Forskningsetisk forum 2022: Stort engasjement og stort oppmøte

Medforfattarskap, publiseringsetikk hos forlag og handtering av ulike forskingsetiske saker stod på dagsordenen då rundt 130 påmelde deltok på årets forum.

Bilete av salen med deltakarar under innlegg frå Vidar Enebakk og Thomas Østerhaug i Dei nasjonale forksningsetiske komiteane.
Vidar Enebakk og Thomas Østerhaug legg fram utkast til ny rettleiar.

– Dei siste ti åra har vi opplevd auka lovregulering. Det trur vi har gjort institusjonane meir medvitne om kva ansvar dei har. Samtidig ser vi at det er ein fare for ei innsnevring av feltet, med stor vekt på uærlegdom på kostnad av den breiare forskingsetikken, sa Helene Ingierd, direktør i Dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Ingierd såg tilbake på utviklinga gjennom ti år med forum, då ho opna Forskningsetisk forum 2022.  

– Eit anna hovudtrekk er auka samarbeid i forskinga. Det kan gjere forskinga betre, men ho kan også kome under press. Det krev ei tettare oppfølging av korleis andre aktørar enn forskarar og forskingsinstitusjonar tek eit ansvar for forskingsetikk.

Til sist trekte Ingierd fram lærdom frå krisetider, under koronapandemien.

– Behovet for ny kunnskap førte til ein debatt om forskingsetikk og lovregulering av forsking. Fleire tok til orde for at forskingsetikken bremsar forsking, og at det må endringar til. Men debatten understreka også at det er gode grunnar til at forskingsetikken set grenser for kva som er etisk forsvarleg.

Umerkelege endringar opphav til konflikt

Leiar for forskingsetisk utval ved UiO, Bjørn Ramberg, brukte ein fiktiv case for å klargjere utfordringar i samband med medforfattarskap: Ein stipendiat tek med seg eit utkast til ein artikkel frå ein norsk lærestad til eit internasjonalt forskingsmiljø. Der utviklar både prosjektet og forfattarlista seg. Ramberg viste til korleis medforfattarskapar blir krevjande nettopp fordi prosjekt gjerne endrar seg over tid, nokon gonger i små, kanskje umerkelege steg. Då kan også bidrag frå involverte bli meir og mindre relevante, utan at det har vore diskutert.

I tillegg er det ulike tradisjonar, påpeika Ramberg.

– I somme fag er det nærast utenkjeleg at rettleiaren står som medforfattar, medan det på andre område er heilt vanleg. Den rolla sjølve teksten har, er også svært ulik i ulike miljø. Det må retningslinjene reflektere.

UiO har teke inn Vancouver-tilrådingane for medforfattarskap i standarden sin for forskingsintegritet, men desse òg er rettleiande og må tolkast inn i ein kontekst, understreka Ramberg.

– Kva er eit substansielt bidrag? Kva er ein kritisk revisjon?

Ifølgje Ramberg er det ikkje nødvendigvis uheldig at dei forskingsetiske utvala får mange saker om medforfattarskap på bordet.

– Det treng ikkje å bety at presset aukar, det kan berre reflektere auka merksemd om dette, og auka kjennskap til det arbeidet utvalet gjer.

Forlagsbransjen merkar publiseringspresset

Redaktør Simon Aase i Cappelen Damm akademisk gjekk gjennom arbeidet forlaget gjer for å sikre god publiseringsetikk. Ei utfordring er å sikre gode fagfellar.

– Dette er noko fagpersonar gjer ved sida av alt anna. I tillegg er det tidvis snakk om få fagmiljø. Det kan vere krevjande å finne nokon med rett kompetanse som ikkje er for nær den aktuelle forfattaren. Det som kjem tilbake frå fagfellar, har dessutan svært varierande kvalitet. Viss vi kan få til ei felles heving på korleis ein skriv ei god fagfellevurdering, hadde det vore svært bra.

I tillegg diskuterer forlaget open fagfellevurdering. Det kunne mellom anna føre til kreditering av dette arbeidet, meiner Aase. Men inntil vidare reknar dei ulempene som for store.

Aase fortalde vidare at publiseringspresset er noko bransjen deira òg merkar.

– Det fører til at forskarane sender ting som er uferdige, ting som kanskje eigentleg ikkje er forskingspublisering, eller ting dei har hatt liggjande i ei skuffe lenge. Vi opplever at ein del av dei som kontaktar oss, er drivne av dette publiseringspresset.

Bjørn Ramberg uttrykte at han kjende seg att i skildringa, og påpeika at mykje kunne vore betre viss tempoet blei skrudd ned i forskinga. Han meiner det er fullt mogleg, med politisk vilje.

– Det blir lagt stor vekt på det banebrytande og nyskapande, men mykje viktig forsking er ikkje banebrytande. Vi burde kanskje tenkje oss om når vi ber folk fortelje om kva bidraget består i, så vi ikkje får overdrivne skildringar av kor unikt eit bidrag er. Det må vere ålreit å «move your grain of sand». Forskarar burde oppmodast til i større grad å plassere si eiga forsking i ein slik setting.

Ein rettleiar for handtering av ulike saker

Dagens andre tema var handtering av forskingsetiske spørsmål og saker, og dessutan saker som handlar om uærlegdom. Ved hjelp av ein ny rettleiar ønskjer Dei nasjonale forskingsetiske komiteane å hjelpe institusjonane i arbeidet med å skilje ulike saker frå kvarandre og dermed handtere dei best mogleg. Sekretariatsleiarane Vidar Enebakk og Thomas Østerhaug i FEK sine to rådgjevande komitear – den nasjonale forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora (NESH) og den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT) – utgjer prosjektgruppa for arbeidet og presenterte delar av rettleiaren og den vidare planen.

– Når vi får førespurnader, kan det vere uklart  kven som bør behandle saka. Skal dette til granskingsutvalet eller til dei rådgjevande komiteane NESH eller NENT? Er det uærlegdom eller ikkje? Internasjonalt er det også utfordrande å handtere dei ulike aspekta ved forskingsetikken og dei ulike omgrepa, research integrity, research ethics og research misconduct, forklarte Østerhaug.

I tillegg til forskingsetikken er det ei omfattande lovregulering av feltet. Også dette erfarer komiteane at skaper forvirring, og rettleiaren søkjer derfor å kome med visse avklaringar. Ifølgje Enebakk har forskningsetikkloven ei blindsone når det gjeld handtering av forskingsetiske saker som ikkje er uærlegdom.

– Dette skal ikkje detaljregulerast. Det er ikkje føremålstenleg. Samtidig kunne det vore eit punkt i lova om å byggje og halde ved like ein sterk forskingsetisk kultur, som var forslaget som kom til Stortinget i si tid, eller ein eigen paragraf om handtering av forskingsetiske saker.

Tre gråsoner

Rettleiaren vil også innehalde ei omgrepsavklaring og ein del som mellom anna tek opp ulike roller og kva ansvar som er knytt til dei.

– Det er mange som treng å vere klar over det forskingsetiske i arbeidet sitt, frå forskargruppeleiarar til labteknikarar, sa Østerhaug.

Han peika på tre gråsoner i arbeidet med forskingsetikk, altså område der grensene kan vere uklare.

– Det går eit hovudskilje mellom uærlegdomssaker og andre forskingsetiske saker. Så er det gråsoner innanfor desse kategoriane. Det er ikkje alltid heilt tydeleg kva som er uærlegdom, og kva som er vitskapleg uærlegdom, og det er glidande overgangar mellom det vi kallar forskingsetiske spørsmål og saker. Men det er eit fåtal av sakene som handlar om uærlegdom, og eit fåtal av desse att som handlar om vitskapleg uærlegdom. Samtidig kan det vere belastande å bli skulda for uærlegdom, og derfor er det viktig å handtere saker på rett nivå. Dei beste svara på forskingsetiske spørsmål kjem frå forskarfellesskapen sjølv, sa Østerhaug.

Nina Sandberg, generalsekretær i UHR, og Agnes Landstad, dagleg leiar i FFA, var inviterte for å kommentere rettleiaren, på grunnlag av innleiinga, inndelinga og omgrepsavklaringa, og for å kommentere den vidare planen for arbeidet.

Sandberg peika på at sektoren er mangslungen, og at ei problemskildring dermed ikkje vil passe for alle. Ho meinte likevel at rettleiaren kunne bidra til nyttige avklaringar, til dømes når det gjeld handtering av personopplysningar. Hennar råd var å gjere rettleiaren så konkret og brukbar som råd. Dessutan ønskte ho at arbeidet som blir gjort internasjonalt, ikkje minst i EU, får ein større plass.

Landstad framheva dessutan at situasjonsskildringa i rettleiaren var vel problemorientert.

– Mi erfaring er at institusjonane i stor grad har forskingsetiske retningslinjer på plass, men dei jobbar framleis med å få på plass opplæring og så vidare. Eg meiner de bør leggje mindre vekt på uærlegdom og meir vekt på god praksis. Fortel kva som kan vere gode døme.

Ho ønskte seg dessutan ein meir konkret rettleiar, der til dømes gjennomgang av lov og forarbeid blir løfta ut i eit vedlegg.

– Det ligg nokre gode anslag her, også døme på forskingsetiske saker ein kan ta tak i. Så saknar eg noko om korleis dei kan handterast. Institusjonane bør ha stor fridom, men dei treng døme å sjå til, sa Landstad.

Etter dei to kommentarane var det lagt opp til gruppearbeid, der deltakarane blei bedne om å gje innspel til arbeidet med rettleiaren. Prosjektgruppa vil også ha møte med utvalde institusjonar for å hauste erfaringar før dei avsluttar arbeidet. Målsetjinga er at rettleiaren skal vere klar tidleg i 2023.

Fikk du ikke med deg Forskningsetisk forum? Da kan du se plenumsdelene i opptak på vår YouTube-side.