Tel, tel ikkje

Publisering omsett til poeng styrer tildeling av tid og pengar til enkeltforskarar. – For å vurdere kvalitet må fagfolk gå inn og lese, innvender professor Øyvind Østerud.

Bilde av Øyvind Østerud
- Indikatoren har store fordelar, men inneber også store utfordringar, seier Øyvind Østerud, professor ved UiO.
Omslag av bladet forskningsetikk nr 1 2015
Forskningsetikk nr. 1, 2015 Magasinet Forskningsetikk er et fagblad om forskningsetikk som utgis av De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK).

Lista over publikasjonar har lenge stått som eitt av dei viktigaste prova på kvalitet for ein forskar. Står lista i fare for å bli redusert til ein poengsum?

Då publiseringsindikatoren vart innført i 2004, var det mange skeptikarar, men den verste kritiske stormen har løya no. Systemet medførte ei synleggjering av forsking, noko mange ser nytten av, og publiseringa har auka. At lokale leiarar, trass innvendingar og åtvaringar, tek poenga i bruk som styringsverkty mot individuelle forskarar, er meir omstridt.

– Intensjonen bak systemet er at det skal brukast på institusjonsnivå, ikkje på personnivå. Indikatoren er ein nøkkel til å fordele pengar mellom institusjonar basert på forskingsresultat, seier Vidar Røeggen, seniorrådgjevar i Universitets- og høgskolerådet (UHR), som forvaltar publiseringsindikatoren.

Vi ha varsam bruk

Likevel har leiarar teke indikatoren i bruk til kompetansevurdering, rekruttering, opprykk, tilsetjing, lønnsforhandlingar eller tildeling av tid til forsking. Ei evaluering viste i fjor at denne typen bruk er utstrekt. I slutten av januar heldt UHR difor eit nasjonalt seminar om temaet, med innleiingar frå sju forskingsleiarar frå institusjonane.

– Dei fleste har nedfelt publiseringsmål i sine strategiar – for eksempel at ein forskar skal få inn 0,9 poeng per år, fortel Røeggen.

Han seier det kanskje var urimeleg å tru at indikatoren kun skulle bli brukt på institusjonsnivå, sidan systemet er så gjennomsiktig at det er lett å finne ut poengsummen til den enkelte.

–Vi trudde situasjonen var verre. Seminaret viste at forskingsleiarane er edruelege når dei tek dette i bruk, seier Røeggen.

UHR vil tilby forskingsleiarar ein læringsarena der dei kan diskutere fornuftig bruk av indikatoren og vurderer no korleis dette kan bli lagt opp.

– Vi ser at vi har ansvaret for å sikre god informasjon om indikatoren – inkludert kva den er og ikkje er eigna til, seier Røeggen.

UHR vil difor bruke sine tilgjengelege arenaer til å ha et kontinuerleg fokus på lokal bruk.

– Vi ynskjer at indikatoren blir brukt med stor varsemd på individnivå. Den bør ikkje brukast instrumentelt, men kan fungere som tilleggsinformasjon, seier Røeggen.

Marknadsføring

Øyvind Østerud er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO). Han var med på å ta initiativ til evalueringa av indikatoren gjennom Nasjonalt fagråd for statsvitenskap og meiner bruken på individnivå kan gi skadeverknader.

– Når indikatoren blir brukt på individnivå, blandar ein saman forskingskvalitet og publiseringsomfang, seier Østerud.

Han trur forskarar kan kome til å bli for opptekne av å publisere mykje på kort tid, og dermed ta lettare på etterprøving og styrken i konklusjonane.

– Dersom ein stirer seg blind på indikatoren og prøver å få gjennomslag der, blir marknadsføringa viktigare enn produktkvaliteten, seier Østerud.

Professoren er oppteken av at forskinga skal drivast av nyfikenheit, forskaren sitt eige kunnskapsbehov og ynskje om problemløysing.

– Når utvendige mål er heilt avgjerande, blir også freistinga til juks og snarvegar større, påpeiker Østerud.

Dei som evaluerte indikatoren i fjor, rapporterte at de ikkje såg teikn til slike effektar.

– Det kan vere vanskeleg å avdekke. Lærdomen etter evalueringa må vere at ein forsterkar innsatsen for å hindre at indikatoren blir brukt i strid med føresetnadene, seier Østerud.

Kva ein tek seg tid til

Idunn Brekke er førsteamanuensis ved Fakultet for helsefag ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA). Som ved mange andre fakultet eller institutt, blir publiseringsindikatoren her brukt til å fordele tid til forsking.

– Eg har ikkje hatt problem med det. Samtidig kan det vere andre typar produksjon enn vitskapelege publikasjonar som ein ikkje får noko igjen for. Kva forskarane tek seg tid til vil sikkert bli eit spørsmål etter kvart, om det kun er dette som tel. Det vil kunne få negative konsekvensar ved at forskinga i mindre grad vert formidla til folk flest, seier ho.

Brekke veit ikkje kor mange publiseringspoeng ho har sjølv, men fortel at ho fekk tildelt 30 prosent forskingstid då ho var nytilsett.

– For å oppretthalde dette må eg publisere to til tre artiklar per tre år. Det har gått fint til no, seier ho.

Brekke er ikkje redd vektlegginga av poeng skal gå ut over forskingsetikken.

– Det vil alltid vere nokon som blir freista, men har du integritet som forskar, er du oppteken av å gjere jobben skikkeleg, seier ho.

– Veldig synd

Terje Lohndal er den yngste professoren her i landet. Han fekk tittelen ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU som 27-åring, og har ei lang rekke vitskapelege publikasjonar bak seg. Han veit heller ikkje kor mange poeng han har, men opplever at dei påverkar driftsmidlane han får frå instituttet.

– Det er veldig synd at publiseringspoeng har blitt så viktig på individnivå. Eitt av dei største problema med systemet er inndelinga i nivå éin og to. På mitt fagfelt er ikkje publiseringskanalane på nivå to særleg representative for det som har stort gjennomslag, seier Lohndal.

Den unge professoren er også oppgitt over at systemet ikkje gir poeng for å skrive lærebøker.

– Fleire av oss har eit stort engasjement med tanke på formidling. Dei av oss som prioriterer lærebøker, veit at institusjonen ikkje vil verdsette det i like stor grad som andre typar publisering, seier Lohndal.

Tilhengar av bonussystem

– Det er nødvendig at forskarar føler dei må publisere arbeidet sitt, meiner nytilsett professor Carl Henrik Knutsen ved Institutt for statsvitenskap ved UiO. Han har heller ikkje oversikt over sine personlege poeng, og instituttet har ikkje noko bonussystem for dette.

– Eg er tilhengar av slike bonussystem. Dei gir eit fint insentiv og eit godt signal til unge forskarar om kvar dei bør konsentrere aktiviteten, seier Knutsen.

Når det gjeld nivåa, ynskjer han seg ei enda finare inndeling som kan vere meir nyansert når det gjeld kvalitet.

– Systemet er ikkje perfekt, og det er veldig lett å sette fingeren på feiltilpassingane og problema. Eg trur det er fare for at mange overser de store, positive effektane ved å skilje produktive forskarar frå dei som ikkje er produktive – og til ein viss grad også skilje forsking med høg kvalitet frå resten, seier Knutsen.

– Leiing er eit lokalt ansvar

Gunnar Sivertsen er forskar ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) og hovudarkitekten bak publiseringsindikatoren.

– Leiarane må leie, dei kan ikkje berre telje. Indikatoren er ikkje laga for å samanlikne forskarar på individnivå. Ein kan godt bruke den som del av grunnlaget for ein medarbeidarsamtale, men ikkje til å sjå kva forskaren sitt bidrag har vore. Publiseringsindikatoren er ikkje eit kvalitetsmål – det er ein måte å stimulere til forsking på, seier han.

– Samtidig kan ikkje myndigheitene fortelje dekanar eller instituttleiarar kva dei kan og ikkje kan gjere, sidan leiing er eit lokalt ansvar. Då er det viktig med ein felles læringsarena i UHR der ein kan diskutere god og dårleg praksis, seier Sivertsen.