Kva er forskingsetikk?

Forskingsetikken er ein del av etikken, og utgjer ein type nytta etikk. Forskingsetikk er i nasjonale forskingsetiske retningsliner definert som « verdier, normer og institusjonelle ordninger som bidrar til å konstituere og regulere vitenskapelig virksomhet» (NENT 2016).

Retningslinene uttrykkjer eit breitt omgrep om forskingsetikk, som omfattar ansvar for god vitskapleg praksis, ansvar for individ og grupper som inngår i eller blir påverka av forskinga, og ansvar for bruk av kunnskapen i samfunn og miljø.

Forskingsetiske retningsliner, både nasjonale og internasjonale, er å sjå som konkretiseringar av anerkjende forskingsetiske normer. Forskingsetiske normer er rettesnorer for etisk god og ansvarleg forsking. Døme på ei forskingsetisk norm er kravet om samtykke. Dette er gjerne formulert som hovudregel, dvs. at det skal informerast og hentast inn samtykke frå personen som tek del i eller er gjenstand for forskinga (jf. NESH 2021 pkt. 15). Normene kan knytast til verdiar eller prinsipp som grunngir normene – til dømes prinsippet om respekt for personar.

Med utgangspunkt i dei nasjonale forskingsetiske retningslinene kan forskingsetiske normer delast inn i tre område:

(1) Normer for god vitskapleg praksis som er knytte til sanningssøket i forskinga (m.a. akademisk fridom, sjølvstende og openheit) og normer som regulerer forholdet mellom forskarar. Formålet er å sikre ei påliteleg kunnskapsutvikling. Vitskapleg kunnskap oppstår ved at den enkelte bidrar med sine innsikter, basert på innsikter som er skaffa til vegar av andre, og at forskinga blir underkasta kritisk prøving. Respekt for bidraga til andre, rett kreditering, kritikk og habilitet er difor viktig.

(2) Normer som regulerer forholdet til individ (dette inkluderer òg dyr) og grupper som blir påverka direkte eller indirekte av forskinga. Formålet er å sikre at forskinga kjem individ til gode og å hindre krenkingar av menneskerettane og annan skade. Dette formålet kan summerast opp i prinsippa respekt, gode konsekvensar og rettferd.

(3) Normer om det overordna samfunnsansvaret til forskinga, deriblant implikasjonar for samfunnet, samfunnsrelevans, brukarinteresser og ansvaret til akademia for å oppretthalde eit velfungerande offentleg ordskifte. Formålet er å sikre at forskinga kjem samfunnet til gode og ikkje medfører skade for enkeltmenneske, samfunnet og miljøet. Prinsippa respekt, gode konsekvensar og rettferd står difor sentralt her òg. Prinsipp om føre var og berekraft er relevante i vurderinga av moglege konsekvensar som forskinga kan få for enkeltmenneske, samfunnet og miljøet.

I Noreg er det utvikla institusjonelle ordningar for alle område av forskingsetikken, men med ulik grad av lovregulering.