Stamcelleforskar: – Vi dyrkar ikkje menneske

Ei rekke forskarmiljø i utlandet vil dyrke menneske-embryo på laboratoriet i meir enn 14 dagar. Fram til no har dette vore ei definitiv grense.

Nicholas Rivron og forskargruppa ved Austrian Acacemy of Sciences
Nicolas Rivron (ståande framme) saman med forskargruppa si ved Austrian Acacemy of Sciences. Foto: Sandra Schartel
Anine Kierulf utenfor juridisk fakultet i Oslo
2021:3 Magasinet Forskningsetikk Magasinet Forskningsetikk er et uavhengig fagblad om forskningsetikk som utgis av De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK). ISSN digital utgave: 2387-3094

I fleire tiår har forskarar verda over vore samde om å aldri la menneske-embryo utvikle seg i meir enn to veker på laboratoriet. I fleire land, inkludert Noreg, er 14-dagarsregelen del av lovverket. 
 
Den internasjonale foreininga for stamcelleforsking (ISSCR) utviklar etiske retningslinjer for feltet. I mai i år fjerna dei 14-dagarsregelen. Inga ny grense blei lagd inn. Kor lenge det er greitt å dyrke embryo, bør vere opp til aktørane som gjennomfører den etiske godkjenninga av prosjekta, meiner ISSCR. 
 
Første rapport om dyrking av embryo i meir enn 14 dagar er allereie ute. I tidsskriftet Nature 17. november viser ei gruppe frå Storbritannia og Tyskland korleis dei heldt eit embryo i live til eit stadium som svarar til 16–19 dagar etter befruktning. 
 
Endringa har skapt debatt, og meiningane er delte.  
 
ISSCR er eit sterkt organ. Lovverk og reguleringar varierer veldig frå land til land, og foreininga har fått stadig større tyngde når det gjeld etiske spørsmål rundt forsking på embryo. 
 
– Det er ingen automatikk i at anbefalingar frå ISSCR blir til lovverk i Noreg, men ISSCR gir råd mange lyttar til. I land der denne grensa på 14 dagar ikkje er regulert ved lov, som i USA, er det sannsynleg at anbefalingane vil føre til endringar i kor lenge ein forskar på embryo, seier Stine Hufthammer Indrelid, seniorrådgjevar i Bioteknologirådet. 
 
I Noreg er det nesten ingen forskarar som jobbar med menneske-embryo på laboratoriet (sjå undersak). For å skjøne kva som eigentleg har skjedd, må vi til utlandet. 

Vil løyse etiske problem 

Nicolas Rivron leier ei forskargruppe i Austerrike. I 2018 var gruppa først ute med å lage eit blastoid. Dei brukte musestamceller som utgangspunkt. 
 
Ordet «blastoid» peikar på ordet «blastocyst», eit veldig tidleg stadium av pattedyr-embryo. For mus blir blastocysten danna etter tre til fire dagar etter befruktninga, for menneske fire til fem dagar. Endinga -oid stammar frå gresk og betyr «noko som liknar». Noko som liknar på ein blastocyst, altså. Vi kjem tilbake til det. 
 
– Diskusjonane om 14-dagarsregelen får ikkje fram at endringa er del av løysinga på dei etiske problema ved forsking på embryo, seier Rivron. Han arbeider ved Institute of Molecular Biotechnology ved Austrian Academy of Sciences. 

Assistert befruktning 

Prøverørsbehandling, eller assistert befruktning (IVF), som det heiter i dag, dukka opp på 1970-talet. Dette var kontroversielt i starten. Mange hadde vanskeleg for å godta at forskarar og behandlarar skulle manipulere sjølve spiren til mennesket i labskåler. 
 
Trass i at det første prøverørsbarnet her i landet kom til verda i 1983, hadde vi forbod mot forsking på embryo heilt fram til 2008.  
 
Den norske helsetenesta sitt tilbod om assistert befrukting hadde altså vorte utvikla gjennom forsking gjord i andre land. I dag blir 4–5 prosent av norske barn fødde etter IVF. 
 
14-dagarsgrensa dukka først opp i USA i 1979, i ein rapport om IVF frå etikkpanelet til det amerikanske helsedepartementet. Her stilte dei seg positive til forsking på humane embryo. Ein føresetnad var at embryo i labskåler ikkje skulle haldast i live for lenge. Panelet meinte grensa burde vere tida eit embryo brukar på å feste seg i ei livmor – nemleg 14 dagar. 
 
Seinare er fleire argument komne til, som at dette er tidspunktet for danninga av den såkalla primitivstreken. For embryoet markerer han starten på danninga av organ, vev og sentralnervesystem.  

Dyrkar miniorgan 

Rundt årtusenskiftet blei stamcelleforsking viktig. Stamceller frå embryo vart ettertrakta forskingsobjekt, og på nytt blei det debatt rundt forsking på menneske-embryo. 
 
Debatten roa seg igjen etter 2006. Då viste japanaren Shinya Yamanaka korleis det er mogeleg å omprogrammere alle slags celler til å bli som embryonale stamceller, og behovet for celler frå embryo avtok. 

Dei omprogrammerte cellene, kalla IPS-celler, ga forskarar ei eineståande mogelegheit til å dyrke fram ulike typar menneskeleg vev. Det har resultert i miniversjonar av så å seie alle organa i ein menneskekropp, til og med små hjernar. Miniorgana blir kalla organoid, og dei blir mellom anna brukte til å forstå korleis eit menneske utviklar seg, korleis sjukdom utviklar seg, og til å teste medisinar og andre miljøfaktorar. 

Etterliknar menneske-embryo 

Då er vi endeleg framme ved blastoida til Rivron. Dei siste åra har fleire forskargrupper brukt både IPS-celler og embryonale stamceller til å dyrke fram embryoliknande strukturar. Dei har fått namnet embryoid eller kunstige embryo. Dei blir også kalla embryomodellar, sidan idéen nettopp er å bruke dei på laboratoriet til å modellere prosessane som skjer i eit «ekte» embryo. 
 
Rivron skapte det første blastoidet, basert på stamceller frå mus. Fleire grupper, inkludert Rivron si, arbeider no med å lage blastoid frå menneske-stamceller. Gruppa til Rivron er éi av seks i verda som har rapportert om forsøk med slike modellar i år. 

I Austerrike er det ikkje lov å forske på menneske-embryo, men embryoid er juridisk sett ikkje embryo, og fell utanfor dette forbodet. 

Rivron legg vekt på at embryomodellane førebels er ekstremt forskjellige frå embryo som er laga på gamlemåten, med egg- og sædcelle. Ulikskapane handlar både om genuttrykk og utviklingspotensial.  
 
– Embryoid kan ikkje danne organismar. Vi dyrkar ikkje menneske. 

– Kan embryoid få potensial til å danne organismar i framtida, etter kvart som modellane blir meir og meir like embryo? 

– Kanskje. Men det kan ta 50 år. I mellomtida bør vi vere realistiske når vi snakkar om kva desse strukturane er. 

Løyndomane før ultralyd 

Kor gode dei stamcellebaserte humane embrymodellane er, vil bli ein stor ­diskusjon, trur Rivron. Samanlikning av embryo og embryomodellar kan gi svar. 

Håpet er å fylle nokre av kunnskapshola om korleis eit embryo utviklar seg. Det er stadia etter 14 dagar og fram til embryoet blir synleg på ultralyd, altså rundt veke 5 eller 6, som held best på løyndomane sine. 
 
Rivron meiner forsking på ei avgrensa mengd embryo i meir enn 14 dagar er forsvarleg. Argumentet er at dette i sin tur vil avgrense behovet for å bruke «ekte» embryo til forsking. 
 
– Slik kan vi løyse dei etiske utfordringane knytte til å forske på embryo. Akkurat som IPS-cellene er blastoid eit etisk alternativ til å bruke humane embryo, argumenterer han. 

– Vikarierande argument 

Anna Smajdor er førsteamanuensis i filosofi ved UiO og arbeider mellom anna med dei etiske sidene ved forsking på embryo. Ho er kritisk til at argumenta for å heve 14-dagarsgrensa stort sett handlar om å løyse medisinske problem, som å hindre spontanabortar, problematisk graviditet, utviklingsfeil eller sjukdom.  
 
– Ingen kan vite at desse problema vil bli løyste, sidan det er snakk om grunnforsking, understrekar ho. 
 
Smajdor veit ikkje om det er ein god eller dårleg idé å fjerne 14-dagarsgrensa, men trur ikkje ønsket om å fjerne grensa er basert på moralsk overtyding. 
 
– Dette er eit vikarierande argument, seier ho. 
 
I staden trur ho det handlar om kva forskarane er blitt i stand til å gjere reint teknisk. Det er nemleg først no forskarane faktisk kan klare å halde embryo i live på laboratoriet i meir enn 14 dagar. 
 
Smajdor understrekar at den vitskapelege prosessen ikkje nødvendigvis er ein moralsk godarta ting. 
 
– Vi har ein tendens til å forme dei moralske argumenta så dei passar med å opne for vidare forsking. Men det er vanskeleg å vite på førehand kor gunstige bestemte vitskapelege framsteg vil vere. 
 
Ho meiner det er grunn til å vere på vakt for utviklinga. 
 
– Forskarane kan fylle opp laboratoria sine med ei uendeleg mengde embryo-liknande strukturar som har blitt til utanfor dei vanlege juridiske og regulatoriske prosessane. Det kan få innverknad på vår evne til å behandle alle menneske-embryo med respekt. 

Ikkje skummel sci-fi 

Rivron har vore sterkt involvert i diskusjonane bak endringane i retningslinjene til ISSCR. Han er oppgitt over at det viktige forskingsetiske arbeidet rundt embryomodellane har hamna i skuggen av endringa i 14-dagarsregelen. 
 
– I den nye versjonen av retningslinjene er det etablert reglar for forsking på humane embryomodellar. For eksempel har vi slått fast at dei aldri skal bli sette inn i ei livmor, fortel han. 
 
Rivron seier også at ISSCR eigentleg ikkje har fjerna 14-dagarsregelen, sidan den vitskaplege foreininga berre har ein rådgjevande funksjon. Den reelle makta ligg på nasjonalt nivå. 
 
– Haldningar til forsking på embryo heng saman med kultur. Nokre stader får embryoet ein moralsk status ved befrukting, i andre kulturar kjem ikkje den moralske statusen før mykje seinare. Ved å ta ut 14-dagarsregelen frå retningslinjene ønskjer ISSCR å omfamne denne variasjonen, seier han. 
 
Rivron er ikkje uroleg for at utviklinga vil føre til mindre respekt for menneske-embryoet. 
 
– Vi bør ikkje fokusere på skumle science-fiction-scenario når vi har så mykje viktig forsking å gjere, seier han. 
 
Samtidig er han tydeleg på at forskarar må ta etikken på alvor heile vegen, og vere bevisste på risiko. 
 
– Eg tek dette ansvaret veldig alvorleg. Mitt største skrekkscenario er at juridiske og regulatoriske aktørar forbyr denne forskinga fordi dei ikkje forstår ho, seier Rivron.  

Planlegg embryoid-forsking 

Også i Noreg har forsking på embryoid gått raskare enn lovreguleringa av forsking på embryo er blitt oppdatert.  
 
I 2018 etterlyste Bioteknologirådet ei klargjering av regelverket rundt forsking på det dei kalla syntetiske menneskelege einingar med embryoliknande trekk. 
 
– Lova regulerer bruk av embryonale stamceller og embryo framstilte ved ­kloning, men det er usikkert om lova tek høgde for desse nye metodane, seier Indrelid i Bioteknologirådet. 
 
Prosjekt av denne typen er allereie på veg, men har førebels ikkje vore gjennom den naudsynte prosessen med etisk godkjenning. 
 
– Vi planlegg mellom anna å jobbe med blastoid, seier Gareth Sullivan, seniorforskar ved Oslo universitetssykehus (OUS) og forskar ved Institutt for medisinske basalfag ved UiO.  

Bioteknologisk dilemma 

Det er uvisst om Noreg kjem til å følge etter ISSCR og opne for ei utviding av 14-dagarsgrensa. Bioteknologirådet meiner tida nok ein gong er moden for å diskutere både nytta og dei etiske utfordringane med forsking på byrjinga av livet. 
 
Kunnskapen som kjem ut av forsking som held liv i embryo utover 14 dagar, kan Noreg få nytte av. Difor er det også problematiske sider ved å oppretthalde grensa her til lands, forklarer Ole Frithjof Norheim i rådet sitt eige magasin GENIalt: 
 
– Det blir eit dilemma for meg: Skal vi dra nytte av kunnskap og nye medisinske metodar som er utvikla med denne typen forsking i andre land, utan at vi sjølv tillet slik forsking? spør han. 

 

Etterlyser ny grense 

Marie Indahl trur forskarar treng tydelege reglar. Ho er den einaste som regelmessig handterer menneske-embryo på forskingslab her i landet. 

Marie Indahl ved OUS. Foto: Maria Vera Rodriguez

– Det er veldig få som forskar på embryo i Noreg. Eg synest det er flott å få vere ein del av dette miljøet, seier forskar Marie Indahl ved OUS. Foto: Maria Vera Rodriguez.

– Det er ei ære å få lov til å forske på dette dyrebare materialet, seier Marie Indahl. 

Ho er forskar og embryolog ved Oslo universitetssykehus (OUS) og doktorgradsstudent ved Universitetet i Oslo (UiO). 

Dagleg hentar ho laboratorieskåler med befrukta egg frå klinikken ved Reproduksjonsmedisinsk avdeling ved OUS. Ho ber dei forsiktig over gangen til forskingslaboratoriet sitt. 

– På ein vanleg dag hentar eg 2–3 overtalige embryo eller egg, fortel ho. 

Fleire OUS-forskarar er involverte i prosjekta, men Indahl gjer mesteparten av det praktiske arbeidet.   

I løpet av fem år har ho henta rundt 1000 egg og 700 embryo på klinikken. Ho fortel at det er veldig strenge reglar og rutinar for prosessen med donering og overlevering. 

Donerer befrukta egg 

For par som kjem til klinikken for assistert befruktning (IVF), blir det som regel nokre befrukta egg til overs. Para kan velje å donere desse til forsking. I Noreg er det berre klinikken ved OUS som gir denne mogelegheita. 
 
Materialet blir til slutt kasta om det ikkje blir donert. Indahl får nesten berre materiale som ikkje er av god nok kvalitet til å bruke i klinikken. 
 
Inne på laben plasserer ho dei befrukta egga i ein inkubator, eit slags varmeskap. 
 
– Eg held dei i live til dag 2 eller 3 i utviklinga medan eg studerer dei. Av og til fram til dag 6, fortel ho. 
 
At den internasjonale foreininga for stamcelleforskning (ISSCR) har opna for forsking på embryo i meir enn 14 dagar, kan vere på sin plass, trur Indahl. 

Treng tydelege reglar 

– Dersom ein sikrar at dei etiske vurderingane er gode heile vegen, så kan denne endringa vere bra for forskarsamfunnet. Det internasjonale forskingsarbeidet som går føre seg på feltet, er såpass viktig, seier ho.  
 
Endringa har ikkje praktisk viktigheit for Indahl sjølv, sidan ho aldri nærmar seg denne grensa i forskinga si. Det norske lovverket slår dessutan fast at forsking på humane embryo må avsluttast etter 14 dagar.  
 
– Det hadde kanskje vore fint dersom ISSCR hadde sett ei ny grense. Eg trur forskarar treng tydelege reglar, seier Indahl. 

Forskar på infertilitet 

Hennar eiga forsking handlar om å kartlegge brytarar som skrur gen av og på i det befrukta egget. Ho har funne ein markør som ser ut til å vere viktig for at embryoet skal gjere dette på rette måten. 
 
– Det kan vere relevant for infertilitet, seier ho. 
 
Håpet er å bidra til å identifisere markørar som kan fortelje om eit embryo er levedyktig eller ikkje. 
 
– Det er den store draumen, men det ligg langt fram i tid, seier Indahl. 

Dette er første artikkel i ein serie om korleis utviklinga innan stamcelleforsking flyttar etiske grenser.