Våre ukjende lab-kroppar

Tenk deg at celler frå deg blir formerte verda rundt og dyrka til stadig meir avanserte, levande klumpar. Det heile utanfor din kontroll.

Eit hjerneorganoid - ein gul klump med to svarte prikkar i
Hjerne-organoid dyrka frå ulike cellelinjer i eit prosjekt i Tyskland. Organoida utvikla anlegg til auge. Foto: Elke Gabriel
Omslag magasinet med bilde av en hånd med tommel som peker opp, og en hånd med tommel som peker ned
2022:2 Magasinet Forskningsetikk Magasinet Forskningsetikk er et uavhengig fagblad om forskningsetikk som utgis av De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK). ISSN digital utgave: 2387-3094.

Nei, dette er ikkje science fiction eller berre eit sært eksempel frå medisinsk historie. Det har blitt vanleg med kjøp og sal av celler til forsking, og med kommersielt tilgjengelege celler kan forskarar jobbe på denne måten.

Dermed kan folk som gir materiale til forsking, få mengder av fråkopla utvekstar på ymse laboratorium. Spesielt dersom dei ein eller annan gong har sagt ja til at biologisk materiale kan bli delt med forskarar i helseindustrien.

Det overordna målet er ny medisinsk behandling. Spørsmålet er om forskingsetikken heng med i svingane.

Dette er tredje artikkel i ein serie om korleis utviklinga innan stamcelleforsking flyttar etiske grenser. Les også: Forskarar blandar dyr og menneske og Stamcelleforskar: - Vi dyrkar ikkje menneske

Bruken aukar

Bruken av biologisk materiale frå forskingsdeltakarar har utvida seg i takt med stamcelleforskinga. Spesielt gjeld dette forsking som tek i bruk induserte pluripotente stamceller (iPS-celler). Dei kan bli til alle typar celler i kroppen.

Motsett kan ein også bruke alle slags celler for å lage iPS-celler. Forskarar treng difor ikkje meir enn ei hudcelle for å kunne dyrke fram alt frå hjerneceller til muskelceller.

iPS-celler er dessutan eit vanleg utgangspunkt for å dyrke organoid. Dette er små, tredimensjonale kulturar som er stimulerte til å utvikle seg likt organ. Vi kan tenke på dei som reproduksjonar av måten organa i kroppen utviklar seg og fungerer på.

– Veldig mange kronisk sjuke pasientar kan vi ikkje kurere i dag. Vi leitar etter nye metodar for folk som sårt treng behandling. Stamceller og organoid kan vere sentrale for å kome dit, seier professor Stefan Krauss, leiar for Senter for hybridteknologi ved Universitetet i Oslo (UiO).

Det store håpet er at stamceller og organoid kan bli viktige for testing av nye medisinar og behandlingar, og på lang sikt møte det skrikande behovet for celler, vev og organ til transplantasjon.

Kjøper celler

Hovudregelen er at deltakarar i forsking må gi nytt samtykke dersom biologisk materiale frå biobankar skal nyttast i nye typar prosjekt. Ein biobank er ei samling av biologisk materiale.

Verda over praktiserer forskarar no omfattande unntak frå denne hovudregelen. Folk som likevel skulle finne ut at deira biologiske materiale er på vandring, har ikkje rett til å stanse bruken.

Unntaka frå nytt samtykke og tilbaketrekking gjeld dersom det biologiske materialet er anonymisert, det vil seie utan opplysningar som kan identifisere opphavspersonen.

HeLa-celler

Cellelinja HeLa danna grunnlag for ei rekkje store medisinske gjennombrot, men har også etisk problematiske sider. Ein celleprøve frå Henrietta Lacks (HeLa) blei brukt i forsking utan samtykke i 1951, same året som ho døydde av kreft.

Fleire titals tonn med HeLa-celler har blitt dyrka fram sidan den gong, ifølgje boka «Henrietta Lacks' udødelige liv» frå 2010.

Unntaka gjeld også dersom materialet er tilverka og har blitt del av eit produkt. Typisk kan dette vere ei cellelinje – genetisk like celler som blir formerte på laboratoria og har uavgrensa evne til å dele seg. Slike har vorte utvikla og forska på sidan 1950-åra.

Magasinet Forskningsetikk er ikkje kjent med at cellelinjer frå opphavspersonar her i landet blir formidla kommersielt, sjølv om regelverket opnar for det. Det er imidlertid gjort forsøk på kommersiell utnytting av norske biobankar.

Det som derimot er klart, er at fleire norske organoid-prosjekt kjøper celler frå biobankar i utlandet, gjerne frå USA eller Storbritannia. Utanlandske forskingsdeltakarar har sjølvsagt like stort krav på vern som norske.

REK vurderer ikkje

I tillegg til unntaka frå samtykkekravet er gjeldande tolking her i landet at forsking på kommersielle cellelinjer ikkje fell inn under helseforskingslova. Difor er forskinga heller ikkje underlagt krav om godkjenning frå Regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK).

– Forsking på kommersielt kjøpte cellelinjer vurderer vi ikkje, stadfestar Jacob Hølen, sekretariatsleiar i REK sør-øst.

Han meiner det er viktig å formidle til donor at når ei cellelinje er etablert, vil ikkje vedkomande ha rettar knytte til cellene lenger. Studiar som faktisk haustar celler for å etablere cellelinjer eller organoid, må derimot gjennom vurdering i REK.

– Vidare arbeid i reagensrøyr eller laboratorieskåler involverer eller påverkar ikkje deltakarane direkte, så då er det ikkje naudsynt med REK-godkjenning, seier Hølen.

Det er altså lite kontroll med kva slags samtykke som ligg bak kommersielt kjøpte celler, og om forskarane sin bruk er i tråd med dette.

Hybrida

  • Treårig EU-prosjekt som høyrer til under programmet Science with and for Society i Horizon2020.
  • Prosjektet er koordinert frå Universitetet i Oslo.
  • Hovudmålet er utvikle eit dekkande regulatorisk rammeverk for organoidforsking og organoid-relatert teknologi.
  • Gjennom prosjektet skal ein også utvikle og betre retningslinjer for forskarar.

– Så vidt eg veit, er det heller ingen andre land der forsking basert på kommersielle cellelinjer må gjennom vurdering eller godkjenning frå uavhengige etikk-komitéer. Frå eit etisk synspunkt er dette problematisk, seier Søren Holm.

Han leier EU-prosjektet Hybrida, som handlar om regulering av forsking på organoid. Holm er professor i bioetikk ved Senter for medisinsk etikk (SME) ved Universitetet i Oslo og School of Social Sciences ved University of Manchester i Storbritannia.

Lang debatt

Enkelte synest kanskje det er greitt å gi frå seg heile kontrollen over biologisk materiale til forskarar. Andre vil intuitivt vente eigarskap og råderett når dei seier ja til at deira materiale kan bli forska på.

– Litt eldre cellelinjer er spesielt problematiske. Dersom nokon gav sitt samtykke for 10 år sidan, kan det vere uklart om det opphavlege samtykket også dekkjer dagens forsking på organoid, seier Holm.

Han trur det er rett å gå ut frå at det finst mange organoid på laboratorium rundt om i verda, inkludert i Noreg, utan at opphavspersonane nokon gong blei informert om slik bruk.

– Forskinga på stamceller og organoid aktualiserer og forsterkar etiske diskusjonar som har gått føre seg i fleire tiår i samband med biobankar. Problematikken går heilt tilbake til den første vellykka humane cellelinja, HeLa, seier Holm (sjå faktaboks).

Les mer om HeLa-cellene:  Henrietta Lacks’ hemmelige evige liv

Grenser for råderett

For biobankar har det vorte opna for breie samtykke i staden for spesifikke. Deltakarar seier ja til at materialet kan brukast i breitt definert forsking, for eksempel «kreftforsking». Dette gir stort handlingsrom og har vore omdiskutert.

Her i landet er det rett nok krav om at deltakarar som har gitt breitt samtykke, skal ha tilgang til jamne oppdateringar om kva materialet blir brukt til.

Omsynet til sjølvråderett og integritet – og dermed kravet til frivillig, informert samtykke – står sterkt når folk tek direkte del med kroppen sin, for eksempel i klinisk forsking. Dei har også rett til å trekke seg utan at forskarane verken kan kommentere eller stille spørsmål ved det.

For biobankar har argumentet vore at omsyn til sjølvråderett og integritet ikkje gjer seg gjeldande heilt på same måten. Her er det først og fremst vern om og råderett over sensitiv informasjon som står sterkt. Ein har vore særleg merksam mot forsking på genetikk.

Verken person eller ting

Ny uro oppstår når forskarane ikkje lenger berre jobbar med data frå det biologiske materialet eller dyrkar enkle cellelinjer. Stamcelle- og organoidforskinga handlar nemleg om stadig meir avanserte dyrkingsprosjekt.

Materiale som har blitt fjerna frå kroppen, blir på sett og vis kroppsleggjord på nytt – utanfor den opphavlege kroppen.

I Hybrida-prosjektet blir dette skildra som eit konseptuelt problem: Organoid er verken personar eller ting, og passar difor ikkje inn i todelinga vi vanlegvis bruker for å forstå verda. Dette skaper problem for både forståinga, etikken og jussen.

Fleire greiner av organoidforskinga blir dessutan oppfatta som kontroversielle. Det gjeld mellom anna forsøk med å dyrke fram kjønnsceller, embryo-liknande strukturar, hjerne-organoid (kan dei få medvit?) og blandingar mellom dyr og menneske.

Er systema, reglane og retningslinjene vi har i dag, rigga for å handtere utviklinga?

Organ på brikke

Ved Senter for hybridteknologi, som er eit senter for framragende forsking (SFF) ved Universitetet i Oslo dyrkar forskarane ganske ukontroversielle organoid eller organ på brikke. Cellene er kjøpte frå kommersielle aktørar i USA og Stor­britannia.

Aleksandra Aizenshtadt er ein av forsk­arane som jobbar med organ på brikke ved Senter for hybridteknologi. Ho fortel at dei vanlegvis ikkje ser spesifikke samtykkeskjema eller kjenner alle detaljane i informasjonen opphavs­personane har fått. Dette er biobankane sitt ansvar, seier ho.

– Vi signerer ein avtale om overføring av materialet. Avtalen spesifiserer kva vi kan bruke cellene til, forklarer ho.

Aizenshtadt trur ikkje opphavspersonane har fått spesifikk informasjon om at cellene kan bli brukte til å dyrke organo­id. Derimot har dei fått vite at cellene kan bli dyrka til ulike celletypar i laboratorium, og at dei kan bli delte med andre forskarar og kommersielle partnarar.

– Dermed er dei informerte. Organoid er ein måte å dyrke celler på, seier Aizen­shtadt.

Manglar kompleksitet

Professor Krauss tek del i Hybrida-prosjektet. Han understrekar at organo­ida som blir dyrka fram på senteret, er milevis unna kompleksiteten til eit verkeleg organ.

– Det er små strukturar, så små at nokre av dei ikkje kan sjåast med berre auga. Dei inneheld på det meste nokre få tusen celler, fortel han.

Brikke-delen av forskinga handlar om å byggje eit slags hus for cellene. Som oftast er dette ein mikroskop-slide med kanalar for sirkulasjon. Slik kan ein mellom anna etterlikne ulike typar barrierefunksjonar i kroppen.

– Første organ på brikke var ein lungemodell. To ulike cellelinjer på kvar si side av ein membran var ei enkel etterlikning etter alveolane i lungene. Ei ekte lunge har over 50 ulike typar celler, seier Krauss.

Forskarane ved senteret ser spesielt på lever og cellegrupper i bukspyttkjertelen som produserer insulin. Det overordna målet er å lage organoid og organoid på brikke som blir stadig betre til å etterlikne originalane.

To retningar

Det er to hovudretningar for organoidforskinga i dag, ifølgje Krauss. Den første er mogelegheitene for å teste medisin og behandling. Her skjer det allereie mykje, for eksempel retta mot persontilpassa behandling av kreft.

Den andre retninga er mindre utvikla og meir krevjande. Her handlar det om å dyrke fram celler, vev eller organoid som direkte kan brukast i pasientbehandling via transplantasjon. På dette området er det førebels få kliniske forsøk, men mykje meir kan vere på veg.

– På veldig lang sikt er håpet å kunne gjere noko med det store behovet for organ til transplantasjon. Når vi har tru på å kunne levere produkt som dekkjer viktige medisinske behov, blir spørsmålet korleis vi kan få etiske hjørnesteinar på plass så vi kan kome oss dit, seier Krauss.

Han erkjenner at det er ei kontaktflate mellom avgjerande etiske spørsmål og organoid med ein viss kompleksitet.

Skremmande metaforar

Christine Mummery er professor i utviklingsbiologi ved Leiden University Medical Center i Nederland. Ho har tidlegare vore leiar for International Society of Stem Cell Research (ISSCR), som mellom anna lagar dei internasjonale retningslinjene på feltet. Ho står framleis tett på dette arbeidet, og tek del i Hybrida.

Mummery meiner bruken av metaforar har gjort enkelte engstelege. Organoid er ikkje mini-hjarte, mini-hjernar eller mini-lunger, slik dei ofte blir omtala. På same måten som Krauss og Aizenshtadt understrekar ho at organoida manglar organa sin kompleksitet.

Feltet har likevel sine eigne etiske problemstillingar. For eksempel rundt mogelegheita for å lage kjønnsceller og få til befruktning, som ein allereie har klart å få til hos mus. Eller blastoid, som etterliknar delar av tidlege stadium for pattedyr-embryo.

– Her er det klare grenser i både lovverk og internasjonale etiske retningslinjer. Forskarar kan ikkje sette slikt i ei livmor og lage babyar av det. Denne typen avgrensingar gir folk eit tilstrekkeleg vern, meiner Mummery.

Tid og pengar

Det kan koste rundt 10 millionar kroner å lage ei god cellelinje, ifølgje Mummery. Dersom opphavspersonen skal kunne trekke seg når som helst, trur ho det vil sette ein stoppar for forskinga.

– Ingen vil vere villige til å ta sjansen på å tape så mykje pengar. Vi må ikkje drepe feltet ved å overregulere det. Det ikkje er ønskeleg å gå attende til ei mengd med relativt nyttelause studiar på mus, seier ho.

Dessutan trur ho ikkje det er praktisk mogeleg at opphavspersonane skal kunne trekke materialet sitt tilbake. Dersom det blir etablert ei vellukka cellelinje, vil ho nemleg bli delt med laboratorium rundt heile verda.

– Kven skulle så ta på seg ansvaret for å øydelegge alt dette? Det vil koste tid og pengar. Og kva skjer om eit institutt eller ei forskargruppe nektar å øydelegge det dei har investert tid og pengar i?

Mummery fryktar også omfattande byråkratisering. Å søke godkjenning for alle forsøk med iPS-celler, ville kravd opp mot 20 000 handsamingar frå etikk-komiteane i Nederland kvart år, seier ho.

– Vi har klart å unngå ei lovendring som ville gjort dette obligatorisk.

Nye typar tilbaketrekking

Holm ved SME erkjenner at spørsmålet om tilbaketrekking er veldig komplisert. Han er open for at vilkårslaus og umiddelbar tilbaketrekking kan bli for vanskeleg.

På den andre sida: Tankane vi har om tilbaketrekking, er utvikla for klinisk forsking. Det er ikkje sikkert at tilbaketrekking frå biobankar eller forsking på cellelinjer treng å vere heilt som det er der.

– Kanskje vi kan argumentere for at forskarar eller ein etisk komité kan ta kontakt, skrive til deg og fortelje om konse­kvensane dersom du trekker deg. Om du likevel vil trekke deg, så får du det, seier Holm.

Og kva om tilbaketrekkinga ikkje treng å ha umiddelbar effekt, men heller kan fungere slik at cellene ikkje blir tekne i bruk i nye prosjekt?

– Det er praktisk mogeleg å finne løysingar, sidan all overføring av denne typen materiale blir registrert gjennom overføringsavtalar, seier Holm.

Legitime interesser

Ein føresetnad er likevel at opphavspersonane får god informasjon om kva cellene deira blir brukte til.

Ein stor del av forskarane på feltet argumenterer for at ein heller berre skal godta dei breie samtykka som typiske for dette området, fortel Holm.

– For denne gruppa er ikkje problemet med at folk kanskje ikkje visste kva dei sa ja til,  alvorleg nok til at vi må gjere noko med det.

Andre aktørar på feltet meiner ein må kome opp med nye modellar for samtykke. Ei tredje løysing kan vere å få etiske komitear på banen. I norsk samanheng kunne REK-systemet handsama prosjekt som ikkje blir handsama i dag.

– Mi personlege oppfatning er at folk som donerer cellene sine, ofte har heilt legitime interesser i å kunne kontrollere kva cellelinjene blir brukte til i framtida. Dei kan også ha heilt legitime grunnar til å ville trekke seg. Vi må finne ein modell som gjer dette mogeleg, seier Holm.