Årsrapport 2020

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane markerte sitt 30-årsjubileum med ei rekke digitale arrangement. I løpet av året byrja to av komiteane eit omfattande arbeid med revidering av retningsliner. Pandemien har sjølvsagt påverka arbeidet, men ikkje innverka vesentleg på måloppnåinga.

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane markerte sitt 30-årsjubileum med ei rekke digitale arrangement. I løpet av året byrja to av komiteane eit omfattande arbeid med revidering av retningsliner. Pandemien har sjølvsagt påverka arbeidet, men ikkje innverka vesentleg på måloppnåinga.

Leiarrapport

Last ned årsrapporten med vedlegg som pdf. (Bokmål)

Last ned Revisjon av årsregnskapet og vedlegg til revisjonsberetningen fra Riksrevisjonen. (Bokmål)

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) gir med dette ein rapport om oppnådde mål og verkemiddel for verksemda i 2020. Vi gjer her i tillegg greie for eventuelle avvik frå tildelingsbrevet for 2020. 

Verksemdsleiar meiner generelt at dei tildelte måla har blitt oppnådde med tilfredsstillande resultat og innanfor forventa ressursbruk. Det er ei prioritert oppgåve for FEK å støtte forskarar og forskingsinstitusjonar i arbeidet med forskingsetikk. Drygt tre år etter innføringa av Lov om organisering av forskingsetisk arbeid (2017) ser FEK at det framleis er eit stort behov for dette. Oppgåva handlar dels om å stille med ressursar i det førebyggjande arbeidet og dels om å bidra med rettleiing i handsaminga av saker knytt til forskingsetikk og ureielegheit. Ein særs viktig møteplass for å nå dette målet er Lederforum, som er eit årleg møte for leiarar ved forskingsinstitusjonane. Sentrale spørsmål som blei drøfta i 2020, var mellom anna leiaren si rolle i det førebyggjande arbeidet og i arbeidet med å handsame ulike saker. Vi erfarer at det er stor interesse rundt arrangementet og at tilbakemeldingar tyder på at deltakarane opplever det som nyttig. I rapporteringa under mål 1 blir det utdjupa korleis FEK har jobba med å leggje til rette for at forskarar og forskingsinstitusjonar skal ta omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt.  

Ei anna prioritert oppgåve i 2020 har vore å styrkje samarbeidet mellom komitear og utval og sekretariatet. Godt, tverrgåande samarbeid er ein føresetnad for at FEK skal kunne utføre oppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte. Vi har difor jobba med å leggje til rette for gode prosessar for felles rettleiing, fråsegner og produkt. Dette har vi gjort mellom anna ved å trappe opp den interne kommunikasjonen i sekretariatet gjennom hyppigare møte, og ved å styrkje Samarbeidsutvalget som møteplass for komité- og utvalsleiarar, sekretariatsleiarar, direktørar og seniorrådgivarar innanfor HR og økonomi. I 2020 har FEK jobba med ein ny strategi for åra 2021–2025, der tilsette og representantar for komitear og utval har delteke i ei arbeidsgruppe. Komitear, utval og sekretariat har i 2020 kome med innspel til ei rekkje relevante felles høyringar, derimellom innspel til den nye strategien til Forskingsrådet og Ny lov om universitet og høgskular. I fellesskap har vi også ferdigstilt og lansert rapporten Stordata i forskning: store muligheter, store utfordringer. Verksemdsleiar er av den oppfatning at samarbeidet samla sett har blitt vesentleg styrkt.  

I 2020 markerte FEK dessutan 30-årsjubileum. Dette gjorde vi gjennom ei rekkje arrangement i oktober, der vi i løpet av ei veke gjennomførte fire digitale, opne møte. Desse arrangementa var retta også mot ei breiare offentlegheit. I jubileumsveka lanserte vi dessutan første episode i podkasten Forskningsetikk. Målet er at episodane kan vere ein ny inngangsportal til forskingsetikk for dei som ikkje kjenner tematikken så godt frå før. 

Også hos FEK har 2020 vore prega av koronapandemien. På grunn av pandemien har vi måtta avlyse faste, årlege arrangement som Årskonferansen og Forskningsetisk forum. Ikkje minst har komitear og utval vore nøydde til å ta møta sine digitalt frå og med mars 2020, og dei har på fleksibelt vis omstilt seg ved å ha kortare, men hyppigare møte. Alt i alt har ikkje pandemien hatt vesentleg innverknad på måloppnåinga i 2020.  

Helene Ingierd 
Direktør, Dei nasjonale forskingsetiske komiteane,  
Oslo, 15. mars 2021 

Kort om FEK

FEK er eit forvaltingsorgan for forskingsetiske spørsmål innanfor alle fagområde. FEK er underlagt Kunnskapsdepartementet.

Komiteane og utvala er fagleg uavhengige. FEK omfattar følgjande komitear og utval med eit felles sekretariat:

FEK held til i Kongens gate 14 i Oslo sentrum, og deler lokale med Teknologirådet. I 2020 var talet på årsverk 9,75, og av dei 11 tilsette var 10 kvinner og 1 mann.

Samla tildeling var i 2020 på 19 400 000,– inkludert lønskompensasjon.
Utnyttingsgrad av tildeling: 87,51 %.
Driftsutgifter (inkl. løn): 16 842 696,–
Lønsdel av driftsutgiftene: 74 %.
Lønskostnad per årsverk: 1 283 759,–.
Sekretariatet blei i 2020 leia av Helene Ingierd.

Årets aktivitetar og resultat

Samfunnsmålet til FEK er «etisk god og ansvarleg forsking». Den overordna vurderinga til verksemdsleiar er at FEK i vesentleg grad oppfyller måla som er sette for verksemda.

Risikovurderinga for måloppnåing er lagt til grunn for val av føremålstenlege tiltak. Oppdrag gitt i tildelingsbrevet for 2020 blir vurderte som gjennomførte. NEM, NENT, NESH, Granskingsutvalet og Skjelettutvalet utfører oppgåvene sine med stor fagleg dyktigheit og bidrar til at FEK når måla sine. Den økonomiske ressursbruken er innanfor løyvinga som er gitt gjennom tildelingsbrevet.

Oversikt over mål- og resultatstyring for FEK

KD har fastsett følgjande samfunnsmål for FEK:

  • Etisk god og ansvarleg forsking

Følgjande mål er fastsette på brukarnivå:

  • Forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar etisk god og ansvarleg forsking
  • Andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt
  • Samfunnet har tillit til forsking

I tildelingsbrevet for 2020 er det angitt at det første målet skal ha særleg prioritet.

Gjennom MRS-arbeidet har vi utvikla følgjande mål for produkt og tenester:

  • Fagleg gode retningsliner og ressursar
  • Profesjonell rådgiving og rettleiing
  • Godt grunngitte fråsegner og vedtak
  • Relevante møteplassar for erfaringsutveksling og debatt

FEK har i tillegg eit internt mål om å vidareutvikle eit kompetent og effektivt sekretariat, i tråd med strategien.

Kunnskapsdepartementet har dessutan lista opp følgjande to styringsparametrar: 

1. Forskingsetiske retningsliner skal til kvar tid vere gode verktøy for å fremje god og ansvarleg forsking.

2. FEK blir oppfatta som ein ressurs for forskingsinstitusjonane i arbeidet som desse gjer med å fremje god og ansvarleg forsking.

I tillegg blir FEK bedne om å rapportere om sakshandsamingstida for klagesaker i NEM.

Rapporteringa følgjer tildelingsbrevet.

FEK har fastsett nødvendige prosessar og aktivitetar for å nå måla. Komitear og utval har utarbeidd aktivitetsplanar for 2020, strukturert etter mål for produkt og tenester. I tillegg har sekretariatet i FEK utarbeidd ein eigen aktivitetsplan med heilskaplege prioriteringar. I det følgjande blir det gjort greie for prioriteringar, korleis FEK har jobba for å oppnå målsetjingane og korleis måloppnåinga blir vurdert.

Mål 1: Forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar etisk god og ansvarleg forsking

Då tildelingsbrevet uttrykkjer at dette målet skal ha særleg prioritet, har FEK retta hovudinnsatsen sin mot dette målet.

FEK har jobba systematisk med å oppfylle mål 1 ved å tilby forskarar og forskingsinstitusjonar fagleg gode retningsliner og ressursar. Verksemdsleiar oppfattar dette som noko av det viktigaste arbeidet vi gjer, i og med at det vil vere ein føresetnad for resten av arbeidet som er retta mot forskarar og forskingsinstitusjonar. Mykje av budsjettet og arbeidstida går difor med til å utarbeide retningsliner og andre ressursar.

Stordata i forskning - store muligheter, store utfordringer omslag_Side_01.jpg

Rapporten Stordata i forskning: store muligheter, store utfordringer ble publisert 13. oktober.

I 2020 har FEK ferdigstilt og lansert rapporten Stordata i forskning: store muligheter, store utfordringer. Dette er ein tverrfagleg ressurs som primært er retta mot forskarar og forskingsinstitusjonar. Føremålet med rapporten er todelt: For det første ønskjer FEK å stimulere til refleksjon og debatt ved å diskutere sentrale forskingsetiske spørsmål med stordata i forsking. For det andre vil FEK bidra med rettleiing gjennom overordna tilrådingar som skal fremje etisk god og ansvarleg forsking med stordata. FEK opplever at det har vore stor interesse for arbeidet både nasjonalt og internasjonalt, men ser samstundes at det kan vere behov for at dei enkelte forskingsmiljøa utarbeider meir spesifikke og konkrete retningsliner på feltet, gjerne i dialog med FEK.

Dei rådgivande komiteane NESH og NENT har jobba med revisjon av høvesvis Forskningsetiske retningslinjer for samfunnsvitenskap og humaniora, juss og teologi (NESH 2016) og Forskningsetiske retningslinjer for naturvitenskap og teknologi (NENT 2016) i 2020. Dette er dei viktigaste verktøya komiteane utviklar, og arbeidet har vore høgt prioritert i komiteane. NEM har ferdigstilt Veileder for medisinsk og helsefaglig forskning i lav- og mellominntektsland. Rettleiaren skal vere ei praktisk hjelp for forskarar som planlegg å forske i låg- og mellominntektsland, og bidra i den forskingsetiske vurderinga for medlemmar i regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK). I løpet av året har NEM også jobba med ein rettleiar som kan vere til hjelp i vurderinga av kva forskingsprosjekt som krev forskingsetisk førehandsgodkjenning etter helseforskingslova, og kva prosjekt som ikkje treng det. Rettleiaren skal ferdigstillast i 2021.

FEK har vidare jobba for å oppfylle mål 1 gjennom profesjonell rådgiving og rettleiing. Kontakta med forskingsinstitusjonane er høgt prioritert. Sekretariatet og alle komiteane og utvala er i jamleg kontakt med forskarar, forskingsinstitusjonar og andre aktørar via føredrag, telefon og e-post. Også i 2020 heldt tilsette ei rekkje føredrag og førelesningar, dei fleste ved forskingsinstitusjonane. Denne typen verksemd er viktig for å oppretthalde god kontakt med institusjonane og spreie kjennskap til ressursane våre. Det er framleis stort behov for rettleiing i oppfølginga av Forskingsetikklova. Mesteparten av rettleiinga Granskingsutvalet gir, går til forskingsinstitusjonar og gjeld ulike spørsmål knytt til handsaminga av saker der anerkjende forskingsetiske normer kan ha blitt brotne. Vi erfarer at lova har vore viktig for å fremje medvit rundt forskingsetikk, og at mykje er på plass hos institusjonane når det gjeld rutinar for handsaming av saker knytt til ureielegheit. FEK ser at det også er behov for rådgiving og rettleiing om korleis institusjonane kan jobbe breiare for å fremje forskingsetisk refleksjon og handsame andre forskingsetiske saker.

FEK har dernest jobba for å oppfylle mål 1 gjennom velgrunna fråsegner og vedtak. Profesjonell rådgiving og rettleiing munnar i enkelte tilfelle ut i rådgivande fråsegner. Komité- og utvalsmøte står heilt sentralt for å utvikle velgrunna fråsegner og vedtak, og FEK bruker difor mykje ressursar på å leggje til rette for slike møte. Med koronapandemien har ein sidan 12. mars gått over frå fysiske til digitale møte. Dette har fungert tilfredsstillande, men vi ser at det på sikt vil vere utfordrande å oppnå dei same resultata med slike møte. Det er generelt sett vanskelegare å få til den gode dynamikken i diskusjonen av komplekse saker på digitale møteplassar. Totalt er det gjennomført 34 komité- og utvalsmøte. Alle fråsegner og vedtak blir gjort tilgjengelege på forskningsetikk.no, og vedtaka til NEM blir lagra i ein tilgjengeleg digital database der forskarar kan bli kjende med forskingsetisk praksis.

For dei rådgivande komiteane (NENT og NESH) er det ein tendens til at det kjem færre førespurnader frå forskarar som ber om råd i konkrete prosjekt. Dette kan tyde på at institusjonane langt på veg skjøttar arbeidet med forskingsetikk og fremjar etisk god og ansvarleg forsking. Samstundes blir komiteane oftare kontakta av ikkje-forskarar med førespurnader om tverrsektorielt samarbeid, der det kan vere uklart om det er snakk om forsking eller ikkje. Fleire av desse sakene er konfliktfylte. På bakgrunn av desse erfaringane ser FEK mellom anna eit behov for å styrkje innsatsen mot andre aktørar, noko som blir utdjupa under rapporteringa av mål 2 og 3.

I 2020 har FEK også arbeidd med å vidareføre relevante møteplassar for erfaringsutveksling og debatt. På grunn av koronapandemien blei nokre av desse sentrale møteplassane avlyste i 2020: Årskonferansen skulle i utgangspunktet arrangerast 18. mars, men måtte avlysast på kort varsel, og vi valde å ikkje gjennomføre Forskningsetisk forum i september. Ei av målsetjingane med begge desse møteplassane er nettopp at dei skal vere forum for erfaringsutveksling og diskusjon på tvers, gjerne gjennom gruppediskusjonar. Dette er krevjande å få til på ein god måte digitalt. Då hausten kom, fekk vi likevel gjennomført ei rekkje kortare digitale arrangement i samband med at Dei nasjonale forskingsetiske komiteane fylte 30 år. Her fekk vi vist fram breidda i forskingsetikken og problemstillingar vi jobbar med. Tilbakemeldingar viser at møteplassane blei opplevde som nyttige for forskarar og administrasjon ved institusjonane som jobbar med forskingsetikk. I tillegg arrangerte vi Lederforum i november. Dette blei eit særs godt besøkt arrangement, der heilt sentrale leiarar frå forskingsinstitusjonane deltok og delte erfaringane sine knytt til ulike aspekt ved forskingsetisk arbeid. Granskingsutvalet arrangerte i juni 2020 eit nasjonalt seminar om handsaming av saker knytt til ureielegheit. Dette var andre gong seminaret blei arrangert, og første gong det blei gjennomført som digitalt seminar. Tilbakemeldingane er at seminaret er nyttig, noko som også viser att i talet på påmelde (ca. 70 stk.). Granskingsutvalet vil halde fram med å arrangere seminaret med intervall på ca. 18 månader. På seminaret blei Granskingsutvalet oppmoda til å leggje til rette for uformelle møteplassar for dei ved forskingsinstitusjonane som jobbar administrativt med saker knytt til ureielegheit. Sekretariatet for Granskingsutvalet følgde opp ved å arrangere ein digital «sekretariatskaffe» i oktober 2020, og fekk gode tilbakemeldingar på denne. Dei uformelle møta vil bli vidareførte i 2021, og ein tek sikte på å ha to møte per halvår.

Case 1: Lederforum

Lederforum for forskningsetikk 1-1.png
Innledere frå Lederforum for forskningsetikk, øvst frå v. Klaus Mohn, Helene Ingierd, Svein Stølen. Under frå v. Vidar Enebakk, Heidi Ormstad og Ragna Aarli. 

 

Arbeidet med forskingsetikk handlar både om å fremje etisk god og ansvarleg forsking, og om å handsame saker knytt til forskingsetikk og ureielegheit. Begge delar er eit leiaransvar. Lederforum for forskingsetikk er initiert av FEK, og skal vere ein møteplass der leiarar ved forskingsinstitusjonane kan få fagleg påfyll og diskutere felles utfordringar og erfaringar. Under Lederforum for forskingsetikk 2020 snakka rektorane Dag Rune Olsen (UiB), Kathrine Skretting (INN), Svein Stølen (UiO) og Klaus Mohn (UiS), i tillegg til direktør Tanja Storsul (Fafo) og prorektor Heidi Ormstad (USN) om erfaringane sine. I tillegg la vi fram nye funn frå det landsomfattande forskingsprosjektet Research Integrity in Norway (RINO), om samanhengane mellom arbeidsmiljø/forskingskultur og forskingsintegritet. Innleiarane blei inviterte til å reflektere rundt følgjande spørsmål:

  1. Kva er samanhengane mellom arbeidsmiljø/forskingskultur og forskingsintegritet, og korleis kan leiarar byggje eit arbeidsmiljø som fremjar integritet i forsking?
  2. Korleis bør leiarar organisere arbeidet for å handsame saker knytt til forskingsetikk og ureielegheit?

Dette blei eit godt møte, og vi opplever at toppleiinga ved institusjonane engasjerer seg i desse spørsmåla og er interesserte i å lære av kvarandre. På bakgrunn av diskusjonar og innspel på møtet, ser FEK også tydelegare kva institusjonane har behov for, og på kva område det er særleg viktig med støtte for å nå det overordna målet om etisk god og ansvarleg forsking. Eit viktig tiltak FEK skal jobbe med framover, er å utvikle ein rettleiar for handsaming av saker knytt til forskingsetikk versus saker knytt til ureielegheit.

Case 2: Forskingsetisk rettleiar for medisinsk og helsefagleg forsking i låg- og mellominntektsland   

I 2020 ferdigstilte NEM ein forskingsetisk rettleiar for medisinsk og helsefagleg forsking i låg- og mellominntektsland. Dei siste tiåra har vi m.a. gjennom fagområdet internasjonal helse sett ein auke i talet på forskingsprosjekt som blir utførte i låg- og mellominntektsland. Slik forsking vil ofte krevje ei breiare forskingsetisk tilnærming enn i eit samfunn der alle er sikra grunnleggjande rettar. Å drive forsking i låg- og mellominntektsland kan innebere vanskelege etiske avvegingar knytt til risiko og nytte, relevans, utnytting og maktskeivheit. Rettleiaren tek difor utgangspunkt i den erkjenninga at forskingsdeltakarar i andre kulturelle kontekstar ikkje blir tekne godt nok vare på i den vestlege, meir individfokuserte forskingsetikken. Føremålet er såleis å gi forskarar eit godt grunnlag for å gjere gode og forsvarlege forskingsetiske vurderingar når det blir planlagt å forske i låg- og mellominntektsland.  

Rettleiaren er vidare meint som hjelp i den etiske vurderinga for regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk. Rettleiaren inneheld gode prinsipp og tilrådingar knytt til forskingsetiske vurderingar. Det inneber mellom anna at forsking i låg- og mellominntektsland skal ha lokal relevans og nytteverdi. Ho skal dessutan utførast med respekt og til fordel for personane det blir forska på, og fellesskapen som desse er ein del av.  

Kapittelet om etisk førehandsgodkjenning har i tillegg til tilrådingar eit avsnitt med vanlege spørsmål. Vi håper rettleiaren kan vere ei praktisk hjelp for forskarar som planlegg å forske i låg- og mellominntektsland, og at han kan vere til hjelp i den forskingsetiske vurderinga for regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK). Han kan også vere eit verktøy i satsinga som regjeringa har på global helseforsking, som eit ledd i arbeidet med å oppfylle FNs berekraftsmål.   
Rettleiaren er utarbeidd av ei arbeidsgruppe med representantar frå NEM, REK, Statens helsetilsyn og UIO. Referansegruppa var tverrfagleg og breitt samansett av fagpersonar med ulik fagleg ståstad, men med ei overvekt av medlemmar frå Global helse-miljøet.  

Rettleiaren vil bli omsett til engelsk, og er tilgjengeleg på nettsidene våre:   

Nyheitsartikkel: Ny veileder om forskning i lav- og mellominntektsland

Rettleiaren: Medisinsk og helsefaglig forskning i lav- og mellominntektsland

Konklusjon 

Verksemdsleiar kjem til at tiltaka i stor grad har innfridd styringsparametrane i tildelingsbrevet og målet om at forskarar og forskingsinstitusjonar skal fremje etisk god og ansvarleg forsking.

Mål 2: Andre aktører tar hensyn til forskningsetikk i sitt arbeid

Prioriteringane til verksemda har, i tråd med tildelingsbrevet, dei siste åra vore retta mot forskarar og forskingsinstitusjonar. Samstundes skal FEK vere ein ressurs også for andre aktørar enn forskarar og forskingsinstitusjonar som er involverte i eller har eit ansvar for forskingsetikk. 

FEK har her særleg retta arbeidet sitt mot aktørar som forvaltar anna lovverk enn forskingsetikklova, og som står sentralt for etiske sider ved forskinga. Lov om medisinsk og helsefagleg forsking (helseforskingslova) og Lov om handsaming av personopplysningar (personopplysningslova) er her særleg relevante.

For det første er fleire av ressursane FEK utvikla i 2020, også retta mot andre aktørar. Dette gjeld spesielt rapporten om stordata, Stordata i forsking: Store muligheter, store utfordringer. Fleire av tilrådingane her gjeld aktørar som sponsorar og oppdragsgivarar for forsking.

Vidare jobbar FEK også opp mot andre aktørar gjennom profesjonell rådgiving og rettleiing, og til ei viss grad gjennom velgrunna fråsegner og vedtak. I 2020 har FEK levert fleire felles høyringsinnspel knytt til arbeidet som andre aktørar gjer med forskingsetikk – derimellom innspel til strategiarbeid i Norges forskingsråd (NFR) og Norsk senter for datadeling (NSD).

FEK har i 2020 også hatt fleire møte med heilt sentrale aktørar i det norske forskingssystemet. Vi hadde eit møte med Forskingsrådet, der forskingsetiske problemstillingar knytt til oppdragsforsking og samarbeidsprosjekt i forsking var eit hovudtema. FEK og Forskingsrådet kom til at det er behov for å klargjere skilnader mellom oppdragsforsking og forsking som reiser liknande problemstillingar (t.d. samarbeidsprosjekt). Ikkje minst er det behov for å klargjere kva som er forsking, og kva som ikkje er det. FEK og Forskingsrådet vil halde fram dialogen rundt desse spørsmåla. FEK har også hatt eit møte med Datatilsynet, der ein drøfta sentrale problemstillingar knytt til samtykke i samsvar med ny personvernlovgiving og det forskingsetiske samtykket. FEK og Datatilsynet snakka også om kor viktig det er med samarbeid og det å ha ei god rollefordeling. Omsynet til personar, inkludert personvern, utgjer ein vesentleg del av forskingsetikken. Gjennom kontakten med institusjonar og forskarar opplever vi at det er ein del forvirring rundt personvern og forskingsetikk. FEK ønskjer å bidra til ei felles forståing rundt personvern, roller og ansvar knytt til dei meir generelle forskingsetiske problemstillingane, og vil halde fram dialogen med NSD for å oppnå dette.

FEK vil vidareføre dialogen med andre aktørar i det norske forskingssystemet, først og fremst gjennom ulike møteplassar for erfaringsutveksling og debatt. Ein slik viktig møteplass i 2020 var ein workshop vi arrangerte i samband med utviklinga av ny strategi, og der vi inviterte sentrale aktørar som mellom andre FFA, UHR, NSD, Bioteknologirådet, Datatilsynet, REK og NFR. Samarbeidet med REK-systemet har i 2020 vore særs godt. Som eit alternativ til Storfellesmøte, blei det arrangert eit webinar om genetikk og kunstig intelligens med ein etterfølgjande paneldebatt. I tillegg til Storfellesmøtet blei det arrangert to møte i arbeidsutvalet mellom REK og NEM. Arbeidsutvalet består av komitéleiarar og sekretariatsleiarar frå begge organa. I møta drøftar ein saker som er ferdig handsama i NEM, og der målet er å skape ei felles forståing av vurderingane som er gjort. Vidare diskuterer ein m.a. prinsipielle forskingsetiske problemstillingar av felles interesse, rettleiarar og policyar som er relevante for søkjarar og komitear, m.m. Koordinator i FEK deltek også på møte med sekretariatsleiarane i dei ulike REK-ane éin gong i veka, og på komitémøte i alle REK-ane minst éin gong i året.

FEK har i tråd med strategien òg delteke på ulike internasjonale møteplassar, mellom anna i regi av European Network of Research Integrity Offices (ENRIO) og The European Network of Research Ethics Committees (EUREC). I Europa er det stor interesse rundt etableringa og drifta av såkalla «ikkje-medisinske» forskingsetiske komitear, det vil seie komitear som dekkjer samfunnsvitskap, humaniora, naturvitskap og teknologi. Tilsette ved FEK bidrar med informasjon om det norske systemet, mellom anna på møte i EUREC. Direktøren for FEK var i 2020 med på å utvikle eit prosjekt i OECD Global Science Forum om forskingsintegritet i det globale forskingsøkosystemet, og kjem til å halde fram arbeidet i prosjektet som deltakar i ei ekspertgruppe. Dette blir sett på som viktig arbeid for å bidra i den globale utviklinga av forskingsetikk. Også i ein nasjonal kontekst kan prosjektet få mykje å seie, då sluttrapporten vil vise til beste praksis for korleis ulike aktørar i forskingssystemet kan ta ansvar for forskingsetikk.

Case 1: Worskhop med eksterne aktørar i samband med ny strategi

I arbeidet med ny strategi ønskte vi innspel frå samarbeidspartnarar og sentrale aktørar i det norske forskingssystemet. Hausten 2020 inviterte vi difor til ein workshop. Sentrale problemstillingar vi ønskte å ta opp, er moglegheiter og utfordringar for forskingsetikken i Noreg i dag og i framtida, og kva rolle FEK og andre sentrale aktørar speler. Vi bad meir konkret om innspel til følgjande spørsmål:

(1) FEK har som visjon å vere den sentrale ressursen for forskingsetikk i Noreg. Kva forventar du av ein aktør som er «den sentrale ressursen for forskingsetikk»? Korleis fyller FEK denne rolla i dag?

(2) Med forskingsetikklova (2017) fekk forskingsinstitusjonane eit lovpålagt ansvar for forskingsetikk. Korleis har lovendringa påverka korleis organisasjonen din arbeider med forskingsetikk? På kva område og korleis kan samarbeidet med FEK styrkjast framover?

(3) Kva tema meiner du bør prioriterast i arbeidet med å styrkje forskingsetikken i tida vidare?

Dette var eit nyttig møte der vi inviterte aktørar til å reflektere rundt sitt eige ansvar for å ta vare på forskingsetikken, og samstundes fekk mange gode innspel til korleis FEK kan styrkje arbeidet sitt i åra som kjem. Vi opplever at vi har ein særs god dialog med sentrale aktørar, og at det er eit gjensidig ønske om fortsett og styrkt samarbeid som på sikt også kan styrkje tilliten til forsking.

Konklusjon

FEK har nådd mål 2 i 2020. Trass i at det er lagt ned mykje arbeid og ressursar for å nå målet, er verksemdsleiar av den oppfatning at samhandlinga mellom FEK og andre aktørar treng å styrkjast ytterlegare, og dette er bakgrunnen for den auka innsatsen mot andre aktørar i den nye strategien til FEK. Det vil vere særleg viktig å få til ein styrkt dialog med aktørar som er involverte i oppdragsforsking og samarbeidsprosjekt, slik at ein sikrar at dei også tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt.

Mål 3: Samfunnet har tillit til forskning

Arbeidet FEK gjer for å sikre etisk god og ansvarleg forsking i Noreg, vil samstundes kunne bidra til at samfunnet har tillit til forsking. I tillegg til dei omtalte tiltaka under 1 og 2, er eit viktig bidrag i denne samanhengen å drive aktiv kunnskapsformidling og vere ein pådrivar for offentleg debatt. Desse tiltaka er omtalte under, med vekt på nettsidene, Magasinet Forskningsetikk og opne møte. I tillegg til slike tiltak, har FEK – tilsette i sekretariatet og komité- og utvalsmedlemmar – på ulike måtar engasjert seg i den offentlege debatten og på ymse arrangement.

Undersøkinga som Forskingsrådet utførte blant folkesetnaden i 2020, viser at 89 prosent har særs eller ganske stor tillit til forsking. Dette er det høgste talet som er målt i undersøkingane Forskingsrådet har gjennomført blant folkesetnaden. Folk har også gjennomgåande tillit til det forskarane formidlar, og det kjem fram at 88 prosent har særs eller ganske stor tillit til det forskarar formidlar gjennom media. Dette er særs positive tal, og spesielt viktige tal i ein pandemi, i og med at tillit til forsking er avgjerande i arbeidet med å finne gode, kunnskapsbaserte løysingar.

Nettsidene

I år lanserte vi nye nettsider med nytt domene: forskningsetikk.no og researchethics.no. Målet er at eit intuitivt domene på sikt skal gi auka trafikk og større utteljing i søkjemotorar. Med dei nye sidene endrar vi litt på målingane våre i Google Analytics, og tala vil difor avvike noko frå det som er rapportert i tidlegare årsrapportar. Utviklinga viser at bruken av sidene har auka kontinuerleg sidan 2020. Auken er på fem prosent i forhold til fjoråret. Årsaka ser ut til å vere auka bruk av dei engelske nettsidene våre, både i Noreg og globalt.

  2018 2019 2020
Sidevisningar totalt 629 596 661 169 696 679
Sidevisningar på engelsk 132 806 197 240 255 469
Tal på økter 294 352 324 133 366 447
Økter på mobil (inkl. nettbrett)  69 312  78 405  86 883

Ved overgangen til nye nettsider har det vore særleg viktig for oss å gjere sidene responsive, for å leggje betre til rette for bruk også på mobil og nettbrett. Denne bruken auka med nesten ti prosent frå 2019 til 2020 – ei tilsvarande utvikling som tidlegare år. Vi har også lagt stor vekt på å kvalitetssikre nettsidene og gi dei ei universell utforming. Vi har igjen teke i bruk verktøyet Siteimprove for å sikre god oppfølging av dette arbeidet, og ved utgangen av 2020 ligg vi allereie særs godt an. Når det gjeld universell utforming, scorar sidene til dømes meir enn 97 av 100 poeng på Siteimprove-skalaene. Målet framover vil vere å oppretthalde og vidareutvikle sidene på eit høgt nivå. 

Overgangen til digitalt arbeid som følgje av koronapandemien, lansering av nettsider og jubileumsmarkering med ei rekkje digitale arrangement tok i 2020 opp store delar av tida til kommunikasjonsrådgivar/webredaktør. Vi har difor sendt ut færre nyheitsbrev enn tidlegare. Etter ei opprydding i abonnentlista, blei talet redusert frå 2130 til 2047. Talet på følgjarar i sosiale medium har på den andre sida stige litt. Facebook-sida vår har 1253 følgjarar (1223 i 2019) og Twitter-kontoen har 1952 (1890 i 2019).  

Avgrensa kommunikasjonsressursar har også ført til at vi har eit etterslep på oppdatering av det faglege innhaldet på nettsidene våre. Dette er arbeid som vil bli prioritert neste år.

Magasinet Forskningsetikk 

Frå og med første utgåve i 2020 endra bladet namn frå  Forskningsetikk  til Magasinet Forskningsetikk. Eit viktig føremål med endringa var å skape eit tydelegare skilje til anna verksemd ved overgangen til eit nytt domenenamn for FEK på nett, forskningsetikk.no. Magasinet fekk samstundes ei visuell oppgradering som skal skape eit tydeleg, tidhøveleg og seriøst uttrykk og gi gode lesaropplevingar. 

2020-1 Forside.png

Magasinet Forskningsetikk nr. 1, 2020.

Magasinet Forskningsetikk kom ut med tre utgåver i 2020. Magasinet ønskjer å følgje opp aktuelle spørsmål og sjølv setje dagsorden. Det samla målet over tid er å publisere artiklar som femner breitt både når det gjeld tema og fagfelt.  

Koronapandemien har vore ein raud tråd i magasinet. Forsking i krisetid bringer opp ei lang rekkje spørsmål vi synest det er viktig å rette søkjelyset mot. I den første utgåva i 2020 skildra vi mellom anna arbeidet med å utvikle vaksinar mot koronaviruset. I tillegg fortalde vi om avsløringa av kinesiske «papirmøller» som etter alt å døme produserer vitskaplege artiklar på bestilling. Ein norsk forskar var sentral i opprullinga. Det andre nummeret tok for seg dilemmaa som koronaforskarane møter i arbeidet sitt. Kva utfordringar står dei overfor, og korleis prioriterer dei i ei tid der kvart minutt tel? Gjennom eit historisk tilbakeblikk markerte også magasinet at det var 30 år sidan Dei nasjonale forskingsetiske komiteane blei oppretta.

I årets siste utgåve tok vi for oss ein omdiskutert forskingsmetode der frivillige blir smitta med koronaviruset. Eit grunnleggjande etisk spørsmål i slik forsking er risiko og ulempe for deltakarane sett opp mot mogleg samfunnsnytte.  

Talet på abonnentar aukar jamt og trutt. Per desember 2020 er det om lag 3500 som abonnerer på papirutgåva. Fleire av desse er institusjonsabonnentar som får tilsendt fleire eksemplar, og det blir såleis sendt ut rundt 3800 blad alt i alt. I tillegg har Forskningsetikk over 900 digitalabonnentar. Bladet blir lest også via nettsida www.forskningsetikk.no og i kanalane våre på sosiale medium. Her ser vi at sakene blir mykje leste og delte. Fleire av artiklane blir òg publiserte på forskning.no, der Magasinet Forskningsetikk når ut til fleire ulike målgrupper. Gjennom tilknytinga til medieportalen til Fagpressa blir sakene i tillegg publiserte på fagpressenytt.no.

Opne møte 

I 2020 arrangerte FEK følgjande opne (digitale) møte: 

  • Nasjonalt seminar om handsaming av saker knytt til ureielegheit; hovudtema: «Institusjonsansvaret: Erfaringer med forskningsetikkloven fra 2017» (Granskigsutvalet), 18. juni 

  • Kva er etisk akseptabelt?, 12. oktober 

  • Return of human remains? Practices, implications and ethical issues. (Skjelettutvalet), 13. oktober  

  • Lansering av rapport: Stordata i forskning: store muligheter, store utfordringer, 14. oktober 

  • Genetikk og kunstig intelligens (NEM og REK), 16. oktober 

  • Lederforum for forskningsetikk, 24. november.  

     

Case 1: Podkasten Forskningsetikk  

Forskningsetikk podcastlogo web.jpg

Podkasten Forskningsetikk kom ut med syv episoder i 2020.

Ettersom forskingsetikk rommar samansette og omfattande tema, har vi lenge tenkt at podkast vil vere eit godt format for formidlinga vår. I jubileumsåret 2020 sette vi difor i gang eit prøveprosjekt der vi i samarbeid med produksjonsselskapet Megahertz laga sju podkast-episodar i løpet av hausten. I dei 20–30 minuttar lange episodane tok vi opp tema som akademisk fridom og korona. Vi har spurt «Kan vi stole på forsking?», og teke opp ureielegheit og RINO-undersøkinga. I episoden «Er vin egentlig sunt?» gjekk vi gjennom tips til korleis ein bør lese forsking i media.  

Podkastane har så langt blitt lasta ned godt og vel 660 gongar. Målet er at episodane kan vere ein ny inngangsportal til forskingsetikk for dei som ikkje kjenner tematikken så godt frå før, jf. målet til FEK om at samfunnet skal ha tillit til forsking. Vi ønskjer også at dei skal vere ein ressurs som undervisarar kan nytte seg av.

Konklusjon 

Totalt sett meiner vi at forskingsetikken og FEK har vore godt synlege i 2020 og at dette blir spegla i korleis bruken av den viktigaste kommunikasjonskanalen vår, nettsidene, held fram med å auke kraftig. Slik verksemdsleiar ser det, har FEK oppfylt mål 3 som forventa. Det har vore til dels stor aktivitet, og mykje arbeid er lagt ned for å oppfylle målet. Samstundes ser vi at forskingsetikk med fordel framleis kan gjerast endå meir synleg i offentlegheita. Dei viktigaste satsingsområda neste år vil vere å oppdatere og vidareutvikle faglege ressursar på nett, og å oppretthalde den tekniske kvaliteten på nettsidene. Vi jobbar dessutan stadig med å gjere FEK meir synleg i den offentlege debatten, mellom anna gjennom ei styrkt koordinering av arbeidet i komitear, utval og sekretariat, der kommunikasjon av det felles arbeidet utgjer ein integrert del av innsatsen.

Styring og kontroll i FEK  

Styrkje samarbeidet 

FEK skal prioritere å styrkje samarbeidet mellom komiteane/utvalet og mellom komiteane/utvalet og sekretariat. Dette er viktig for å sikre god kvalitet i arbeidet, leggje til rette for at institusjonane oppfyller ansvaret sitt og oppnå god og effektiv ressursbruk. 

Samarbeidet i FEK har blitt vesentleg styrkt i 2020, og verksemdsleiar har jobba systematisk for fagleg og administrativ koordinering. FEK har utarbeidd aktivitetsplanar med heilskaplege prioriteringar som omfattar komitear, utval og sekretariat.    

Risikovurderingar 

Sekretariatet har gjennomført risikovurderingar. FEK ser behovet for å oppgradere opplæringsressursar (spesielt Forskningsetisk bibliotek og engelske nettsider) og utvikle ytterlegare undervisningsmateriale. Dette vil vere viktig i arbeidet med å støtte forskarar og forskingsinstitusjonar, og skal difor prioriterast i tida framover. 

Sakshandsamingstid for klagesaker til NEM 

NEM heldt ni komitémøte og handsama 17 klagesaker i 2020. NEM har vidare handsama éin førespurnad om etisk vurdering for innsamling av opplysningar for Norsk Intensiv og Pandemiregister, og eit par førespurnader som ikkje er direkte knytte til spesifikke forskingsprosjekt. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid for klagesaker er ca. 10 veker frå klaga blir send over frå REK og til vedtak er ekspedert. Talet på saker inkluderer to klagesaker som blei handsama i to påfølgjande møte på grunn av kompleksiteten og behovet for ekstern sakkyndig vurdering. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid frå NEM har avgjort klagesaka i møtet og til klaga blir send til prosjektleiar, er ca. 4 veker. Dette blir sett på som akseptabelt. Som følgje av koronapandemien og behovet for rask handsaming av medisinske og helsefaglege forskingsprosjekt knytt til COVID-19, har NEM hatt beredskap for hurtig klagehandsaming.  

Sjå vedtaksdatabasen til NEM her.

Inkluderingsdugnad 

Verksemdene skal jobbe systematisk med å realisere inkluderingsdugnaden til regjeringa og utvikle rutinar og arbeidsformer i personalarbeidet med sikte på å leve opp til måla for dugnaden. Det blei ikkje tilsett personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en i FEK i 2020. Ved tilsetjingane i 2020 fokuserte ein på inkludering av personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, og desse gruppene blei inviterte til å søkje jobb hos FEK. Utover dette blei det ikkje sett i gang rutinar og tiltak for å nå 5 %-målet i 2020. Dette er noko vi må jobbe vidare med framover. 

I samband med tilsetjingane blei det vurdert slik at det var ønskjeleg å tilsetje ein mann dersom to søkjarar av ulikt kjønn hadde dei same kvalifikasjonane. Grunnen er at menn var, og framleis er, underrepresenterte i sekretariatet. Per november 2020 hadde sekretariatet 1 mannleg og 10 kvinnelege tilsette.

Motverke arbeidslivskriminalitet 

FEK nyttar innkjøpsordningar via staten ved DIFI der det er mogleg. Per i dag gjeld dette reiseavtalar, innkjøp av kontorrekvisita, mobiltenester og datautstyr. Vi gjennomfører anbod, også for mindre innkjøp. 

Informasjonstryggleik 

Som ein del av revisjonen av tryggleiks- og beredskapsarbeidet, utarbeidde FEK i 2020 rutinar for handsaming av informasjonstryggleik, inkludert handsaming av uønskte digitale hendingar, i verksemda. For 2021 er det planlagt vidare arbeid med informasjonstryggleik. Mellom anna vil ein sjå på ulike tiltak for å unngå uønskte hendingar. 

Tryggleik og beredskap 

Revisjon av planen for tryggleik og beredskap er gjennomført i 2020. Det blei gjort éi øving i 2020.

Helse-, miljø- og tryggleiksarbeid 

Det blei ikkje gjennomført vernerundar i 2020. Vi har jobba vidare med å følgje opp medarbeidarundersøkinga frå 2019, og mellom anna utarbeidd mål og tiltak for tilsette i sekretariatet under pandemien i 2020. Tilrettelegging ved heimekontor har vore ein viktig prioritet, då Oslo kommune innførte påbod om heimejobbing. Tilsette har fått levert ulikt utstyr ved behov for å unngå belastningsskadar. 

Vurdering av framtidsutsikter 

Samfunnsmålet til FEK er etisk god og ansvarleg forsking. Her følgjer nokre interne og eksterne forhold som verksemdsleiar meiner kan påverke måloppnåinga på kortare og lengre sikt. 

Neste år startar mange nye medlemmar i komitear og utval. Kvart medlem tilfører unik kompetanse og erfaring frå eige fagfelt eller eigen bakgrunn, og bidrar på den måten til at komiteane og utvala kan yte sitt aller beste overfor forskarar, andre aktørar og samfunnet elles. Samstundes er forskingsetikken eit stort og komplekst felt i stadig utvikling, og forvaltinga av forskingsetikk krev ein brei etisk og juridisk kompetanse i tillegg til innsikt i spesifikke fagfelt. Vi vil i det vidare utvikle særlege opplæringsressursar retta mot nye medlemmar. Vi trur dette vil bidra til å styrkje den faglege kompetansen ytterlegare, og at kontinuerleg fokus på opplæring, også av eigne medlemmar, er viktig for at FEK skal nå samfunnsmålet sitt også i åra som kjem.

Forskingsetikklova frå 2017 inneber fleire endringar for det norske forskingssystemet. FEK opplever generelt at det er aukande behov for rettleiing i oppfølginga av forskingsetikklova. FEK har sett i gang eit prosjekt for å utvikle og oppdatere opplærings- og undervisingsressursar. I tida framover vil FEK dessutan jobbe med å utvikle ein rettleiar som skal hjelpe forskingsinstitusjonane å handsame saker knytt til høvesvis forskingsetikk og ureielegheit.  

Tverrsektorielt samarbeid mellom offentlege styresmakter, private aktørar og forskingsmiljø er ofte ønskjeleg og naudsynt for å oppnå ny kunnskap som kan kome samfunnet til gode. Samstundes reiser eit slikt samarbeid ei rekkje forskingsetiske utfordringar. I enkelte tilfelle blir forskingsetiske prinsipp som uavhengigheit og openheit sette på prøve. Tverrsektorielt samarbeid reiser også spørsmål om kven som har ansvar for å ta vare på forskingsetikken. FEK ser stadig eit behov for å styrkje føresetnadene for at også andre aktørar som er involverte i forsking, men som ikkje er underlagde forpliktingane i forskingsetikklova, opptrer i tråd med anerkjende forskingsetiske normer. Dette er i sin tur eit premiss for at samfunnet skal ha tillit til forsking. FEK vil vidareføre dialogen med KD om korleis dette ansvaret best kan takast vare på.

Erfaringane etter eitt år med koronaforsking viser oss at forskingsetiske normer kjem under press i krisetider. Mange av dei grunnleggjande forskingsetiske normene – mellom anna informert samtykke – har vore hyppig drøfta, og enkelte har teke til orde for at det forskingsetiske rammeverket bør reviderast. FEK ser at nytteverdien ved forskingsprosjekt også lettare kan overdrivast i ei krisetid, nettopp fordi behovet for kunnskap er så stort. Det er viktig at dei forskingsetiske normene heile tida blir diskuterte og brotne mot konkrete saker og utviklinga i samfunnet. For å sikre tillit til forsking også i tida som kjem, er det viktig at diskusjonane rundt eventuelle unntak og revisjonar av forskingsetisk rammeverk er gjenstand for breie og opne diskusjonar.

Forsking involverer i aukande grad internasjonalt samarbeid. Dette får implikasjonar også for forskingsetikken, då standardane kan variere frå land til land, eller samarbeidet i seg sjølv kan innebere forskingsetiske utfordringar. FEK ser at samarbeid på tvers av grenser er viktig for å styrkje arbeidet med forskingsetikk, og vil i åra som kjem ha auka fokus på denne typen samarbeid for å kunne oppfylle samfunnsmålet om etisk god og ansvarleg forsking. 

Evna som FEK har til å nå fastsette mål på kortare og lengre sikt, blir samla sett vurdert som god. 

Årsrekneskap 

Stadfesting

Årsrekneskapen er avlagt i samsvar med føresegnene om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krav frå Kunnskapsdepartementet i verksemds- og økonomiinstruksen for Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK). Vi meiner at rekneskapen gir eit dekkande bilete av dei disponible løyvingane, dei rekneskapsførte utgiftene, inntektene, eigedelane og gjelda til FEK. 

Rekneskapen til Dei nasjonale forskingsetiske komiteane blir revidert av riksrevisjonen. 

(Sjå årsrapporten som pdf med vedlegg for meir informasjon om rekneskapstabellen).