Innsyn er hovudregel, òg i ureielegheitssaker
Det understreka fagdirektør Kari Bjørke i Kunnskapsdepartementet under Nasjonalt seminar for behandling av ureielegheitssaker.
Seminaret vart opna av Ragna Aarli, UiB-professor og leiar av Nasjonalt utvalg for gransking av uredelighet i forskning. Aarli brukte pandemien som døme.
– Forskingsprosjekt er sette på vent, men pandemien har òg fremma forsking på rekordtid, som utvikling av mRNA-vaksinen. Det seier noko om vesenet til mennesket at vi ikkje lèt oss stansa. Samfunnet treng forsking og forskaren må vera fri til å velja kva det blir forska på og korleis det blir forska og blir formidla.
Til seminaret var to tema vald: innsyn i ureielegheitssaker og dessutan handtering av ei spesifikk sak om bildemanipulasjon. Det var òg lagt opp til ein såkalla FOO-kamp, diskusjonsgrupper deltakarane sjølv spelte inn tema til.
– Diskusjon om etiske spørsmål gjer oss klokare, stadfesta Aarli.
– Innsyn er særdeles viktig
Fagdirektør Kari Bjørke i Kunnskapsdepartementet, fortalde om reglane for innsyn. Ho kobla lovverka saman.
– Uttalelser om vitskapeleg ureielegheit er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Men forskingsetikklova fastset at reglane i forvaltningslova kapittel 4 og 5 om saksbehanding likevel skal gjelde. Dette er viktig for å sikre forsvarleg saksbehandling. Desse saksbehandlingsreglane gjeld altså alle forskingsinstitusjonar som er underlagt forskingsetikklova, også dei private.
Generelt så gjeld forvaltningslova dei forskingsinstitusjonane som er forvaltningsorgan, og for private når dei fattar enkeltvedtak eller fastsett forskrift. Når ein privat høgskule utviser ein elev, for eksempel, skal den følgjast, forklarte Bjørke.
Offentleglova, som har reglane for innsyn, gjeld for alle forskingsinstitusjonar som er offentlege organ eller eigd/styrt av det offentlege.
Bjørke var tydeleg på at innsyn skal vere hovudregel.
– Forarbeida til forskingsetikklova er veldig tydeleg på at openheit og innsyn er særs viktig for institusjonanes truverdigheit ved behandling av ureielegheitssaker. Institusjonen har eit ansvar for å ivareta tillit til forsking, og det er bakgrunnen for at forarbeida til forskingsetikklova er tydelege på at uttalelsar i uredelegheitssaker er offentlege.
Offentleglova har nokre «må»-reglar, som seier når ein ikkje skal gje innsyn i opplysningar, slik som dei teiepliktige. Men dei fleste unntaka frå innsyn, er kan-reglar.
– Her må institusjonen sjølv vurdere.
I forskingsetikklova § 11 ligg ein særregel for innsynssaker: Den fastset at unntaket i offentleglova § 24 andre ledd gjeld tilsvarande i redelegheitssaker.
– Det kan gjerast unntak frå innsyn for melding, tips eller liknande dokument om mulege uredelegheitssaker frå private. For andre dokument om som slike saker, det vil i praksis gjelde sakspapira ved institusjonane, kan det gjerast unntak frå innsyn inntil saka er avgjort, forklarte Bjørke.
Ho forklarte at første del av regelen vil kunne verne enkeltpersonar som tipsarar, og her kan ein altså gje varig unntak frå innsyn.
Kven som er part må vurderast individuelt
Bjørke gjekk òg inn på partsomgrepet.
– Ein part er ein definert gruppe etter forvaltningslova, då er du berørt på eit eller anna vis, det kan vere den som har meldt, den det er meldt om, medforfattarar osv.
Ein part har etter forvaltningslova særleg rett til innsyn i saka si. Offentleglova derimot gir ein (meir begrensa) innsynsrett for alle. Frå salen kom spørsmål om ein tipsar er part.
– Det kjem an på om tipsaren har noko med det som tipset gjeld, for eksempel eit forskingsarbeid. Dette må vurderast individuelt. Departementet har eit vedtak i ei sak under den førre forskingsetikklova slått fast at den som hadde meldt frå om saka ikkje hadde klagerett, då ho ikkje var part. Det må være ein samanheng mellom personen og kjernen i saka.
Bjørke nemnde også personopplysningslova.
– I saksbehandling i ureielegheitssaker vil ein alltid behandla personopplysningar. For behandling av saker ved institusjonane, så er det lov etter reglane (det vil seie ein har rettsgrunnlag i) personvernforordninga artikkel 6 nr 1 bokstav c/e, med supplerande grunnlag i forskingsetikklova. Ved innrapportering frå institusjonane har ein lov til å sende personopplysningar til Granskingsutvalet. De må som institusjonar vurdere om det er ønskjeleg eller behov for sladding før innsending.
Offentleglova er og eit supplerande rettsgrunnlag, for dei som er underlagde denne lova.
– Da kan de ha rett til også å gje ut personopplysningar. For dei som ikkje er offentlege forskingsinstitusjonar, er me meir uvisse. Truleg kan ikkje lovverket kan strekkjast så langt.
Rullet opp uredelighetssak etter varsel
Ole M. Sejersted, professor emeritus ved UiO, fortalte om en sak som ble behandlet av felles redelighetsutvalg for Medisinsk fakultet ved UiO, OUS og Akershus universitetssykehus. Sejersted leder utvalget.
Saken startet med et varsel i publiseringstjenesten PubPeer for mer enn tre år siden, og har resultert i gransking av 16 artikler, der kun to av disse er «frifunnet».
(Les mer om saken i Magasinet Forskningsetikk)
Sejersted forklarte at de brukte en ekstern, svensk gransker til å vurdere saken. I tillegg ble unge forskere hanket inn som metode-eksperter, for å vurdere mulig bildemanipulasjon.
– Vi trengte noen som er hands-on på disse metodene, fortalte Sejersted.
De begynte å nøste i bekymringene som var uttrykt på PubPeer, de ba om datafiler og prøvde å rekonstruere det som var publisert.
– Da viste det seg å være en del forskjeller, ikke store, men pussige. Vi måtte spørre oss – hvor er feilen gjort? Ved kjernefasiliteten? Er feilen bestilt, eller er manipulasjonen skjedd i etterkant?
Sejersted fulgte selv prosessen nøye. Hele utvalget var spesielt involvert i de forskningsetiske vurderingene i saken, som – var det gjort med forsett?
– Det er tre hovedformer for forsett: hensiktsforesett, sannsynlighetsforsett og eventualitetsforsett. Vi konkluderer med at det muligens foreligger hensiktsforsett og i hvert fall sannsynlighetsforsett.
Sejersted viste til at det var mange alvorlige funn i granskingen, som resultat av det, er blant annet flere publiserte artikler trukket. Granskingen avdekket også systemfeil når det gjelder føring av forskningsprotokoller.
– Vi fikk i hånden en del notatbøker som blant annet inneholdt data. Jeg tror også forfatterne av protokollen ville hatt problemer med å tyde mange av disse dataene. Når protokoller føres slik, blir det et kjempeproblem å spore fra datagrunnlag til publiserte resultater. Det synes vi er alvorlig. Vi anser det som en systemfeil at ikke grunnlagsdata finnes på sykehuset og er oppbevart på en sikker måte.
Bør ha krav til basiskunnskap
Sejersted mener det også er en del rammeverk som bør justeres, for å sikre forskningen bedre.
– UH-loven sier at institusjonene skal ha kvalitetssystemer for utdanningen, men den sier ikke det samme for forskningen. Det bør man jo gjøre noe med.
Han mener det også bør stilles tydeligere krav til forskningsetisk opplæring.
– Alle som ansettes på institusjonen må ta pedagogikk-kurs. Jeg synes vi bør ha de samme kravene til basiskunnskap i forskningsetikk for de som får fast ansettelse i akademiske stillinger.