Fleire studiedeltakarar får erstatning

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har så langt fått inn åtte saker frå pasientar som tok del i kreftstudien Norwait.

Anne Mette Gulaker, avdelingsdirektør i NPE
- Høge standardar rundt forsking er viktig for at ingen studiedeltakarar skal bli påført behandlingsskade, seier Anne Mette Gulaker, avdelingsdirektør i NPE. Foto: NPE
Omslag magasinet med bilde av en hånd med tommel som peker opp, og en hånd med tommel som peker ned
2022:2 Magasinet Forskningsetikk Magasinet Forskningsetikk er et uavhengig fagblad om forskningsetikk som utgis av De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK). ISSN digital utgave: 2387-3094.

Alle sakene gjeld pasientar som blei inkluderte i studien via Haukeland universitetssjukehus. I fire av dei har pasientane allereie fått medhald. Resten er ikkje NPE ferdig med å handsame. Ei av sakene handlar om dødsfall.

– Det sentrale spørsmålet har vore om pasientar var eigna til å vere med i studien. På dette punktet har vi funne behandlingssvikt, seier Anne-Mette Gulaker, avdelingsdirektør i NPE.

Pasientar har også fått dårlegare prognose som ein konsekvens av at dei blei tekne med i forskinga.

– Å leve med dårleg prognose er ei så stor belastning at vi prinsipielt sett gir ménerstatning for tapt livsutfolding i slike saker, forklarer Gulaker.

Ut frå informasjonen som er komen fram i media, blir ikkje avdelingsdirektøren overraska om det kjem inn fleire saker frå Haukeland-pasientar som har vore med i Norwait.

Ho understrekar at NPE skil seg frå Helsetilsynet, Statsforvaltaren og politiet ved at dei ikkje tek stilling til om nokon kan lastast for svikten.

Les òg: Prioriterer etterforskning av kreftstudie

Usamde om feilinkludering

Haukeland universitetssjukehus (HUS) og prosjektet si monitoreringsgruppe er ikkje samde om kor mange Haukeland-pasientar som blei feilinkluderte i Norwait.

Ifølgje monitorane som har granska inklusjonen, var berre 2 av 31 pasientar dokumentert rett inkluderte. For 16 av dei viste dokumentasjonen vedvarande kreft. Desse skulle straks fått operasjon. For resten av pasientane var dokumentasjonen så mangelfull at det ikkje var mogeleg å vurdere om inkluderinga var rett eller ikkje.

Ifølgje HUS si eiga interne evaluering var det berre fire feilinkluderte pasientar.

Stille frå pasientane

Kreftforeningen har gitt juridisk støtte til to av pasientane i samband med erstat- ningssøknad, men har elles ikkje fått kontakt med pasientgruppa.

– Vi oppfattar det som har skjedd, som svært alvorleg og kritikkverdig, seier assisterande generalsekretær Ola Aleksander Opdalshei.

Brukarutvalet i Helse Bergen ikkje hatt kontakt med pasientane eller fått informasjon om korleis det går med dei helsemessig. Utvalet skal vareta pasientar og pårørande sine interesser, og vere ein pådrivar i betring av sjukehustenestene.

– Det er viktig for oss at pasientgruppa får god oppfølging. Vi har bedt om meir informasjon frå sjukehuset, og vil få det i eit møte i oktober, seier leiar Linda Haugland.

Plikt til å informere

Pasient- og brukarombodet har berre høyrt frå éin av pasientane. Ombodet har 15 kontor rundt i landet. Jannicke Bruvik leier kontoret i Bergen, og er samtidig nasjonalt ombod. Ho venta at fleire ville ta kontakt.

– Eg håper årsaka til at vi ikkje har høyrt noko, er at oppfølginga frå sjukehuset er god. Vi har sett i media at pasientane tidlegare har fått lite informasjon. Om det er tilfellet, er det veldig trist. Ombodet har ingen måte å oppsøkje dei på, seier Bruvik.

Ho understrekar at sjukehuset har plikt til å informere pasientane om retten til å klage både til NPE og Pasient- og brukarombodet.

Magasinet Forskningsetikk har vore i kontakt med HUS. Verken direktør for Kirurgisk klinikk, John-Helge Heimdal, eller fagdirektør i Forskings- og utviklingsavdelinga, Marta Ebbing, vil uttale seg.