Opprivande runesteinstrid

Ein to tonn tung runestein har hovudrolla i ei vond sak der velvillig utlånte forskingsresultat blei publiserte framfor nasen på eigarane. Forsøket på løysing blir kalla historieforfalsking.

Øverbysteinen, grunneier Olav Schie, nabo Emil Øvstedal Omenås, slektning og gravemaskinfører Harald Martin Schie, konservator og arkeolog Sigrid Mannsåker Gundersen og forsker Karoline Kjesrud.
Her snus Øverbysteinen slik at forskerne kan undersøke runene på undersiden. Fra venstre: grunneier Olav Schie, nabo Emil Øvstedal Omenås, slektning og gravemaskinfører Harald Martin Schie, konservator og arkeolog Sigrid Mannsåker Gundersen og forsker Karoline Kjesrud.
Omslag forskningsetikk nr. 3 2020
2020:3 Magasinet Forskningsetikk Magasinet Forskningsetikk er et uavhengig fagblad om forskningsetikk som utgis av De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK). ISSN digital utgave: 2387-3094. 

I sentrum av problemet står Øverbysteinen. Dette er ein runestein frå 400-talet som ligg på garden Øverby i Rakkestad. I nyare tid har den to tonn tunge steinen vore brukt til kvilebenk. Då forskarar og fylkesarkeologar fekk vite om runene i 2017, blei det ein sensasjon som skapte overskrifter også utanfor landegrensene. 
 
Å lese og tolke runene blei deretter ein omfattande jobb over ein periode på to år. Forskarar frå Kulturhistorisk museum (KHM) i Oslo og fylkesarkeologar frå Østfold stod for arbeidet. Runene er delvis dårleg bevarte, og teknisk svært avanserte undersøkingar måtte til. Dei mest skadde runene var dessutan skjulte på undersida av steinen.

Kva står på steinen?

  • Øverbysteinen består av tre linjer med runer.  
  • Forskarane har konvertert runene til vårt skriftspråk. På steinen står det blant anna: lū irilaʀ raskaʀ rūnōʀ in(n) Īsni.  
  • Omsetting: Hogg raske/dyktige iril runer inn for Isni! 
  • Iril er ein tidlegare jarl, mens Isni kanskje er eit namn. 

Kjelde: Iversen og Kjesrud mfl. (2019). 


 
– Vi var fem personar som til saman brukte fleire månadsverk på å lese av, tolke og sette innskrifta i samanheng, fortel Frode Iversen, professor og arkeolog ved KHM og førsteforfattar på det opphavlege arbeidet. 
 
Etter kvart blei gruppa kontakta av ein forskar frå Universitetet i Agder (UiA). 
 
– Førespurnaden kom i ein kollegial tone. Vedkomande var på jakt etter ein illustrasjon til eit føredrag og informasjon om forskinga vår til ei framtidig revidert utgåve av ei bok, fortel Iversen. 
 
UiA-forskaren fekk sjå gruppa sitt uferdige og upubliserte manus til forskingsartikkel. I forskingsmiljøa er det vanleg å dele og kommentere kvarandre sine manus på denne måten. 

Braut avtalen 

Overraskinga var stor då forskargruppa mot slutten av 2019 oppdaga at UiA-forskaren hadde brukt materialet til å publisere ein eigen artikkel i oktoberutgåva av det russiske tidsskriftet Scandinavian Philology.  
 
– På eit fagleg arrangement fekk vi tips om at vedkomande var ute før oss. Eg blei heilt paff, fortel Karoline Kjesrud, førsteamanuensis ved Kulturhistorisk museum (KHM) i Oslo. 
 
Både Kjesrud og Iversen hadde gitt UiA-forskaren klar beskjed om at materialet ikkje kunne brukast før gruppa hadde publisert eigne funn. UiA stadfestar dette i sine rapportar om saka. 
 
Her går det også fram at forskaren først hevda det ikkje var gjort nokon avtale, verken skriftleg eller munnleg, om å ikkje publisere det aktuelle materialet. Seinare har vedkomande gått tilbake på dette.  
 
KHM-forskargruppa publiserte i det norske tidsskriftet Viking i november. 

– Hårreisande sak 

Forskarane ved KHM varsla UiA, som då ville rette opp ved å endre publiseringsdato. Dei andre føreslåtte tiltaka var ei korrigering av den problematiske artikkelen og ei orsaking frå UiA-forskaren. 
 
Orsakinga er send, og tidsskriftet har publisert ei omfattande korrigering. Den problematiske artikkelen er likevel ikkje merkt på tidsskriftet sine nettsider, og viser ikkje på nokon måte til korrigeringa. Den føreslåtte datoendringa er heller ikkje gjennomført. 
 
– Saka er hårreisande. Det er openbert at tidsskriftet burde trekt artikkelen då dei fekk greie på dette. Sidan forskaren har brukt materiale som ikkje kunne brukast, er det ikkje ein gyldig artikkel, seier Charlotte Haug. 
 
Ho er tidlegare redaktør for Tidsskrift for Den norske lægeforening og har vore nestleiar i den ideelle organisasjonen Committee on Publication Ethics (COPE). Dei arbeider for å definere og informere om beste praksis for vitskapleg publisering. Haug har også sjølv forska på publiseringsetikk. No er ho seniorforskar ved SINTEF. 
 
– Det vil vere historieforfalsking å byte om på datoane og late som om forskaren refererer til den opphavlege artikkelen. Einaste alternativ er trekking. Deretter kan UiA-forskaren eventuelt skrive ein ny artikkel. Å glatte over eller late som dette ikkje skjedde, er ikkje reieleg. 
 
Haug har lest rapportane frå UiA og seier ho er svært overraska over tidsskriftet og universitetet si handtering. 
 
– I beste fall er dette ei veldig lettvint og lite gjennomtenkt løysing. 

Avviste plagiat 

Referansar til upublisert forsking er problematiske på mange måtar. Etterprøving blir vanskeleg. Artikkelen til UiA-forskaren inneheld også mange feil, fordi mykje av det han siterer og viser til, var endra i KHM-forskarane sin endelege artikkel.  
 
KHM-forskarane meiner også at UiA-forskaren bygger på og brukar deira funn og fortolkingar på ein så omfattande måte at det kan definerast som plagiering. 
 
– Vedkomande kunne ikkje ha skrive sin artikkel utan vår, seier Kjesrud. 
 
Det er heva over tvil at UiA-forskaren dels bygger på, dels gir att og går i dialog med KHM-forskarane sitt materiale, slår rapportane frå UiA fast. Universitetet avviser likevel at det var plagiat. Grunngivinga er at UiA-forskaren også nyttar andre kjelder i sin artikkel, og at han kritiserer delar av tolkingane til KHM-forskarane. 
 
– Eg meiner reaksjonen frå UiA var mild. Kollegialt sett bryt framferda til UiA-forskaren alle spelereglar, seier Iversen. 

– Blei for ivrig 

UiA-forskaren forklarer eiga framferd med at iveren blei for stor. Vedkomande hadde sjølv besøkt steinen i mars 2019, og oppgir å ha stussa over nokre av runetolkingane som blei lagde fram i media. 
 
– Eg skjønte tidleg at KHM-forskarane hadde ei anna tolking enn meg av den runelinja som var opent tilgjengeleg på steinen, seier UiA-forskaren. 
 
Kjesrud er oppgitt over UiA-forskaren si framstilling om å ha utvikla si eiga tolking. 
 
– Også runene på den synlege kantlinja er delvis skadde og ikkje mogeleg å identifisere i felt. Avanserte dokumentasjonsmetodar som fotogrammetri og 3D-skanning var avgjerande. Så vidt eg veit har ikkje UiA-forskaren gjort noko eige forskingsarbeid på dokumentasjonen av steinen, seier ho. 
 
UiA-forskaren hevdar også at det mangla openheit rundt runesteinen – for eksempel ein idédugnad eller eit seminar med internasjonale forskarar. KHM-forskarane tilbakeviser denne kritikken på det sterkaste. 
 
– Vi gav informasjon til studentar og forskarar frå inn- og utland, UiA-forskaren inkludert. Vi formidla i media. Dessutan var vi  
raske med å publisere runefunnet – med open tilgang. Grunnlagsdataa kan lastast ned av kven som helst, seier Iversen. 
 
I tillegg til at UiA-forskaren fekk sjå det upubliserte manuset til forskargruppa, var KHM-forskarane også opne for fagleg dialog. UiA-forskaren stadfestar sjølv dette.  
 
– Det var eigentleg lett å kome i fagleg dialog med dei, og eg gav dei nokre innspel. Men som forskar har eg konkurranseinstinkt. Eg hadde lyst til å fremje mine eigne tankar. 
 
– Då skjønar du vel også KHM-forskarane sin frustrasjon når du gjekk først ut med deira funn? 
 
– Ja, eg har lagt meg flat. God forsking bygger på ein gnist, og den gnisten er noko av det mest verdfulle i mitt liv. I dette tilfellet blei eg for ivrig. Det var den typen energi ein kan få når ein plutseleg tenker ein har skjønt noko som andre ikkje har forstått.  

– Ugrunna skuldingar 

UiA-forskaren uttrykker stor respekt for det store og grundige arbeidet som KHM-forskarane har gjort med å lese av runene. 
 
– Arbeidet er teknisk sett enormt avansert og difor også retningsgivande. 
 
UiA-forskaren kallar likevel skuldingane om plagiat ugrunna. Når det gjeld manglande merking av den problematiske artikkelen, og manglande kopling til korrigering, seier UiA-forskaren at dette er uheldig. 
 
– Eg har bedt tidsskriftet om å rette på dette. 
 
– Har du vurdert å trekke artikkelen og eventuelt publisere ein retta versjon? 
 
– Slik eg ser det er orsakinga saman med rettinga og eventuelt datoendring den beste løysinga, avhengig av at rettinga blir meir synleg. 
 
I rettinga ber UiA-forskaren om orsaking for å ha sitert og diskutert upublisert materiale trass i å ha blitt beden om å ikkje gjere det. 

– Kjennest meiningslaust 

Både Iversen og Kjesrud er svært frustrerte over at den problematiske artikkelen ikkje er blitt tydeleg merka. 
 
– Dette har vore ein tung og belastande prosess for alle involverte, seier Kjesrud. 
 
Ho har hatt ei forventing om at det skulle bli rydda opp, sidan saka har vore gjennom dei rette instansane. 
 
– Det kjennest heilt meiningslaust å ta støyten med å fremje ei slik sak dersom det ikkje får pedagogisk effekt for forskingsfeltet, redaktørar og andre profesjonelle aktørar – og dersom skaden heller ikkje blir tilstrekkeleg retta opp, seier Kjesrud. 

– Trugar tilliten 

Forskarane ved KHM oppførte seg slik dei skulle då UiA-forskaren tok kontakt, understrekar Charlotte Haug. 
 
– Å dele for å få tilbakemeldingar undervegs er ein viktig del av forskingsprosessen. Den klare føresetnaden må vere at ein ikkje kan knabbe ting. Om forskarane blir redde for denne typen deling, kan det truge forskinga, seier ho. 
Nettopp for å vareta tilliten i miljøa er det viktig å slå hardt ned på denne typen åtferd, understrekar Haug. 
 
– Både forskarar og redaktørar er avhengige av at heile systemet fungerer på ein ordentleg måte, og at det er prega av tillit. Det er institusjonane si oppgåve å sørge for at alle veit kva retningslinjer og kultur som gjeld. Elles kan ein ikkje kalle seg eit ordentleg universitet. 
 
Haug understrekar også at samarbeidet mellom tidsskrifta og institusjonane er viktig. 
 
– I dette tilfellet er det snakk om eit brot på forskingsetiske og publiseringsetiske normer som er så alvorleg at redaktøren sjølv burde ha kontakta forskaren sin arbeidsgivar. 

Å trekke eller ikkje trekke 

Filolog Elena Krasnova ved St. Petersburg State University er sjefredaktør for det russiske tidsskriftet og avviser først trekking av artikkelen. 
 
– Det er umogeleg. Den har allereie vore på trykk og er gått inn i databasar og bibliotek, seier ho på telefon frå Russland. 
 
Tidsskriftet opplyser på nettet at det sluttar seg til COPE sine publiseringsetiske retningslinjer. Her står det at trekking må vurderast når ein artikkel brukar materiale eller data utan løyve. 
 
– Det er heilt vanleg å trekke artiklar. Reglane for kva ein redaktør skal gjere i den samanhengen er klare, og det same gjeld databasane, understrekar Haug. 
 
Krasnova fortel ikkje om trekking av artikkelen blei vurdert, eller kvifor den ikkje er tydeleg merka. Ho svarer heller ikkje på om publiseringsdatoen vil bli endra. Etter ei lengre utveksling av e-postar går ho over til å seie at artikkelen saktens kan trekkast dersom forskaren gir samtykke til det. 

UiA er ikkje nøgd 

Hans Hodne er dekan ved Fakultet for humaniora og pedagogikk ved UiA. Saman med to professorar frå fakultetet sat han i ein komité som fakultetet oppretta for å gå gjennom saka. Han er ikkje nøgd med manglande merking av artikkelen. 
 
– Det held ikkje. Vi kjem til å ta direkte kontakt med tidsskriftet for å prøve å få løyst dette, seier han. 
 
Han meiner universitetet har eit moralsk ansvar for å presse på, slik at løysinga blir så god som mogeleg. Dekanen opplyser samtidig at det er UiA-forskaren som på eige initiativ har ført dialogen med tidsskriftet i etterkant. 
 
– Forskaren hadde eit sterkt ønske om å rydde opp. Vi har sjølvsagt hatt innsyn i kommunikasjonen heile vegen, seier Hodne. 
 
– Vil universitetet sjå på denne saka på nytt dersom universitetet sine forslag til tiltak ikkje blir gjennomførte? 
 
– Det vil eg ikkje spekulere i. Vi skal prøve å få tidsskriftet til å følgje opp. 

Etikkutvalet foreslo datoløysing 

Det var Forskingsetisk utval ved UiA som stod bak forslaget om å endre publiseringsdato. Ann-Kristin Olsen, pensjonert jurist og offentleg tenestekvinne, leier utvalet.

UiA si vurdering av saken

Slik har UiA vurdert saka ut frå forskingsetikklova og forskingsetiske retningslinjer: 

  • Det var ikkje plagiat. Verken i form av avskrift eller ved at forskaren hadde framstilt andre sine fortolkingar som sine eigne. Dermed var det heller ikkje vitskapeleg uærlegdom («uredelighet»). 
  • Forskaren braut aktsemdsplikta. Denne pålegg forskarar å vise aktsemd overfor kjende forskingsetiske normer. 
  • Forskaren braut integritetsprinsippet. Det stadfestar at forskarar skal opptre opent og ærleg overfor sine kollegaer. 
  • Forskaren braut kollegialitets­prinsippet. Det pålegg forskarar å avklare og følge god praksis for dataeigarskap og datadeling, forfattarskap og publisering. 
  • Fakultetet viser til prinsippet om at dei som har ansvar for å samle inn materiale, som hovudregel har førsteretten til å publisere resultat knytte til materialet. 

– Framleis framstår dette for meg som ei god løysing, seier ho. 
 
Olsen kan ikkje hugse at utvalet diskuterte trekking som eit alternativ. Det blei derimot diskutert i komiteen, ifølge Hodne. 
 
– Då vi kom fram til at det ikkje var snakk om plagiat – altså ikkje vitskapeleg uærlegdom, så var det ikkje grunnlag for å trekke artikkelen, fortel han.

– Meiner UiA at vitskapeleg uærlegdom må til før ein kan vurdere trekking? 
 
– Nei, det er ikkje automatikk i dette. Det var vel ei vurdering av alvorlegheitsgraden. 
 
– Tek UiA kritikk på noko i denne saka? 
 
– Vi kunne sjekka grundigare om tidsskriftet hadde valt gode løysingar. 
 
Verken Hodne eller Olsen vil kommentere kritikken frå Haug. 
 
– Ho vurderer saka annleis enn vi har gjort, og det må ho gjerne gjere, seier Hodne. 

Vil trekke likevel 

Før Magasinet Forskningsetikk gjekk i trykken, snudde UiA-forskaren om trekking. Grunngivinga var at det er teknisk vanskeleg å endre på publiseringsdatoen på den problematiske artikkelen. 
 
– Sidan dette viser seg å vere nærmast umogeleg, vel eg å trekke artikkelen. Eg har sendt ein e-post til redaktøren der eg ber henne om å avpublisere. Eg håper dette er ei god løysing for alle involverte, skriv UiA-forskaren i ein e-post.   
 
Då denne artikkelen blei publisert, låg artikkelen framleis ute som før.