– Tvilsam utlevering av elevdata

Utdanningsdirektoratet har i fleire år gitt særleg sensitive og ikkje-anonyme data frå barn og unge vidare til forskarar. Samtykket frå barna har ikkje vore i samsvar med dei forskingsetiske normene.

Illustrasjonsfoto av gutt foran pc
Kvart år svarer norske skuleelevar på spørsmål om læring og trivsel i Elevundersøkelsen. (Foto: Shutterstock)
forside bladet forskningsetikk nr 3 2019
Forskningsetikk nr 3, 2019 Magasinet Forskningsetikk er et uavhengig fagblad om forskningsetikk som utgis av De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK).

Kvart år svarer norske skuleelevar på Elevundersøkelsen. For skulane er den obligatorisk å gjennomføre på 7. og 10. trinn og vidaregåande trinn 1. Undersøkinga legg opp til at elevar skal få seie si meining om læring og trivsel i skulen.

Fordi det blir samla inn særleg sensitiv informasjon frå barn og unge, gjeld eit særskilt krav om varsemd, presiserer Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora (NESH) i ei ny fråsegn.

Utdanningsdirektoratet har sjølv slått fast at undersøkinga ikkje er anonym, sidan det er fare for indirekte identifisering.

Problematisk utlevering

Ulike forskarar, både i offentleg og privat sektor, har fått tilgang til data på individnivå over ei årrekke. Dette er problematisk, sidan samtykket som er innhenta frå barna ikkje er i samsvar med dei forskingsetiske normene.

– Kunnskapsdepartementet har gitt Utdanningsdirektoratet myndigheit til å fatte vedtak om utlevering av opplysingar til forsking etter ei konkret vurdering, etter forvaltningslova § 13 d, opplyser Kjersti Flåten, divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet.

Forskarar må altså søke direktoratet om tilgang til rådata frå undersøkinga. Seier direktoratet ja, kan data bli utlevert frå det private selskapet Conexus, som er direktoratet sin databehandlar i dette tilfellet. Forskarane må betale Conexus eit gebyr for dette.

«Frivillig»

Direktoratet legg vekt på at det er frivillig for elevane å ta del i Elevundersøkelsen. Dei kan nemleg krysse av for enten «godta» eller «avvis» etter å ha lest den innleiande informasjonen. NESH understrekar at informasjonen som blir gitt i forkant ikkje er tilstrekkeleg for eit informert samtykke i forskingsetisk forstand.

NESH meiner difor det er forskingsetisk problematisk å forske på dette materialet, spesielt på individnivå.

– Vi har hatt dialog med Datatilsynet om utforminga av informasjonsteksten til elevar og foreldre. Vi er opptekne av at utlevering til forskningsformål skal vere i tråd med personvernregelverket. Elevane, foreldra og skulene kan stole på at vi tek vare på personvernet til elevene på en god måte, seier Flåten.

Vurderer endringar i rutinane

Dei siste åtte åra har Utdanningsdirektoratet sagt ja til rundt 20 søknader om utlevering av data frå Elevundersøkelsen til forsking.

Direktoratet har ein avtale med NTNU Samfunnsforskning om årlege analysar av undersøkinga. Direktoratet har også godkjent datautlevering til dei private selskapa Rambøll og LearnLab.

– Her har vi lagt til grunn ein vid definisjon av forsking. Vi har lagt vekt på at aktørane jobbar på oppdrag frå skuleeigarar for å tilby verkty til lokal analyse og kvalitetsutvikling, seier Flåten.

Ho set pris på at NESH ser direktoratet i korta, og understrekar at direktoratet no er inne i ein dialog med etikkkomitéen.

– Vi har vore opptekne av å informere både elevar og foreldre om at data frå Elevundersøkelsen kan bli brukt til forsking, men det kan hende vi ikkje går langt nok, seier Flåten.

Ho seier også at direktoratet vil vurdere å gjere endringar i rutinane for datainnsamling til Elevundersøkelsen. Ho vedgår dessutan at direktoratet kanskje bør diskutere forskingsetikk i større grad.

– Bør gjere data tilgjengeleg

Professor Thomas Dahl ved Institutt for Lærerutdanning ved NTNU var den som først tok kontakt med NESH og ba komiteen vurdere handteringa av data frå Elevundersøkelsen.

Han var i utgangspunktet ikkje oppteken av samtykket, men av det han oppfattar som omstendelege prosessar for å få tak i data. Han meiner Utdanningsdirektoratet si handtering av data frå Elevundersøkelsen ikkje er i samsvar med EU sitt direktiv om «Open access», som medfører eit ansvar for å gjere denne type data tilgjengelege for forsking.

Her får han støtte fra NESH. Komitéen anbefaler at Udir gjer data frå Elevundersøkelsen som allereie er brukt i forsking og utvikling, tilgjengeleg for andre forskarar for etterprøving og kritikk – automatisk og utan ekstra kostnadar.

– Det er merkeleg at det skal ta så lang tid for meg å få ut data, når private aktørar får bruke dei i datasystem som dei sel til kommunar og fylkeskommunar, seier Dahl.

– Strenge rutinar for utlevering

– Vi behandlar ikkje private og offentlege forskingsmiljø ulikt. Vi har strenge rutinar for utlevering av data, og alle må gjennom den same søknadsprosessen, seier Flåten i Utdanningsdirektoratet.

NESH presiserer at lovtolking ikkje er deira bord, men meiner det er uklart om Utdanningsdirektoratet har et rettsleg grunnlag for utlevering av personopplysingar til kunnskapsproduksjon som ikkje er forsking. NESH har anbefalt direktoratet å gå i dialog med Datatilsynet om dette.

Dahl fortel at han brukte eitt år på prosessen med direktoratet og Conexus då han fekk ut data frå Elevundersøkelsen første gong.

– Vurderte du å sjekke om data var innhenta på ein måte som var i samsvar med forskingsetiske normer?

– Nei, eg har teke for gitt at ein offentleg institusjon tek omsyn til lov og forskingsetiske retningslinjer, og at informert samtykke i tråd med forskingsetiske retningslinjer ligg til grunn, seier Dahl.

– Eg har stor forståing for at forskarar går ut frå at data dei får frå oss, er innhenta på ein måte som er i tråd med forskingsetikken. All utlevering av data frå Elevundersøkelsen er innanfor lovverket, men vi vil gå i dialog med NESH om forskingsetikken, seier Flåten.

Risiko for svekt datakvalitet

Dahl trur ikkje han kan bruke data frå Elevundersøkelsen framover.

– Dei forskingsetiske krava må vere oppfylt. Dersom samtykket frå elevane ikkje er innanfor desse rammene, er det problematisk i seg sjølv. Då er det også stor risiko for at datakvaliteten er svekt, seier Dahl.

Han meiner det er større fare for at elevane svarer strategisk dersom dei ikkje har fått tydeleg informasjon om kva opplysingane frå undersøkinga skal brukast til. Han viser til den høge svarandelen for Elevundersøkelsen – på 90-95 prosent.

– Det kan følast som ei plikt å ta del, og det vil heilt klart påverke svara. Då vil ikkje datasetta ha forventa kvalitet, seier Dahl.