Openheit som våpen

Alle vil ha forsking som er open og til å stole på. Men kva gjer vi når nokon tek dette ønsket og brukar det til motsett føremål?

Omslag forskningsetikk nr. 2 2020
2020:2 Magasinet Forskningsetikk Magasinet Forskningsetikk er et uavhengig fagblad om forskningsetikk som utgis av De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK). ISSN digital utgave: 2387-3094.

Overalt i USA bur det folk med astma og helseproblem. Dei vil få det vanskeleg dersom miljødirektoratet ikkje har høve til å regulere luftforureininga. Difor prøver vi å flytte temaet ut i den offentlege debatten og vise at det har konsekvensar for folk. Det er den einaste måten vi kan kjempe mot det på, seier Andrew Rosenberg frå den amerikanske enden av ei Skype-oppkopling.

Rosenberg er direktør for Center for Science and Democracy hos organisasjonen Union of Concerned Scientists (UCS) i USA. Det han snakkar om, er ein ny regel som det amerikanske Environmental Protection Agency (EPA) har føreslått å innføre.

EPA er ikkje berre den viktigaste miljøetaten i USA, men også i aukande grad åstad for Trump-administrasjonen sine etter kvart velkjende åtak på vitskapleg kunnskap. Den noverande leiinga i EPA er utnemnd av Trump-administrasjonen, og det er der forslaget kjem frå.

Må offentleggjere data

EPA er i ein utsett posisjon fordi etaten har myndigheit til å regulere forureinande industri. Trump-administrasjonen har heile vegen gjort det klart at dei ønskjer seg mindre regulering av industrien. Men kva har dette med open og påliteleg forsking å gjere?

Den nye regelen har fått namnet «Strengthening Transparency in Regulatory Science». I korte trekk seier han at dei vitskaplege studiane som EPA baserer reguleringane sine på, må vere heilt og fullt offentleg tilgjengelege – inkludert alle rådata som er med i studien.

I grunngjevinga heiter det at andre må kunne ettergå forskinga, og det må vere mogleg å analysere alle data på nytt – for å sjekke at forskinga har gått rett føre seg. EPA-direktør Andrew Wheeler, som tidlegare har vore lobbyist for kolindustrien, har sagt at «det amerikanske folket har rett til å vite kva for vitskaplege studiar som dannar basis for EPA sine avgjerder om regulering». Kven kan vel vere motstandar av noko slikt?

Når UCS og nesten alle andre forskingsinstitusjonar og -organisasjonar likevel kjempar imot, kjem det mellom anna av at regelen også vil gjelde for forsking som byggjer på medisinske personopplysingar som deltakarane har gjeve frå seg under føresetnad av at dei blir behandla konfidensielt. Datasetta som studiane byggjer på, kan ikkje gjerast offentlege utan at ein bryt med personvernet. Kort sagt vil regelen difor føre til at viktige studiar av korleis forureining påverkar helsa til folk, blir ekskludert frå kunnskapsgrunnlaget.

Les også kommentar fra John-Arne Røttingen: Etiske utfordringer med åpne data kan diskuteres

Krav frå industrien

– Det er viktig med større pålitelegheit, og eg støttar jo tilgjengeleggjering av data – sjølvsagt med unnatak av personopplysingar. Men når eg sjølv er fagfelle på andre sine artiklar, treng eg sjeldan tilgang til individuelle rådatapunkt, seier Rosenberg.

– Når eg skal vurdere kvaliteten på ein studie, ser eg på metodar, diskusjonar og konklusjonar. Nokre studiar byggjer på millionar av rådatapunkt, men som fagfelle sit eg ikkje heime og analyserer om att enorme datasett på kveldane. Så å gjere dette til eit krav har ikkje noko anna føremål enn å forseinke regulering av industrien, meiner han.

  • Forskingsrådet krev at forskingsdata frå prosjekt det finansierer, skal lagrast og gjerast tilgjengeleg på ein sikker måte.
  • Data skal handterast i samsvar med dei internasjonale FAIR-prinsippa: Findable, Accessible, Interoperable og Reusable.
  • Data og metadata skal vere moglege å finne og sitere. I tillegg skal dei vere maskinleselege og kunne koplast med andre data.
  • Dersom data ikkje kan delast ope (av omsyn til personvernet eller andre faktorar), bør metadata gjerast tilgjengelege

EPA-regelen, som etter planen skal få si endelege form i løpet av hausten, skriv seg inn i ein lang tradisjon der industriaktørar, frå tobakksindustri til tungtransport, nyttar krav om openheit som ein måte å diskreditere forsking og forskarar på.

– Påliteleg forsking er bra. Men som med andre gode ting i livet kan også dette bli eit våpen som ein kan bruke mot folk på politisk grunnlag, seier Stephan Lewandowsky.

Han er professor i eksperimentell psykologi ved University of Bristol i England, og har mellom anna studert korleis folk gjer seg opp meiningar om forskingsfelt som er politisk kontroversielle.

– Og eg trur det er lett å sjå at denne EPA-regelen vil bli brukt på ein slik måte. Dei seier til dømes at forsking må kunne utførast på nytt for å vere gyldig. Men det er ikkje alltid det er mogleg.

Som døme nemner Lewandowsky nokre tilfelle frå denne våren, der ein fekk utbrot av covid-19 om bord på cruiseskip. Det var «naturlege eksperiment» som gav forskarar eit unikt høve til å studere utfallet, men som det ikkje går an å gjere om att.

– Då vil EPA seie at denne forskinga er ubrukeleg. Det kan ikkje forklarast på annan måte enn at dei ønskjer seg eit verktøy som let dei ekskludere forsking på politisk grunnlag, seier han.

Spel for galleriet

Så korleis kan ein skilje den legitime debatten om openheit og pålitelegheit i forsking frå den illegitime? I ein ­kommentar i tidsskriftet Nature introduserte Lewandowsky, saman med kollegaen Dorothy Bishop, nokre faresignal som forskarar bør vere på vakt mot: Går nokon hardt ut offentleg og etterlyser datasett som kanskje allereie er gjort tilgjengelege, eller datasett som av personvernomsyn openbert ikkje kan gjerast offentlege? Då er dei truleg ikkje ute etter ein konstruktiv debatt.

– Det er vanskeleg, for slike føre­spurnader kan på overflata høyrast fornuftige ut, men i røynda er det eit spel for galleriet, seier Lewandowsky.

Han trur det er viktig å diskutere dette i forskingsmiljøa fordi ikkje alle er klar over at slikt kan skje. Jobbar ein innanfor eit forskingsfelt som ikkje er spesielt knytt til politiske kontroversar, kjem ein kanskje aldri ut for problemet.

– Men eg har kjensla av at den akademiske debatten om pålitelegheit, open forsking og datadeling er meir nyansert enn for nokre år sidan. Det brukte å vere slik at dei varmaste tilhengjarane av open tilgang til forsking var kompromisslause i ønsket sitt om å leggje alt ope. Slik er det ikkje lenger, meiner han.

Gjev nesten alltid innsyn

Robin Ørnsrud, som er forskingssjef ved seksjon for trygt fôr ved Havforskings­instituttet i Bergen, får jamleg innsynskrav frå journalistar og andre. Det er ein naturleg konsekvens av at instituttet forskar på spørsmål som mange er opptekne av. Havforskingsinstituttet er kunnskapsleverandør for forvaltinga, og dei gjev i utgangspunktet fullt innsyn når nokon stiller spørsmål.

– Det kan vere visse unnatak, til dømes for data vi ikkje eig sjølve, men mitt personlege synspunkt er at alt vi gjer, skal tole kritisk gjennomgang, elles gjer vi ikkje jobben vår. Samtidig veit vi at vi risikerer negativ omtale, og det kan bli ei personleg belasting, seier han.

Likevel er det sjeldan at kritikk rettar seg mot sjølve forskinga. Han opplever at forskinga godt toler kritisk søkjelys – sjølv om det kan ta mykje tid å svare på detaljerte spørsmål om tal og figurar. Det er når forskarane sin habilitet blir dregen i tvil, at det blir vanskeleg.

– Då blir ein utfordra på identitetsnivå. Når ein blir utfordra på habilitet, kjem det gjerne påstandar om at ein representerer nokon andre enn ein seier at ein gjer, og då er det berre ein sjølv som sit med fasiten. Noko vi har lært etter kvart, er at vi alltid må kunne leggje fram utførlege habilitetserklæringar, det held til dømes ikkje å oppgje finansieringskjelder éin gong og tru at det er nok.

For eigen del meiner Ørnsrud at institusjonen er flink til å støtte forskarar som får kritisk søkjelys mot seg.

– Vi unngår ikkje ubehagelege spørsmål, men ein står ikkje åleine. I tillegg har vi ei kommunikasjonsavdeling som støttar oss ved å setje ting i kontekst og hjelpe oss å forstå kva ein står overfor, og kva slags spelereglar som gjeld, seier han.

Datadeling er komplisert

Benjamin Pfeil er leiar for ­klimadatasenteret til Bjerknessenteret for klimaforskning i Bergen. Han hugsar godt oppstyret då hackarar i 2009 skaffa seg tilgang til tusenvis av e-postar og andre dokument ved klimaforskingssenteret ved University of East Anglia, som han samarbeider mykje med. Dokumenta vart offentleggjorde og utløyste det som vart kalla Climategate.

Forskarane vart mellom anna skulda for å fuske med klimadata. I ettertid er forskarane frikjende frå alle skuldingar om forskingsfusk.

– Den saka var eit jordskjelv i klima­forskingsmiljøet, men i Noreg har eg ikkje opplevd noko tilsvarande. Det finst dei som er skeptiske til ideen om menneskeskapte klimaendringar, men dersom vi gjer data tilgjengelege, aukar det synlegheita og tilliten, seier han.

Datadeling er stadig oftare eit krav frå dei organisasjonane som deler ut pengar til forsking. Det norske Forskingsrådet har ein politikk for open tilgang til forskingsdata, og datadeling er ein del av den overordna politikken for open forsking, som vart lansert i januar i år.

Problemet i Noreg er snarare at datadeling slik krava er no, er vanskeleg og tidkrevjande, og at ingen har ansvar for å sjå til at krava blir følgde. Det er heller ingen som har ansvar for å stille opp med ressursane som trengst for å gjere det skikkeleg, meiner Pfeil.

– Før kunne forskarar vere uvillige til å dele data av frykt for at dei kunne bli feiltolka, og det kan jo skje, men den risikoen har du også med vitskaplege artiklar. Du veit aldri korleis dei vil bli lesne, seier han.

– Men di betre ein kvalitetssikrar og systematiserer datasetta, di mindre er risikoen for feiltolking. Dersom datasetta derimot ikkje er godt nok skildra, kan det oppstå rom for feil. Det finst mange datasett der ute som er arkivert feil fordi nokon har gjort ein jobb dei ikkje har ekspertise på.

Nyansane forsvinn

I Noreg og Europa er det altså sjølve datahandteringa som skapar hovudbry, på grunn av manglande ressursar, datasystem og kompetanse. Situasjonen ved EPA er vanskeleg av andre grunnar, meiner Pfeil.

  • Ein regel som er under utarbeiding ved Environmental Protection Agency (EPA) i USA.
  • Regelen seier at når EPA set i verk regulerande tiltak med basis i forsking, skal ein syte for at alle data og modellar som forskinga byggjer på, er offentleg tilgjengelege.
  • EPA-direktøren skal ha myndigheit til å gjere unnatak frå regelen etter eige skjønn.
  • Forslaget har hausta sterk motstand frå forskarar, mellom anna fordi det vil føre til at viktig epidemiologisk forsking ikkje kan brukast som grunnlag for regulering.

– Det ser ikkje ut som om målet er å styrkje myndigheita til EPA. Det amerikanske politiske systemet er komplekst, men mykje går i motsett retning av kva vi ønskjer globalt, og kva forskarane ønskjer, så det er ein vanskeleg situasjon.

I USA gjer Andrew Rosenberg og UCS sitt beste for å motarbeide den komande EPA-regelen om datapublisering

Samstundes er det viktig at forskarar gjer data og andre forskingsresultat tilgjengelege så sant det er mogleg, meiner han.

– Eg har vore borti forskarar som tviheld på data fordi dei reknar dei som sin personlege eigedom, og det gagnar ingen. Så vitskapskulturen må også endre seg. Vi lyt tenkje skikkeleg over slike spørsmål. Kva kan eg dele med andre, og korleis kan eg gjere det? Trengst det av konkurranseomsyn ein eksklusivitetsperiode?

Det vil vere ulikt frå fagfelt til fagfelt, og det er litt for enkelt å seie at alle data som er samla inn med offentlege midlar, skal gjerast offentlege med ein gong. Noko av problemet, meiner han, er at desse nyansane har det med å forsvinne i den offentlege debatten.

– Men det ein absolutt må unngå, er å setje opp kunstige sperrer, som det å seie at ein studie er ubrukeleg dersom han ikkje passerer ein politisk lakmustest, seier Rosenberg.