Varsla om omfattande fusk

Trond Stokke valde å varsle sine overordna. No er manipulasjon og forfalsking eller fabrikkering avdekt i ein stor bunke forskarartiklar frå Oslo universitetssykehus og Universitetet i Oslo.

Seniorforskar Trond Stokke
– Det kan vere vanskeleg å varsle. Mitt varsel i denne saka blei teke veldig alvorleg, og eg meiner handteringa har vore god, seier Trond Stokke, seniorforskar ved OUS.
Omslag forskningsetikk nr. 1 2021 med oppslagsbilde av Mari Sundli Tveit
2021:1 Magasinet Forskningsetikk Magasinet Forskningsetikk er et uavhengig fagblad om forskningsetikk som utgis av De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK). ISSN digital utgave: 2387-3094. 

Vi skal omtrent tre år tilbake i tid. Seniorforskar Trond Stokke skriv sitt eige namn inn i søkefeltet på PubPeer, ein nettstad der forskarar anonymt kan flagge problematiske sider ved arbeidet til andre forskarar. Stokke har gjort same søk tidlegare, for å sjekke om nokon har kommentert arbeidet hans, men dette er første gong han får treff. 

Ein anonym brukar peikar på to problematiske figurar i ein artikkel frå 2011 som Stokke er medforfattar på. Det gjeld mogeleg duplisering av bilete, altså at same bilete er brukt til å dokumentere forskjellige ting. 

Historisk omfattande 

– Eg såg nøye på artikkelen eg var med på, og byrja å lure, fortel Stokke, som er tilsett ved Institutt for kreftforskning ved Oslo universitetssykehus (OUS). 

Det er ikkje noko i vegen med den delen av artikkelen som dokumenterte eksperiment frå Stokke sitt laboratorium, men det er problem med andre delar av han – problem som seniorforskaren ikkje hadde lagt merke til tidlegare. 

Det neste Stokke gjer frå sitt kontor, skal munne ut i ei av dei største granskingane av vitskapleg ureielegheit i historia til både OUS og Universitetet i Oslo (UiO). 

I søkefeltet på PubPeer skriv han inn namna på alle dei norske og kinesiske forfattarane frå den problematiske artikkelen. Ved søk på det siste namnet på forfattarlista dukkar det opp heile 6–7 flagga artiklar. Sisteforfattaren har alltid eit særskilt ansvar for innhaldet i ein vitskapleg artikkel. 

Identiske bilete og figurar 

Vedkomande sisteforfattar er på dette tidspunktet tilsett ved Klinikk for labora­toriemedisin (KLM) ved OUS og leiar for ei forskargruppe der. I tillegg har han ei bistilling ved Medisinsk fakultet ved UiO. 

Mange av problema som blir framheva på PubPeer, liknar kvarandre. Identiske bilete og figurar, nokre tilsynelatande manipulerte, er brukte for å dokumentere ulike eksperiment. Bileta er genererte via ulike vitskaplege metodar. 

Såkalla western blots dokumenterer undersøkingar av DNA, RNA og proteinar. Mikroskopibilete dokumenterer celler og vev. Ulike figurar dokumenterer data frå flowcytometri, ein metode som skil celler frå kvarandre etter storleik og eigenskapar. 
Stokke skjønar fort at dette er meir enn ei lita sak. 

– Eg vart irritert og sint over å ha blitt blanda inn i noko slikt, fortel han. 

Seniorforskaren vel å varsle sine overordna. I tida som kjem, blir fleire problematiske artiklar med same siste­forfattar flagga på nettstaden. 

Ti vitskapeleg ureielege artiklar 

– Ein må vere forsiktig med å ta alt på PubPeer for god fisk, men her viste den første interne granskinga ved KLM at mykje av kritikken stemte, fortel Ole Mathias Sejersted. 

Han er leiar for reielegheitsutvalet som OUS deler med Medisinsk fakultet ved UiO og Akershus universitetssykehus – heretter kalla Felles redelighetsutvalg. 

I februar 2018 sende KLM saka over dit på grunn av omfanget og alvorsgraden. Utvalet granska til saman 16 artiklar frå forskargruppa på bakgrunn av kritikken frå PubPeer – eit stort og tidkrevjande arbeid.  

Utvalet slo fast at problema som blei avdekte, er så mange og alvorlege at store delar av forskingsfunna ikkje er til å stole på. Konklusjonen blei vitskapeleg ureielegheit for 10 av artiklane. Berre éin av artiklane er vurdert som uproblematisk. Mange av artiklane inneheld fleire problem (sjå faktaboks). 

Utvalet har anbefalt trekking eller korrigendum – det vil seie publiserte rettingar, for alle bortsett frå to av dei granska artiklane. Funna i granskinga er samla i to rapportar. 

– Veldig alvorleg 

Dei aktuelle forskingsarbeida høyrer heime i kategorien grunnforsking, og fleire av artiklane handlar om kreftceller – spesielt kreftstamceller. Det er ikkje snakk om klinikknær forsking med direkte konsekvensar for pasientar, slik tilfellet var i den mykje omtalte saka om Jon Sudbø frå 2006. 

Dette betyr ikkje nødvendigvis at denne saka er mindre alvorleg, ifølge Sejersted. 

– Når det er ureielegheit og feil i så mange artiklar som utvalet har funne her, avslører det ein ukultur som ikkje er akseptabel. Det er grunnen til at denne saka er veldig alvorleg. Sudbø-saka var så klart meir spektakulær, seier Sejersted. 

– Forgiftar eit felt 

Ingen veit om og eventuelt korleis denne typen grunnforsking blir relevant for akutte medisinske spørsmål, understrekar professor Stig Linder. Han var utvalet sin eksterne ekspert under granskinga og er tilsett ved Karolinska Institutet og Linköpings universitet.  

Linder illustrerer skaden denne typen fusk kan gjere, med eit tenkt eksempel. Sjå for deg at nokon forska på viruset som gir covid-19, for fem år sidan, før nokon ante det skulle føre til pandemi. 

– Dersom det blei publisert mange feilaktige grunnfunn om korleis viruset fungerer, ville dette forgifta forskingsfeltet. Fem år etter kunne det verka negativt for utviklinga av vaksiner, seier Linder.  

Kort fortalt er det ikkje bra å gå i gang med utvikling av behandling eller legemiddel på feil premissar. 

Mangla grunnlagsdata 

Felles redelighetsutvalg gjorde også ei nærmare gransking av 3 av dei 16 artiklane. Her avdekte granskarane endå fleire alvorlege problem med figurar og bilete enn det som kom fram på PubPeer. 

I tillegg blei det oppdaga manglande avtalar om utlevering av både sensitive pasientdata og humant biologisk materiale. 

Sist, men ikkje minst kom eit stort fråvær av grunnlagsdata for dagen. Der utvalet fekk tilsendt rådata,var det til dels tvilsamt om dei verkeleg var grunnlagsdata for artikkelen. Dermed kan ikkje utvalet sjå bort frå at data er fabrikkerte. 

– Omfattande manipulering og forfalsking av bilete og figurar har gått føre seg, og det har til dels vore krevjande å vurdere kva som er slurv, og kva som er vitskapeleg ureielegheit, seier Sejersted. 

I fleire av artiklane er det likevel så mange alvorlege problem at det ikkje har vore vanskeleg å sjå sannsyns­overvekt for enten forsett eller grov mangel på aktsemd, ifølgje utvalet.  

Kven fuska? 

Trass i den omfattande og tidkrevjande granskinga er det framleis uklart kven som faktisk har utført forskingsfusket. 

– Vi har ikkje sett det som naudsynt å gå inn i kva kvar enkelt forfattar har bidratt med, seier Sejersted. 

Utvalet peikar likevel ut gruppeleiaren ved KLM som ansvarleg. Vedkomande er sisteforfattar på 12 av dei granska artiklane, og medforfattar på dei andre. 

Som nemnt seier rekkefølga på forfattarane noko om bidraget frå kvar enkelt til ein forskarartikkel. Førsteforfattar er gjerne ein yngre forskar som har stått for mykje av arbeidet – for eksempel ein doktorgradsstudent. Sisteforfattar er ofte ein senior, gjerne også rettleiar og mentor for førsteforfattar. Sisteforfattar er også gjerne leiar av ei forskargruppe, slik tilfellet er for fleirtalet av dei 16 granska artiklane. 

Dette er bakgrunnen for at Felles redelighetsutvalg meiner gruppeleiaren har eit hovudansvar i denne saka. 

Trass i at fire av artiklane ikkje har gruppeleiaren som verken siste- eller førsteforfattar, har OUS ingen planar om å gjere nærmare undersøkingar av kven som har gjort kva. Det opplyser Erlend Smeland, direktør for forsking, innovasjon og utdanning. 

– Felles redelighetsutvalg har gjort ein uvanleg grundig jobb med granskinga. Det vil vere svært krevjande å få ut meir informasjon. Eg trur dette er så langt vi klarer å kome, seier han. 

– Vil det dermed forbli uklart kven som faktisk utførte fusket? 

– Ja. 

Får ikkje forske

16 granska artiklar

(Se og illustrasjon til slutt i artikkelen)

Reielegheitsutvalet si vurdering (V) og anbefaling (A), og noverande status (S)

V  Vitskapleg ureieleg, sannsynleg forsett. Same kontrollstripe i to forskjellige western blot 
Korrigendum eller trekking 
S   Korrigendum 

Vitskapleg ureieleg, sannsynleg forsett. Fleire dupliserte og manipulerte bilete 
Korrigendum eller trekking 
  Trekt 

V  Ikkje i samsvar med god vitskapleg praksis. Brukt ulike utsnitt av same mikroskopiske bilete 
Korrigendum 
S  Korrigendum 

Vitskapleg ureieleg, forsettleg forfalsking, mogeleg­ ­fabrikasjon. Dupliserte og forfalska/fabrikkerte kurver. Tvilsamt om tilsendte rådata verkeleg er grunnlagsdata 
A  Trekking 
  Uendra 

V  Vitskapleg ureieleg, sannsynleg forfalsking eller fabrikkering. Gjenbruk av bilete, grove mistolkingar og forfalsking av data i fleire figurar, stor mangel på grunnlagsdata 
A  Trekking 
S   Uendra 

V Vitskapleg ureieleg, i det minste grovt aktlaust. Dupliserte ­mikroskopibilete, ulike utsnitt av same mikroskopibilete 
Korrigendum eller trekking 
Uendra 

V  Vitskapleg ureieleg, i det minste grovt aktlaust. Manipulasjon med bildedata, duplisert figur 
Korrigendum eller trekking 
  Trekt 

Vitskapleg ureieleg, fabrikkering eller forsettleg manipulasjon. Manipulerte bilete, urimelege data for vektutvikling hos rotter 
Trekking 
S   Uendra 

Vitskapleg ureieleg, forsettleg eller grovt aktlaust. Dupliserte og manipulerte figurar, alvorlege feil og manglar, stor mangel på grunnlagsdata 
A  Trekking 
S  Uendra  

10 

V  Brot på god forskingspraksis. Duplisering av bilete 
A  Korrigendum eller trekking 
S   Uendra 

11 

Brot på god forskingspraksis. Duplisering av bilete 
A  Korrigendum 
S  Uendra 

12 

V  Vitskapleg ureieleg, sannsynleg forsett. Duplisering av bilete 
Korrigendum eller trekking 
Trekt  

13 

Ikkje alvorleg forskingsetisk brot. Utelatt bildemateriale og urimeleg eller feil bruk av statistikk 
Korrigendum 
Uendra 

14 

V  Ikkje i samsvar med god forskingspraksis, alvorleg systemfeil. Feilmerking av røyr med celler 
Ytterlegare korrigering ikkje naudsynt 
Tidlegare korrigendum 

15 

V  Ikkje grunnlag for kritikk 
– 
S   Uendra 

16 

V  Vitskapleg ureieleg, fabrikasjon av data og grov bildemanipulasjon. Dupliserte bilete, heilt konstruerte figurar 
A  Trekking 
S   Uendra 

Ut over følgjene for artiklane har saka først og fremst fått konsekvensar for gruppeleiaren ved KLM. Det opplyser John-Torgils Vaage, avdelingsleiar ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin ved OUS. 

– Det er snakk om ei alvorleg sak med manglande kontroll over forskingsaktiviteten i eiga gruppe. Vedkomande blei teken heilt ut av forskingsarbeid og avslutta difor også si bistilling ved universitetet, skriv Vaage i ein e-post. 

Smeland fortel at vedkomande er gått over i ein annan type stilling ved OUS. 

Det har ikkje lukkast Magasinet Forskningsetikk å kome i kontakt med den tidlegare gruppeleiaren, men ifølge rapporten frå reielegheitsutvalet tok han ansvar for feila som kom fram. Han beklaga at dei ikkje hadde vorte oppdaga tidlegare. Samtidig meinte han å ha hatt tilstrekkelege rutinar for å førebygge ureielegheit i forsking.  

Det blei også gjort endringar når det gjaldt forskargruppa. I første fase blei ho sett under administrasjon. Det innebar at leiinga på avdelinga hadde samtalar med alle forskarane i gruppa, og vidare forsking og publisering måtte avklarast med forskingsleiar på avdelinga, ifølge Vaage. 

Norsk–kinesisk samarbeid 

På fleire av dei granska artiklane oppgir gruppeleiaren tilhøyr ved eit universitetssjukehus i Kina i tillegg til OUS og UiO. Mange av førsteforfattarane oppgir også delvis eller heilt kinesisk tilhøyr. 

Ein stor del av medforfattarane elles oppgir berre kinesiske institusjonar. 

Granskinga viser også at ein god del av laboratoriearbeidet er gjort i Kina. Delar av datamaterialet har berre vore lagra i Kina, og ikkje ved OUS eller UiO. 

– Opplegget med at så mykje arbeid er gjort i Kina med manglande oppsyn, er ikkje bra, meiner ekstern granskar Linder. 

– Innsyn i data er ei generell utfordring ved internasjonalt samarbeid. Språkbarrieren har verka forsterkande i dette tilfellet, seier Smeland. 

Openberre feil 

Felles redelighetsutvalg understrekar at ein del av feila i dei granska artiklane, for eksempel gjenbruk av figurar, er nokså openberre. Desse burde vore avslørte ved ei grundig gjennomlesing av manuskriptet før innsending. 

«I fleire tilfelle hadde medforfattarane utvilsamt god mogelegheit til å avsløre slike brot», skriv utvalet. 

Andre stader er feila mindre iaugefallande. 

– Då eg først såg på artikkelen eg hadde vore med på, måtte eg sjå på dei aktuelle figurane ei stund, og justere intensiteten på bileta, for å legge merke til problemet, fortel Stokke. 

Det skulle altså vesentleg meir til enn det han vanlegvis brukar av energi som medforfattar. 

– Alle medforfattarar har eit medansvar, meg sjølv inkludert, men det går ei grense for kor mykje tid vi kan bruke. I utgangspunktet må vi stole på at folk ikkje fuskar, seier han.   

Doktorgrader ikkje underkjente  

Gruppeleiaren som får hovudansvaret, har vore rettleiar for både norske og kinesiske doktorgradsstudentar. Fleire av dei granska artiklane er del av avhandlingar som er leverte inn ved UiO dei siste ti åra, opplyser Ivar Gladhaug i ein e-post. Han er dekan ved Medisinsk fakultet. 

– I to tilfelle er ein artikkel i avhandlinga trekt, fortel han.  

Desse avhandlingane er likevel ikkje underkjente i ettertid. 

– Årsaka er at avhandlingane består både av ei såkalla kappe – altså eit vitskapeleg samandrag og ein diskusjon, og fleire andre publikasjonar der det ikkje er mistanke om vitskapleg ureielegheit, informerer Gladhaug. 

Det er uklart kor mange av artiklane elles som er del av norske eller kinesiske doktorgrader. 

– Handlar om tillit 

Verken Smeland eller Stokke trur denne saka ville blitt avdekt utan PubPeer. 
 
– Om ikkje eg hadde fanga opp kommentarane på PubPeer, ville sikkert nokon andre ha lagt merke til kommentarane etter kvart, seier Stokke. 
 
Han er likevel usikker på om varsling er ryggmergsrefleks for alle forskarar som kjem borti slike saker. 
 
– Eg er over 60 år og kan opne munnen utan at det får store konsekvensar. Det er ikkje alltid like greitt å varsle når ein er i ein meir utsett posisjon og kanskje har ein meir usikker jobb, seier Stokke. 
 
Smeland seier han håper alle føler seg trygge nok til å melde frå om slike saker. 
 
– Vi ønsker slikt til livs. Eg ser på det litt som dop i idretten. Saker som dette skjemmer forskinga og er eit alvorleg problem. Eg er veldig nøgd med den kollegiale justisen som er uttrykt ved at personar ved vår eigen institusjon har varsla i denne saka. All honnør til dei som har plukka opp dette, seier han. 
 
For Stokke var det viktig å få rydda opp. 
 
– Det handlar om tillit. Dersom folk mistar tilliten til meg som forskar, så har eg ingen andre bein å stå på, seier han. 
 
   

Underartikkel: Institusjonane får skarp kritikk 

Oslo universitetssykehus og Universitetet i Oslo utøvde ikkje systemansvaret sitt på ein god måte, meiner reielegheitsutvalet som granska forskingsfusket. 

Det omfattande forskingsfusket gjekk føre seg over lang tid. Den eldste granska artikkelen stammar frå 2005, medan dei nyaste er frå 2017. 

Sidan saka omfattar så mange artiklar med så mange forskjellige forfattarar, er det sannsynleg at manglande opplæring er eit problem som ligg bakom, og at dette er ein institusjonell systemfeil, ifølge reielegheitsutvalet.  

Gode rutinar for opplæring er eit linjeansvar og kan ikkje berre leggast på gruppe- eller prosjektleiar, fastslår utvalet. 

– Vi tek systemkritikken veldig alvorleg, og det er viktig for oss å følgje han opp, seier Erlend Smeland, direktør for forsking, innovasjon og utdanning ved OUS. 

Organiseringa av forskingsgrupper og opplæringa av gruppeleiarar og rettleiarar har blitt styrkt dei siste åra, opplyser han. OUS har også retta meir merksemd mot god forskingskultur gjennom seminar og kurs. 

Datahandtering 

Andre delar av institusjonskritikken handlar om manglande verktøy til innsamling og lagring av labdata, og at grunnlagsdata og tilarbeidde resultat ikkje har vore oppbevarte på ein forsvarleg eller sikker måte. Dette gjeld også sensitive pasientdata. 

– Når det gjeld datasystem, arbeider begge institusjonane med å betre dette. Vi planlegg eit system med elektronisk forskingslogg som vil gi betre oversikt og innsyn i alle data i kvart prosjekt, seier Smeland. 

Han understrekar at institusjonane har lagt stor vekt på personvern og handtering av pasientdata, spesielt etter innføringa av den nye europeiske personvernlovgjevinga GDPR i 2018. 

16 granska artikler.jpg
Oversikt over artiklar og vurderingar frå reieligheitsutvalet. Den same informasjonen finn du i faktaboksen.