tid, og at det difor også er viktig å la etikken ta tid, seier Borge. 

Dessutan kan ein aldri vite når forskinga brått vil ta ei ny vending. 

Yamanaka på Voss 

Året er 2006. Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo arrangerer eit seminar på Voss – om dei etiske sidene ved stamcelleforsking. Ein av gjestane er professor Shinya Yamanaka frå Universitetet i Kyoto i Japan. 

Tre månader tidlegare har han offentleggjort at han har klart å avprogrammere vaksne, spesialiserte celler frå mus til å oppføre seg som embryonale stamceller. 

Det har han fått til utan å ta i bruk embryo eller eggceller. Berre ved hjelp av fire faktorar. Han kallar cellene for induserte pluripotente stamceller, eller iPS-celler. 

Til den vesle forsamlinga på Voss fortel Yamanaka at han har blitt kontakta av både pave Benedikt XVI og president George Bush. Begge trur iPS-cellene løyser dei vanskelege etiske problemstillingane knytte til stamcelleforsking. At behovet for å bruke embryo vil bli borte. 

Pandoras eske 

Jan Helge Solbakk, professor ved Senter for medisinsk etikk, sit i salen og lyttar til japanaren på Voss. Spesielt éin ting svir seg fast i minnet. 

– Eg kjem aldri til å gløyme at Yamanaka sjølv sa han følte han hadde opna Pandoras eske, fortel Solbakk. 

Frå talarstolen er den framtidige nobelprisvinnaren open om at han kan ha vore med på å skape eit nytt etisk problem. 

Når ei hudcelle kan bli avprogrammert til å fungere som ei embryonal stamcelle, kan det også bli mogeleg å bruke ei hudcelle til å lage eit nytt menneske – ein klon. 

Året etter offentleggjer Yamanaka at han har fått hudceller frå menneske til å oppføre seg som embryonale stamceller – berre ved hjelp av dei same fire faktorane som han brukte til å få museceller til å gå i barndomen. 

iPS-cellene snur forskingsfeltet opp ned. I løpet av kort tid går mange stamcelleforskarar over til å forske på slike celler i staden for stamceller frå humane embryo. 

Nobelprisen 

Forskinga på embryonale stamceller blir ikkje borte, men merksemda rundt dei etiske problema blir i stor grad avleia, og kontroversane legg seg.  

Det same året, altså i 2008, blir det norske forbodet mot forsking på overtalige befrukta egg oppheva.  

I samsvar med retningslinjer som stamcelleforskarar over heile verda har blitt samde om, blir det sett ei grense. Den slår fast at forskinga berre kan gå føre seg fram til 14 dagar etter befruktning. 

I 2009 blir Tiny fødd, den første museungen laga av ei hudcelle. 

I 2012 får Yamanaka nobelprisen i medisin saman med Gurdon – han som klona frosk på 60-talet.  

Eit kunnskapsjordskjelv 

– Bodskapen til Yamanaka på Voss i 2006 var at det ikkje er nokon tekniske løysingar på dei etiske utfordringane i forskinga. Vi må finne løysingane på andre måtar. Han etterspurde endå større vaktsemd mot dei etiske utfordringane ved iPS-forskinga, seier Solbakk. 

Han viser til uttrykket epistemologiske jordskjelv, som i denne samanhengen kanskje kan omsetjast til kunnskapsjordskjelv. Stort sett utviklar erkjenninga og kunnskapen seg sakte, men sikkert, men av og til skjer det dramatiske brot. 

– Dolly var eit epistemologisk jordskjelv som skaka grunnen og dramatisk endra landskapet. Det same gjeld iPS-cellene, og seinare CRISPR-metoden for genredigering. Det vil vere naivt å tru at det ikkje vil kome fleire slike jordskjelv, seier Solbakk. 

Størst mogeleg openheit 

Han meiner vi kan sjå langt etter ein slags seismograf for å kunne føreseie denne typen skjelv. Poenget er at det kan vere veldig krevjande for etikarar å kome seg i forkant av utviklinga. 

– Teknologi er kraftige saker som kan ha stor innverknad på verdiane våre, seier Solbakk. 

Teknologi er kraftige saker som kan ha stor innverknad på verdiane våre. Jan Helge Solbakk

For eksempel har det etter kvart blitt stor aksept for forsking på embryo som blir til overs i samband med assistert befruktning. 

– Vi veit aldri på førehand kva for ei retning denne innverknaden vil ta. Det ser vi først i etterkant. Forskarar blir stadig overrumpla over utviklinga på eigne fagfelt. Det einaste vi kan gjere, er å sikre størst mogeleg openheit og gjennomsiktigheit i det som går føre seg, seier Solbakk. 

Lagar miniorgan på laben 

I dag blir iPS-celler brukte til å lage både cellelinjer, vev og organ.  

Forskarar lagar for eksempel sjukdomsspesifikke cellelinjer med iPS-celler. Desse blir studerte for å forstå sjukdommane betre. 

Eit nytt omgrep har også dukka opp: organoid. Dette er forenkla miniversjonar av organ, produserte på laboratoriet. Til saman finst det snart like mange typar organoid som det finst organ i ein levande menneskekropp. Små hjarte som slår, nyrer, lunger, tarmar, magar og levrar. 

Til og med små hjernar flyt rundt i laboratorieskåler og fyrer av stadig meir avanserte mønster av nervesignal. Nye etiske problemstillingar dukkar opp. Kan eit hjerne-organoid tenkje og føle? 

– På marknaden om få år 

Forskinga gir oss meir detaljert innsikt i korleis organa blir danna, og korleis sjukdommar utviklar seg. Vev og organoid utvikla frå iPS-celler kan også brukast til å teste medisinar. 

Innan feltet persontilpassa medisin er det framleis håp om at ein etter kvart skal kunne dyrke vev og nye organ som kan erstatte sjuke celler, vev eller organ gjennom transplantasjon. 

– Om fem–ti år trur eg organ vil vere tilgjengelege ved å bruke denne tilnærminga, seier Gareth Sullivan, seniorforskar ved Oslo universitetssykehus (OUS) og forskar ved Institutt for medisinske basalfag ved UiO. 

Det er stor mangel på organ for transplantasjon, understrekar han. Sullivan arbeider sjølv med å lage lever-organoid. 

– I løpet av dei komande åra vil vi prøve å overføre forskinga til klinikken, for å behandle sjukdom, seier Sullivan. 

Artsgrensene 

Forsking som kryssar artsgrensene, er også eit felt i blomstring. Joel Glover er leiar for Nasjonalt senter for stamcelleforsking. Han har mellom anna jobba med å sette menneskelege celler inn i dyrefoster. 

– Rundt 2006 sette vi blodstamceller frå menneske-beinmarg inn i kyllingfoster. Vi fekk dei til å bli nerveceller. Sidan har vi gjort forsøk i mus og kyllingfoster der vi har sett inn humane embryonale stamceller, forklarer Glover. 

Tidlegare i år rapporterte ei gruppe i USA at dei hadde sett inn humane stamceller i befrukta egg frå apar. Dette er første gong forskarar har laga befrukta egg med celler frå både apar og menneske. Ape–menneske-embryoa fekk leve i 19 dagar. 

Forskarane meiner at slike blandingsorganismar, kalt kimærar (etter det latinske ordet chimaera – eit fabeldyr sett saman av løve, geit og drage) er gode modellar for å studere stamceller og tidleg embryoutvikling. 

– Ein tenkjer seg også at dersom vi lagar dyr som er meir like menneske, kan vi bruke dei til å studere sjukdomsutvikling og effekten av ulike behandlingar, og til å produsere menneskelege organ, seier Stine Hufthammer Indrelid, seniorrådgivar i Bioteknologirådet. 

Ein god del av denne forskinga er kontroversiell og knytt til etiske problemstillingar om både dyrevelferd, bruk av humane stamceller og menneskeleg identitet, understrekar ho. 

Embryo-liknande organismar 

Utviklinga som Yamanaka uttrykte uro for, ser også ut til å rykkje nærmare. Smak på ordet embryoid. Dette er namnet på ein embryo-liknande organisme dyrka fram frå stamceller på laboratoriet. 

Ei rekkje forskingsmiljø prøver slik å attskape utviklinga av eit menneskeembryo. Embryomodellar, blastoid eller syntetiske embryo er andre ord for det same. Dersom utgangspunktet er ei hudcelle gjord om til ei iPS-celle, skjønar vi at også dette kan karakteriserast som ein klon. 

Fleire grupper har nyleg vist korleis dei har laga menneskelege embryoid. Dei forsikrar om at desse ikkje ville kunne utvikle seg til menneske, men har likevel valt å avslutte forskinga etter 14 dagar, på same måte som ved forsking på befrukta egg. 

Dessutan har fleire grupper i år rapportert om dyrking av museembryo gjennom eit halvt svangerskap i laboratoriet, altså utanfor ei livmor. Eit hjarte som slår, musklar, blodårar, mage og nervesystem er godt i gang med å utvikle seg. 

Etterlyser debatt 

– Grensene for kva som er mogeleg å gjere, blir flytta heile tida. Samtidig flyttar ein også grensene for kva som er etisk akseptabelt, seier Indrelid. 

Allereie i 2018 etterlyste rådet debatt om syntetiske embryo. 

– Samfunnet må definere kva som er likt nok eit embryo til å få ein moralsk status, til å få rettar, seier Indrelid. 

Grensene for kva som er mogeleg å gjere, blir flytta heile tida. Samtidig flyttar ein også grensene for kva som er etisk akseptabelt. Stine Hufthammer Indrelid

Ho understrekar at dei etiske problema knytte til kloning ikkje er løyste ved at ein har gått over til forsking på iPS-celler. 

– Ein har berre løyst nokre praktiske problem. 

Sigurd From gjekk bort i 2015. 

Kjelder: Dokument frå sakshandsaminga til REK, Bioteknologirådet, Sosial- og helsedepartementet og Statens helsetilsyn, rapporten «Terapeutisk kloning. Forskningsfeltet og etiske dilemmaer» og artiklar i Forskningsetikk, Uniforum, Genialt, Nature og Science.