Kallar Livsvitskapsbygget historielaust

– At ingen rom i herberget er tiltenkt humaniora eller samfunnsvitskap, tyder på ei utdatert forståing av kva livsvitskap er, seier professor Jan Helge Solbakk.

Statsbygg si illustrasjon av det kommande livsvitskapsbygget
Livsvitskapsbygget skal legge til rette for tverrfagleg forsking, men ingen miljø frå humaniora eller samfunnsvitskap har fått plass så langt. Illustrasjon: Statsbygg
Anine Kierulf utenfor juridisk fakultet i Oslo
2021:3 Magasinet Forskningsetikk Magasinet Forskningsetikk er et uavhengig fagblad om forskningsetikk som utgis av De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK). ISSN digital utgave: 2387-3094

Med sine over 97 000 kvadratmeter skal Livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo (UiO) bli det største universitets- og sjukehusbygget i landet. 
 
Grave- og grunnarbeidet er fullført. Bygget skal vere klart i 2026. Kostnadsramma er komen opp i omtrent 12 milliardar kroner. Jan Helge Solbakk, professor ved Senter for medisinsk etikk (SME) ved UiO, er i utgangspunktet positiv til prosjektet. 
 
– Det er eit flott initiativ, seier han. 
 
Ei rekke naturvitskaplege og medisinske miljø er tiltenkt plass, men så langt ingen frå humaniora eller samfunnsvitskap. 
 
– Det er dette som er nedslåande, seier SME-professoren. 

Avgjerande med nær kontakt 

Solbakk viser til at livsvitskapen er ei viktig drivande kraft i utviklinga av både medisin og samfunn, med stort potensial til å endre livsvilkåra til folk på ulike måtar. 
 
– Dette medfører kritisk viktige etiske, samfunnsmessige og filosofiske spørsmål. Då er det avgjerande med nær kontakt mellom forskarar som nærmar seg desse spørsmåla, og forskarar som utfører naturvitskapleg grunnforsking og klinisk forsking, seier Solbakk. 
 
Han meiner ei viss samlokalisering er naudsynt for å sørge for at samarbeidet blir tett nok mellom miljø frå medisin og naturvitskap (mednat) og humaniora og samfunnsvitskap (humsam). 
 
– Difor er det høveleg å spørje kvifor planleggarane av bygget opererer med ei så smal og reduksjonistisk forståing av livsvitskap, seier Solbakk. 

Avviser kritikken 

Per Morten Sandset er viserektor ved UiO og leier arbeidet med utviklinga av den faglege delen av bygget. Han forstår ikkje kritikken. 

– Livsvitskapsbygget er berre éin del av den store livsvitskapsatsinga ved UiO. Satsinga som heilskap omfattar alle fakultet, og humsam spelar ei stadig meir sentral rolle, seier Sandset. 

Han anslår at berre halvparten av UiO-forskarane som driv med livsvitskap, faktisk vil få plass i bygget. Store delar av bygget vil dessutan vere forskings- og undervisningslaboratorium med avansert utstyr.  

– Mange har ønskt seg plass, men det er kanskje ikkje så meiningsfylt at humsam-forskarar skal sitte ved laboratoriebenkar i Livsvitskapsbygget? seier Sandset. 

Solbakk peikar på at fleire av dei fremste livsvitskapsmiljøa i USA går mot samlokalisering. Han viser mellom anna til Jeantin Lunshof ved Wyss Institute ved Harvard University. Ho arbeider med filosofisk forskingsetikk innan genomforsking og biologiske ingeniørfag. 

Det filosofiske og etiske arbeidet utfører Lunshof som fulltidsetikar på golvet på laboratoriet. 
 
– Ho er eit glimrande eksempel, seier Solbakk. 
 
Sandset stadfestar at det så langt ikkje er tildelt plass i bygget til humsam-forskarar, men viser til planar om at tverrfaglege forskingsgrupper skal vere i bygget i periodar (sjå faktaboks). Her vil det kunne dukke opp humsam-forskarar. 

Dessutan understrekar Sandset at ikkje alt er bestemt endå. 
 
– Kan det hende at nokre humsam-forskarar får plass likevel? 
 
– Det er ikkje utelukka. Foreløpig er det i alle fall ingen som kan seie at det ikkje vil kome humsam inn i dette bygget, seier Sandset. 
 
I UiO si eiga oversikt over kven som skal inn i bygget, er det likevel ikkje nemnt verken aktørar eller tema frå humsam.  

– Treng tett samarbeid 

– Eg trur ikkje dette handlar om motvilje, men ei grunn og historielaus forståing av kva omgrepet livsvitskap omfattar, seier Solbakk.  
 
Han synest ikkje humsam-forskarar lenger skal nøye seg med å forske på implikasjonane av kunnskapen og teknologien som dei «ekte» livsvitskap-forskarane, altså dei frå mednat, produserer. 
 
– Ein slik innfallsvinkel er fundamentalt feil, men forklarer kanskje kvifor det ikkje er sett av rom i bygget til humsam, seier han. 
 
Solbakk viser til den historiske utviklinga og korleis humsam sitt oppdrag i livsvitskapen har endra seg. I dag skal humsam-perspektiv vere til stades på alle trinn. 
 
– For å identifisere dei mest relevante, interessante og fruktbare forskingsspørsmåla treng vi eit tett samarbeid. Det vil gi mykje betre forsking og meir relevant kunnskap, seier Solbakk. 

Ein møteplass for alle 

Ein rask kik på UiO sin strategi for livsvitskap viser at humsam er tydelegare prioritert her, enn i planane for Livsvitskapsbygget. Strategien framhevar konvergens, altså samspel og tverrfaglegheit, som overordna perspektiv. Under denne paraplyen er «livsvitskap, etikk og samfunn» definert som eitt av seks spesielt sentrale tema.

Desse er tiltenkt plass 

  • Klinikk for laboratoriemedisin (OUS), 620 tilsette 
  • Kjemisk institutt, 230 tilsette 
  • Farmasøytisk institutt, 220 tilsette 
    – 280 masterstudentar 
  • Livsvitskap, 350 tilsette, inkludert:  
    – Norsk senter for molekylærmedisin, 120 tilsette 
    – tilsette knytte til kjernefasilitetar for strukturbiologi, kjemisk biologi og computational life science 
    – tilsette knytte til proteomikk, imaging, elektronmikroskopi og modellorganismar 
    – tverrfaglege forskingsgrupper som får mogelegheit til samlokalisering over kortare eller lengre tid 

Kjelde: UiO 

Sandset er likevel ikkje samd i at denne delen av strategien ikkje blir reflektert i Livsvitskapsbygget. 
 
– Vi prøver å gjere det slik at dei ulike forskingsmiljøa i bygget blir tvinga til å møte kvarandre og samhandle på nye måtar. Dessutan blir bygget laga som ein møteplass for alle som er involverte i livsvitskap ved UiO, også dei som ikkje får fast plass der, seier han. 
 
Sandset meiner alle dei leiande UiO-miljøa innan livsvitskap allereie har med seg humsam frå planleggingsstadiet. 

– Kjem til å trenge oss 

Staben ved Senter for medisinsk etikk (SME) sende sine innspel om Livsvitskapsbygget til Det medisinske fakultet i 2019. Her går det fram at dei meiner senteret høyrer heime i bygget. 
 
Reidar Pedersen er professor og leiar for SME. Han meiner det er svært underleg at senteret ikkje har fått plass. 
 
– Eit fagmiljø som SME, med 30–40 tilsette, har sannsynlegvis ein varig funksjon for aktørane i eit slikt bygg, seier han. 

Det handlar mellom anna om kompetanse til å bygge framifrå forskingsmiljø og til å fremje integritet, grunnleggande verdiar og brukarmedverknad i alle steg i forskinga. 

– Då er det litt rart om forskarar med spesiell kompetanse på dette skal flytte inn og ut avhengig av om prosjektleiar prioriterer dette. Dei som skal vere i bygget, kjem til å trenge vår type kompetanse, seier Pedersen.